Flatraket skule

Frå Selje.info
Versjonen frå 18. juli 2010 kl. 13:19 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Før Flatraket skule vart bygd var det i søre del av Selje kommune omgangsskule slik som andre plassar i kommunen. Ca. 1915 var første skulebygningen på Flatraket bygd. Denne bygningen stod der som idrettslaget sitt klubbhus er i dag.

I 1958 var dagens skulebygg ferdig. Når dette vart teke i bruk var det i tillegg til barneskule også framhaldsskule.

Sjølv om barnekulla har vorte mindre med tida, har antallet elevar vore nokonlunde stabilt på Flatraket skule. Grunnen til dette er at fleire andre skulekrinsar har lagt ned eigen skule og elevane vore flytta til Flatraket. I 1966/67 vart først Sandvik og Nordpoll krins slått saman med Flatraket. I 1972 vart og Rundereim krins lagt under Flatraket. Skulebygget var då litt lite, så det vart sett i gang arbeid med eit påbygg til skulen. Dette vart tatt i bruk hausten 1976.

I 1996 vart også skulen bygd om for å kunne ta i mot 6-åringar som då skulle begynne på skule. Samme år vart også Barmen skulekrins lagt inn under Flatraket.

I dag er det ca. 56 elevar på Flatraket skule, og skulen har 1. til 7. klasse. Etter endt 7. klasse forset elevane på ungdomsskule på Selje skule