Ord og uttrykk V - X

Frå Selje.info


Vansam(e) (vere) D.s.s. å vere kresen, men er eit negativt ord.

Om personar som ikkje likar maten etc.

Varle (å) Uklår tale. Medvitslaus / svak / uklår.

“Hanj va helt varlinj i måla”.

Vassfløde (ei/eit) Om flaum og store vassmengder.
Vasshagl Ikkje eigenleg hagl, men frose regn som likevel er

så blautt at det vert knust ved nedslag.

Vass-sele (ein) Berereiskap. Profilert trestykke ein hadde over

nakken/skuldrene. Togstump i kvar ende, med krok til å hekte i vassbytte/melkebytte m.v.

Veine (å) Rote seg bort / vere usikker. “Hannj må ha veina

seg vekk”. “Noke te veining”.

Veir (ein/eit) 1. Saubukken kalla vi veir.

2. Og vi snakka om ”veir og vend”.

Veit (ei) D.s.s. grøft. T.d. “dæleveita”, “veiveita”.

“Å ta ei veit”- eller “å veite ei -”: D.s.s. å grave ei grøft.

Velte (å/ei) 1. Sjølvforklarande.

2. I ei “velte” kunne t.d. vere høy, riven eine eller greiner (ved). Den hadde “rasjonell” storleik for å velte ned bakkane og til gards.

Vevreid(e) (ein) D.s.s. vevstol.
Vikje (å) Tømrar/snikkaruttrykk. Om ”å setje opp ei sag”.

Td. tømmermannsblad. Nytta ei spesiell tang for å få tennene til å peike - annakvar - til kvar si side.

Vinde (å/ei) Å vinde eit nyste med tråd/garn, men og:

1. Omlag d.d.s. jønse, men mindre. Difor som t.d. i dorgevinde. 2. Brukt og om borereiskapen: ”Borevinde” Vindedør (ei) Utbygget i øvste høgda på sjøhus. I utbygget var hjulet (vinda) som var hovuddelen av heiseinnretninga i slike hus (buder).

Vindstirr (ein) Falken som ”står stille” i lufta.
Vinnje (ei) Tilnærma det same som ei onn (som ikkje vart

brukt hos oss). Mest brukt om ”vårvinnjå”.

Viske (høy) (å) Ta høykroken > drive den inn i stålet for å dra

ut tustar med høy som så vart bunta saman i høveleg ball/rasjon. Enkel å ta til fjøset og til krybbene. (Meiner å hugse at ”visk” er d.s.s. dott).

Vode (å/ei/ein) O/å-lyd.

1. Prat -tomprat. “Hanj bærre voda”. “For enj vodele”. 2. Når småsei droga og sprala på fjorden: “Dar æ ei voldele småseidevode bort på”.

Vodel (ein) Staden der ein kryssa bekken/elva.

Men og karaktristikk på ein pratmakar. Sjå våle.

Voldele Veldig/voldsomt/særs mykje.

“Da va et voldele lass”. “Hanj åt voldele”.

Volende (ein) Uttrykk frå slaktinga. Når ”spiserøret” på dyret

vart kappa vart det heitande ”volendinj”. Viktig å lage knute på den så ikkje gor kom på kjøtet.

Vorr (ein) (O/å-lyd). Dei opplagde steinkantane (murane) som

danna ”støda”. Sikkert avleidd av ”vor”, d.s.s. ”ra”. (Stein/grusrygg).

Våle (å) Samanhengande/vedvarande prat/tullprat.

“For et vål”. Sjå og “sod” og ”vodel”.

Vårbære (ei/vere) Om ku som skal kalve om våren.
Vårjæle (ei) D.s.s. fregne. Det var ordet farfar/farmor brukte.

Samsett av vår og jæl, men eg har inga aning om tyding eller bakgrunn. Kan hende fregnene tok seg opp med vårlyset? Vere ”vårjælete”.