Ord og uttrykk Ø - Å

Frå Selje.info
Versjonen frå 13. januar 2011 kl. 00:22 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Category:Språkhistorie {|border="1" |- |'''Øn(e)''' |(eit/å) |Tull / vås: ”Kor du øna”. Sjå også “røn”. |- |'''Øt(e)''' |(ein/å) |Sivilisert ord for …»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Øn(e) (eit/å) Tull / vås: ”Kor du øna”. Sjå også “røn”.
Øt(e) (ein/å) Sivilisert ord for å “drite”. (Overfor småborn):

“Ska vi setje oss på pottå å øte” (el. “kokke”)? “For enj store øt(e)”!

Øyk (ein) D.s.s. bokmål “øk” -d.v.s. hest. (“Øyjkjinj”).
Å bli opp i ikkje Farmor sitt uttrykk om aukande skrøplegdom.

Så vel om menneske som om tilhøve elles.

Åbølinj (vere) Oppøst/oppskjørta/støyande.
Åfått (vere) ”Da va’kje møkje åfått mæ ’nå”. D.s.s. at det var

ikkje så vanskeleg eller plagsamt for – eller mykje i vegen med han.

Ål (ein) 1. Fisken sjølvsagt.

2. Om groen på poteter. Potetål. 3. Om det ”stillståande” bekksystemet i myrterreng. Vi hadde dette namnet på noko av bekkane ved Lestovatna. 4. Om ”teikningar” på fjorden - som vart oppfatta som eit varsel om regn.

Ållj try (talet 3) O/å-lyd. Minner om engelsk. Farfar og farmor ville

seie t.d. slik: ”Dei hadde tre pæne onga, mæn dei va helt utskjæmde (bortskjemde) å(o)llj try”.

Åløkje (eit) Noko stort og svært: “Et åløkje ’a enj bil”.
Ångel (ein) D.s.s. ”angel” – (fiskekroken).
Ånke (å) D.s.s. å ynke seg, men og brukt om å “attelete”.

“Ånke på”--”.

Åsn(e) (å/eit/ein/ei) Oppøst / nyfiken / uroleg.

“Enj go åsn(e)”. “Noke te åsn”. „Ka du åsna itte“?

Åt Brukt om mark/snylteinsekt i matvarer. Men og om

fiskeyngel som vaka på fjorden.

Ått/åtte (av verbet å eige) ”Dei åtte --- ” (eigde). ”Denj so konnje ått---”.
Åttafær(e) (ei) Åtferd/oppførsel. “Æ slikt noke te åttafær”?

“Ka ditta æ for slags åttafære”?

Åvate Om retning. D.s.s. ovanfrå el. oppe frå.

T.d. “Dei kom åvate fjellja i går”. Vi hadde og: (“Synnjate”, “norate”, “vestate”, heimatte”, nedatte o.s.b). “Ned atte” = d.s.s. ned igjen, medan “nedatte” eller “nad’atte” tyder nedanfrå. Om lag same gjeld for dei andre omgrepa.

”Åvertyl på tolljerinå” Far sitt utrykk. Direkte oversett: ”Overtulling på

tulleriet”. Om leiande personar som etter hans meining utmerka seg særskilt negativt, uansett stilling og stand.