Lesto (Gard)

Frå Selje.info
Versjonen frå 19. juli 2010 kl. 08:59 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Lestogardane (5 bruk) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust mot Eide. Det er eit svært frodig område, men også dels svært tungdrive, o…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Lestogardane (5 bruk) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust mot Eide. Det er eit svært frodig område, men også dels svært tungdrive, og berre ein av gardane er i drift no (2010).

Folket her hadde fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget og. Det er fleire gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Det var dei mest eigna stadene å setje landnota, og ein kunne mest alltid rekne med å få "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året, men det viktigast var vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og vest av Stad, og storsild. Farfar min fortalde etter sin farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der båtane låg) og var ikkje heime att før etter fjøsstellet. Eit hardt liv for dei, men korleis det måtte opplevast å vere gard/fiskarkvinne i storhuslyd med naturalhushald i denne tida skjønar ein knapt i dag.

Kvar Lestonamnet kjem frå og kva det tyder er usikkert. Jakob Aaland seier i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar oppgjennom tida, jfr. m.a. Arthur Lesto: Ei slekt gjennom 350 år. I dag er tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå desse gardane. Lesto, Listhaug og Listou.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av Lestoneset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Munkebrygga", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte vere munkane på klosteret på Selja som hadde prøvd seg på eit eller anna prosjekt.

Diverse biletstoff o.a. om Lesto på [1].

19. juli 2010. Ola Lesto