Hove (Gard)

Frå Selje.info
Hove1.jpg
Foto: Marcus Wøldike Noodt, 1866
Bruka på Hove
Bruk nummer 1 Prestegarden (Bruk)
Bruk nummer 2 Grytting (Bruk)
Feste nummer 1 Hove festenr 1
Feste nummer 25 Hove festenr 25

Hove (Gnr 56) er hovedgarden i bygda Selje. Heile garden er betre kjent som Prestegarden frå gammalt, og omfattar det meste av det som i dag er Selje sentrum. I dag er det mest naturleg å bruke namnet Prestegarden på bruk nummer 1, området der prestebustaden ligg.

Innanfor Hove er det i dag ikkje relevant å snakke om ulike bruk (sett vekk frå Prestegarden), men heller ulike delar av garden der det i dag er bebyggelse. Deler av 56/1 har og vore festa vekk til bustadstomter. Under ligg ei oversikt over desse.

Nabben er det som er kjent som Selje Sentrum. Her har handelsstanden helde til sidan tidlege tider med ei naturleg plassering mot sjøen og hamna i Selje. Her har vore både post og bank opp gjennom tidene, men i dag er det først og fremst COOP og gamle "Handelslaget" som domierer. "Handelslaget" rommer i dag blomsterforretning, konfeksjonsforretning og Selje Trevare. I tillegg er og gamle skjortefabrikken, i dag ei samling av offentlege kontor, ein dominerande del av sentrumsbildet. På ytterste tuppen av Nabben, Nabbetangen, er det bygd nybygg med leiligheter.

Frå Nabben og i retning av Selje kyrkje strekker Seljesanden seg langs sjøen. Området ovanfor Seljesanden har vorte betegna som "Skogen" [/skojen/], "Skogaveien", "Ut onde skojen". Området består av Øvstevegen og Nedstevegen. Omlag midt på Seljesanden ligg Selje Hotel. Rett nord for hotellet finn ein gamle sjukeheimen og gamle gamleheimen på kvar si side av vegen. I åra 1970-1991 husa Anfinn Elde også posten i kjellaren sin i første huset i Nedstevegen.

På den andre sida av Nabben ligg Holmaneset og Holmavika. Byggefeltet ovarfor dette området er Haugane (Storehaugen). På sørsida av Haugane, med grense mot gardsnummer 59 Reidet ligg byggefeltet Reset.

Nordaust for Haugane ligg Selje skule, og vidare nordaust herifra Røysabakkane. Røysabakkane ligg med grense mot gardsnummer 58 Hamre langs fylkesvegen nordover Sandvikeidet.

Og i tidligare tider var det vanleg å snakke om fleire ulike delar av bruk nr 1 Prestegarden (Bruk). I folketeljinga frå 1910 finn vi følgande nemnt:
"Selje prestegaard Hove (gaard)" (med til saman 18 registrerte bebuarar)
"Nabben under Selje prestegård" (med til saman 26 registrerte bebuarar fordelt på 4 bustadar)
"Holmen under Selje prestegård (plads)" (med til saman 4 registrerte bebuarar)
"Klokkervik under Selje prestegård (plads)" (med til saman 10 registrerte bebuarar fordelt på 2 bustadar)
"Rese under Selje prestegård (plads)" (med til saman 5 registrerte bebuarar)
"Røisen under Selje prestegård (plads)" (med til saman 3 registrerte bebuarar)
"Klokkergården under Selje prestegård (plads)" (med til saman 6 registrerte bebuarar)
"Tunoldpladsen under Selje prestegaard paa Seljeøen (plads)" (med til saman 9 registrerte bebuarar)
"Skomakerpladsen under Selje prestegaard paa Seljeøen (plads)" (med til saman 6 registrerte bebuarar)
"Flåtepladsen under Selje prestegaard paa Seljeøen (plads)" (med til saman 8 registrerte bebuarar)


Bildegalleri

Eksterne lenker