Albanuskyrkja

Frå Selje.info

Albanuskyrkja er namnet på kyrkja som var ein del av "klosterfirkanten" i Selje kloster. Tårnet som i dag er restaurert og står på klosteret er det som var kyrkjetårnet på Albanuskyrkja. Murane frå skipet på kyrkja er og framleis der.

Albanuskyrkja er og kjend under fleire andre namn gjennom historia. Andre namn vi kjenner er og Mariakyrkja og Kristkyrkja. Grunnen til desse fleire namna heng saman med historie, tidsepoke og funksjon for kyrkja. Bispekyrkjene i Noreg var kjende som Kristkyrkjer. I den tida Selja var eit av tre bispesete i Noreg var Albanuskyrkja dermed kalla Kristkyrkja, eller hovudkyrkje for bispesetet.

Albanuskyrkja er bygd som ein del av klosterfirkanten på Selje kloster. Dette er ikkje unikt for Selje kloster, men heller ein vanleg måte å bygge klosteranlegg. Ei slik klosterkyrkje er vanlegvis bygd saman med tilstøytande fløyer av klosteranlegget, og utgjer normalt den nordlege sida av klosterfirkanten. I midten er det vanleg med ein klostergård. Klosterkyrkjer er som vanlege kyrkjer plassert i lengderetning aust-vest, på en slik måte at koret i kyrkja vender mot aust.

Det er heller ikkje berre benedikterklostera som var bygd på denne måten. Det er kjent at det og var bygd etter same mønster hjå cistercienserane, fransiskanerane og dominikanerane.

I 1497 vart Selje kloster etter mange dårlege år slege saman med Nidarholm under same abbed, og dermed lagt ned som sjølvstendig institusjon. I historia sluttar spora etter klosteret i 1522, då i ei rekneskapsbok for kongsgarden i Bjørgvin. På same tid, under reformasjonen, vart og dei fleste andre kloster oppløyst. Ein del av klosterkyrkjene vart overtatt av protestantiske menigheter. Eksempelvis var Bergen domkyrkje opprinneleg fransiskanerane si klosterkyrkje. Sjølve klosteranlegget er reve og borte.