Anonym

Endringar

Frå Selje.info
4 byte lagde til ,  4. oktober 2016 kl. 20:29
s
inkje endringssamandrag
}}
Lesto, gardsnr. 64 i Selje kommune har 5 bruk og ligg på nordsida av [[Moldefjorden]]. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på bruk nr. 2 no i 2010, og dette bruket haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 5.
Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har mest felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Fjellområdet var vel utnytta i eldre tid, og ein ser t.d. restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda.