Språkhistorie

Frå Selje.info
Versjonen frå 11. januar 2011 kl. 18:42 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (→‎F - J)

I denne kategorien kan ein finne informasjon frå historia rundt språket og daglegtale i Selje. Dette kan vere jamvel både gode historier frå lokalsamfunna som ord og uttrykk som har vore brukt i daglegtalen.

Ord og uttrykk frå ei faren tid

Dei lever framleis - nokre av dei berre såvidt kanskje - desse litt særeigne, men for oss rett så velkjende orda som så mykje har farga forståinga vår av tilværet og utviklinga vår. Raust har dei vore med og vist oss samanhengar, og medverka til vår oppleving av, og førestillingar om kvardagen sin rikdom og om livet sine mange sider. Høvesvis vert eit og anna av dei enno brukt av oss. Ein del av dei er kanskje også eksklusive for gardane her. I alle fall knyter eg nokre sterkt til personar og karakterar eg hugsar, men mange av dei er nok velkjende i andre bygdelag og - og dei kan vel dessutan finnast i ulike ordbøker. Og skulle dei ikkje vere så spesielle, så vil eg likevel ta til å skrive ned dei eg minnest - slik eg meiner å hugse dei herifrå, og freiste å vise uttale og konteksten deira her på Ytre Lesto. Eg legg ikkje inn noko øving på djuptgåande filologiske og semantiske forklaringar og tydingar. Til det har eg ikkje nok adekvat kunnskap.

I vår dialekt har m.a. vokallyd og endingar så mykje eigenart at mest heile talemålet gjerne kunne listast opp som spesielt. Slik er det vel eigenleg i store deler av bygde-Noreg. Særdrag å nemne hos oss kan t.d. vere nj og nje-endingane på hankjønnsorda. Sjølv om dei kanskje ikkje var brukt heilt konsekvent, var dei likevel rimeleg vanlege, som t.d. i “enj mannje”. Og apropos hankjønnsord: Når vi t.d. meiner å seie at ”han har sko på den andre foten” - så seier vi: ”Hanj ha sko på hinj fota”.

Eit anna døme er vokalen o. Som t.d. i “rone” i bosserone (vår variant av busserull), og i “ole-mose”. Her ligg uttalen mellom “o” og “å”, medan “o” i “bosse” har vanleg o-uttale. Vidare at “u” stort sett vert -o- slik at t.d. “tuftene” vert “toftinje”- at “e” ofte vert “æ” o.s.b. Så er det altså alle “inj”endingane då - og halvemåltendensane. Det fins ikkje bokstavteikn nok i alfabetet som gjer det mogeleg for meg å illustrere det eg meiner å høyre så vel i all denne “talemusikken”.

Farfar Ole sine foreldre kom begge frå Lesto. Far hans her frå garden (br.nr. 1). Mora Johanne ætta frå bruk nr. 5. Farsslekta har vore på garden i nokre generasjonar, jfr. onkel Arthur si bok, så farfar og min far vaks begge opp her på bruket. Farmor Alette kom frå Klokkarvikja/Nabben med aner m.a. frå Skårbø. Mor vaks opp på Berstad med foreldre røtte frå Barmen og Nordpoll. Som unge var far og mor utanfor heimen på respektive landbruksskule og husmorskule - noko som kanskje kunne verke på deira språkføring, men i alle fall vart summen av gardsfolket sitt talemål vårt ungane sitt også dei fyrste leveåra. I kva grad vårt talemål vart/er farga av moglege særdrag frå dei ulike gardar, bygder og tradisjonar har eg lite meiningar om. Men at det finst særdrag i talemålet bygdene imellom kan ein høyre enno i dag.

Sjølv om talemålet vårt sikkert har eit meir eller mindre spesifikt eurasisk ”urområde” så har kontinuerleg intern utvkiling over tid, og påverknad frå andre kulturområde gjort sitt til det målet vi oppfattar som vårt. Frå keltisk og angelsaksisk t.d. som i “livr” og “timbr”. Russisk og anna austeuropeisk påverknad er og velkjend - i alle fall sidan vikingtida. I tillegg ser vi trekk frå dei gamle verdsspråka gresk, arabisk og latin sjølvsagt. Språket sine vandringsvegar er mange og har ingen ende, så dei fleste talemål har absorbert ulik påverknad gjennom all tid. Men at målet vårt har sitt eigenlege opphav ein stad i farne tider, og nok har sitt mangslunge opphav frå ulike eksotiske himmelstrok tek eg altså ikkje med meir om her. Men kanskje kan vi seie at språket på Island er tilnærma vårt - som det var for om lag tusen/femtenhundre år sidan.

Så sterkt lokalprega dei enn kan verke gjev einskildord - av grunnar som nemnd - assosiasjonar om andre språk. Og sjå t.d. på vestlendingen. Om enn solid rotfest i kyst og fjordkultur, så og fyllt med rastlaus utferdstrang og svært så representativ i fedrelandet sine maritime tradisjonar frå gamalt. Dermed vart han og ein typisk mottakar og formidlar av impulsar og inntrykk frå omverda - både nært og fjernt - også språkleg.

At ulik kunnskap og skrivedugleik etterkvart vart meir og lettare tilgjengeleg og vanleg for folk flest gjorde og sitt til raskare utvikling /endring; no kalla ”modernisering” av talespråka.

Noko som fell i minnet mitt er vår lokale språklege kreativitet. Gutungane produserte ulike uttrykk, (sjå t.d. om ”jæpe”). På garden vart det også brukt mange spesielle ord for å omtale “skit og lort” på ein pynteleg og “fin” måte. Det fanst og “godkjende” fyndord og uttrykk i rikeleg mon, men desse høyrde vi ikkje nytta av foreldra våre. Kanskje var det for at ungane ikkje skulle leggje seg til mindre ønskverdige talemåtar av etiske årsaker. Eg trur årsaka var eit medvite ønskje om ein viss intellektuell standard i uttrykksform frå mor og far si side. Kanskje hadde slik omtanke óg religiøse overtonar. Her på garden vart vel resultatet noko tvilsamt uansett - ettersom farfar ikkje brydde seg særleg med omskrivingar: Ein drit var ein drit. Kva skulle den no elles vere?

Same ordet kunne verte nytta i svært ulike samanhengar, og kunne ha fleire underliggjande tydingar. Nyansar i lyding og tyding varierte etter brukaren si sinnstemning og situasjonen der og då, og eit ord kunne difor like lagleg nyttast i skjennepreiker som i koseprat.

I minnet kan einskildpersonar verte knytt sterkare enn andre til ulike ord. Har ein evne til å ordleggje seg vektig, og kanskje dominerer i eit avgrensa univers, vert språkbruken gjerne særskilt oppfatta og leiande for omgjevnadane - som tek etter. På det jamne rådde nok innvånarane her på bruket likevel over felles vokabular, men her som andre stader vart det brukt det med ulikt skjønn og med vekslande varsemd og finesse.

Det er kanhende “tolljfære” å ta seg føre med ei liste som den som følgjer nedanfor. Likevel: Talemålet er så mykje av ein sjølv, og har forma så mykje eins liv og levnad at eg synes det fortener forsøk på eit lite “minneskrift”.

Dessutan: I ei tid der heimlandet har hengd seg uhemma på ei aksellererande endringstakt, og det er ei globalisering av dei fleste tilhøve og omgrep, ”modernisering” av kommunikasjon og informasjon ikkje minst, verkar vårt eige nasjonalmål - som er eit minoritetsmål - og særskilt dialekten - å bli ein taparar. Dette fører til endå raskare utvikling (les: endring) av talemålet. Våre ord og vårt mål passar ikkje heilt inn lenger. Andre mål (ikkje minst engelsk) ”finn opp” nye ord og definisjonar for oss raskare enn vi sjølve. Med ei både nostalgisk og vemodig kjensle finn eg at det truleg er det på høg tid at “minneskriftet” vert realitet.

Eg tek ikkje med ord som t.d. “infruense” - som eg tykte dei sa - når influense var nemnd i gamle dagar. Eller at eg oppfatta “ofsedrope” som “oksedrope”. Følgjeleg må det seiast at det som vert presentert ikkje har garanti for at eg har høyrd, oppfatta - og no attfortel rett.

Det er og som alt nemnd uråd å attgje alle nyansar talemålet kan ha i einkvar situasjon. Ein del apostrofar og ytterlegare markering kunne nok hjelpe, men det får eventuellt kome til seinare. Eit ord tyder elles gjerne det ein vil det skal tyde - der og då, og tolkingane kan difor verte mange. Slik har det vel alltid vore i alle lokale talemål, så vel som i nasjonaltalemåla. Det er eit viktig omsyn å ha i mente når ein skal lære andre språk. Det er mykje ein bør kunne ”om folk og land” for å oppfatte eigenleg meining bak orda.

Når eg tek med nokre såkalla utnamn på somme personar tyder ikkje det noko negativt frå mi side. Det er berre ei konstatering av at slik heitte dei mann og mann i mellom - når dei sjølv ikkje var tilstades i alle fall.

Dei beste kjeldene eg kunne nytta i denne skriveøvinga er diverre borte no, og minnet må freiste å gjere sin eigen innsats. Eg har inspirert meg sjølv etter beste evne, m.a. med ein gjennomgang av: K. Muren 1989: “Stadnamn på Lesto”, Arthur Lesto 1990: “Ei slekt gjennom 350 år” og bror min Leif si ”Kvardagsliv på Lesto” frå 1994. Elles er det meste basert i nokre få eigne tilfeldige notatar og mitt eige meir eller mindre truverdige hugs.

Eg vonar at eg i samråd med syskena mine med tida vil få lista ”så lang som råd”, og takkar på førehand for medverknad. Det kan vel verte eit gjeremål utan ende, for i minnet dukkar dei jamt opp - nye “gamle” ord og uttrykk frå daglegtalen her på Ytre Lesto, og eg lyt sitere Søren Kierkegaard om dette å ha historia med seg og vedkjenne seg den:

“Livet må leves forfra men kan bare forstås bakfra”

Den gode Kierkegaard sine ord gjeld oss alle og einkvar. Det som hamna i “ryggsekken” vår - ordet ikkje minst- er av den varige “formuen” vår, og det er ein svært vesentleg del av oss sjølv, for sjølvforståinga vår og personlegdomen vår. Endå om vi utviklar oss heile tida er denne ballasta medgrunnlag for tankane og reaksjonane våre, våre oppfatningar og draumar, og for eksponeringa vår i livet sine mange og ulike samanhengar. Og dessutan:

Kanskje kan eit ord eller ei strofe - som t.d. her - vere med å løyse ut nye minne som vil supplere tankegodset vårt, og dermed ytterlegare kunne bidra til verifisering av tilfang til soga om dei som budde - og som ættar frå Ytre Lesto.

Solvoll, Ytre Lesto 1998 – Myrabekkveien 13, Ålgård 2010
Ola Lesto


Ord og uttrykk

A - E

Brothest (ein) O/å-lyd. Vørlaus/finesselaus i fysisk arbeid el. handling. Sjå ”brosse”. Bruna/bruninje Sjå ”himmelsjå” Vi må få saudinje opp på bruninje”. Brye (ei) Foringstrauet til grisen. Hest, ku og sau hadde “æte”. T.d. “Ned i hestætinje”. Høns hadde “krybbe”, men og her vart “æte” brukt. Brykkje (å/ei) D.s.s. “brothest”. Tankelaus, klønete - “brykkjete”. Men og om storvaksen grovbygd kvinne. Brynnje (å) Å gje dyra vatn. ”Brynnje kjynnjå”. Bræde (eit/å) 1. Ekstra papiromslag på bøker (varetrekk). Det var fast regel ved skulestart kvart år at alle lærebøkene skulle leggjast “bræde” på. Vanlegvis laga av hyllepapir eller gråpapir. 2. Smørje tjære på trebåtar. (Vi sa ”kjære“.) ”Kjærebræde færinjgjinj”. Brækte (å) Hos oss “bræka” ikkje sauene, men “brækta”. Sjå “bækre”. Bræle (å/ein/ei) Vise seg fram, kreve merksemd. Oftast negativ tyding (jantelova?). “Hanj for no dar og brælte igjen”. Brænnsnut D.s.s. betasuppe. Skulle vere godt varm. Namnet indikerer det. Vart ekstra god med knokar av tørka kjøt (fenalår/spekeskinke) i. Brøsme (ei) Fisk. D.s.s. brosme. Fyrste fiskeslaget eg lærde å like. Lettsalta, med heimelaga smør og flatbrød var den herrekost. Brøyde (å) Trekkje over/dekkje/spreie (breie) ut. Brukt om å: t.d. “brøyde over seg dynå”, “brøyde høy”, “brøyde møk” o.s.b. Brågn (ein) D.s.s. bringebærbusk. (Brågnebær). Bumerkje Eit konstruert teikn, eksklusivt for ein gard eller eigedom. (Eller ein særskild person). Dette er g.nr. 64, br.nr. 1 i Selje sitt. Eg hugsar det var skore inn m.a. over sidedøra på gamlenaustet, men eg hadde gløymd korleis det såg ut. Nyleg (2001) kom eg over ein gamal navar i kjellaren i ”Gamletunet”. På den er merket skore inn saman med initiala ”L.O.L” - og årstalet 1878. Byrske (vere) D.s.s. streng - nesten sint. ”Æg måtte gjere mæg byrske te ’nå” Byting (ein) Tydinga hos oss som den vanlege. Person som er ugrei, fantete eller kjeltringaktig. Bæje (eit/å) Gjerde, hindring eller handling for å leie/hindre dyr i å gå i spesiell retning. ”Klara du å bæje dei?” Bæk/bækje Far sin variant av å ”ottre”. Slektskap til engelsk og back kanskje – kvar det no enn var kome frå. Bækre (å/ein) D.s.s. å “brækte”. Far nytta “bækrinj” som kjælenamn på “storeveirinj”. Bælla Kallenamn på Bernhard Berge. Bæm(b)le (å) Som eg hugsar det: Om person, drikkemåte. Drikke slike mengder -og så fort- at ein ikkje svel skikkeleg unna. Dette er slik eg oppfatta ordet. Somme meiner at “dæmle” er det rette og einaste -og var brukt også i denne tydinga. Bærr’hauda (vere) Utan noko på hovudet. Brukte også “bærrehauda”. Bæsi Utnamn på kvinnfolk generelt. “Hon va’kje tyde i dag ‘on bæsi”. Bøjinje Skuldrane - overdelen på framlemmene på dyr. Bøle (eit) Om bol. Vi sa bøle. ”- et homlebøle” Også om støyande og/eller uryddige forsamlingar. ”Da va noko te bøle”. Da grynande grand T.d. når ein leitar etter/prøve å få fatt i noko og ikkje lukkast: Då fann vi ”ikkje da grynande grand”.(Ikkje noko så stort som eit gryn eingong). Dalge (å) D.s.s. å slå. (Dælje) ”Hanj dalga te ’nå”. Dalk (ein) D.s.s. klump. Nytta så vel om t.d. ”grøn” som om skit og lort. Sjå og ”lark” og ”klakje”. Darholet Eit av orda vi fann opp. Vart fort kjend med at ”rævahol” ikkje var særleg omtykt talemåte. Dermed konstruerte vi alternativ. Dase (å/) Kjenne seg veldig kald, føle å nesten fryse ihel. Mykje knytt til sjøen, men og på land. “Æg hilt aldeles på å dase”.“Æg trudd’ æg skulle dase”. Dekkja Namn på markstykke på garden. Sjå “Stadnamn--”, Muren, Kari (1989). Depel(e) (ein) Eigennavn på blaut skit, (i vegveita t.d.). Tydde og søledam. Fl. “depla”. (Sjå “dæmbe” og “sjedepel”). Dissa velsigna-- Hjartesukk - der meininga er den motsette. Svært vanleg uttrykk i gardane. Eg hugsar mest at farmor brukte det. T.d. når dyra hadde brote seg gjennom gjerda. “Va da so - dissa velsigna saudinje no i jæn”. Disse (ei/å) Sjå “reie”. Dissa var ein plank lagt over ein sagkrakk el. liknande. Er vanleg leikereiskap den dag i dag – meir føreseggjort – og helst kjøpt sjølvsagt. Ditta D.s.s. det. ”Ikkje rør ditta”. Dobl (eit) Markeringsmerke laga av tre til å feste på fiskevegn. Både for å vise att kvar garna/vegna sto -og kven som åtte dei. Fleire typar. Mindre og enklare i enden mot land. Større i enden ute. På lange garnseter gjerne fleire. Dobla her på garden var kvitmåla m/svarte endar og svart toppmarkering på dei store. Der vart gjerne innskore bumerke og. Dombe Støv i mengder i lufta. “Støvstål”. Spesiellt på låven. Dongedør (ei) Åpninga/luka frå kufjøset til gjødselkummen. Anar ikkje kva som var meint med ”donge”, men kan gjerne vere så enkelt sdom møkadungen. Dons(e) (ein/ei) 1. Lyd (brak) - når noko dett på golvet t.d. 2. Om stor tungfør kvinne. Drabbe (å) Truleg frå svensk? D.s.s. som å verte råka av noko, t.d. uhell eller sjukdom. ”Æg lure på ka so drabba ’nå” (han). Drag (eit) Sjå “drætte”. Å ha ”draje på hestinj”. Draks(e) (eit/å) Bry/plage å drage på/med seg. “Da verte bærre draks”. Dravle «Halvferdig» brim eller gombe. (Når melka hadde «osta sæg» og var tilsett sukker). God mat. Drevje (ei) Samansurium, ubestemmeleg masse. (Ofte om mat ). Kunne elles vere om all slags rot og rotete tilhøve. ”Ka slags drevje du laga te no”? Dritarinj (ein) Respektlaust ord for utedassen. Drog (eit) (Å/o-lyd). Om storvaksne hokjønn, men og om eit skikkeleg huskors el. plagsom og travel kvinne. Elles om t.d. tunge sledar /vogner og båtar/farty. Droge (ei/å) (Å/o-lyd). D.s.s. stim. “Makrelinj droga ne’før landa”. Om folkemengder i gater o.l., og også t.d. om ein bunt snår eller høy som vart drege avgarde. Dront(e) (å/ein/ei) Somle. ”Ka du dronta ’te(itte)?”. Sjå “søyme”. “Enj drontel(e)” = somlekopp/etternølar. Dryfte(maskin) (å/ei) ”Dryfte” er ein del av den gamle treske-prosessen. Vår “maskin” er laga av far. Auste korn oppi. Ved sveiving og følgjande vibrasjon og vifte vart restar av “agne” og støv ”blesne” frå kornet. Apparatet er framleis på ladehjellen.. Drætte (eit) Sjå drag. Dei “lause”skjækene som vart nytta til horv og plog. “Få drætte på hestinj”. “Hekt drætte på horva”. ”Du grønaste tid” Uttrykk som truleg held på å gå ut av bruk. T.d. ”Du grøne tid for et veir”. ”Du grønaste tid for enj fart hanj hadde”. ”Du søtaste Skar-Æli” Ein av farmor sine variantar av: ”Du store tid” eller “du godaste”. Eg skaffa meg aldri greie på om ho Æli var ei verkeleg kvinne, eller berre var dette munnhellet. Dynd “Innhaldet” t.d. i ein “depel” eller ei “dæmbe”. Svært finkorna blautmasse. Dæ (ei) Ugrasplante. D.s.s. “då” -som er skrivemåten idag. “Allj dænå nedi åkra”. Dæle (ei) ”Dælå”: Vassposten i tunet heime. (Rennande vatn ). Fyrsteklasses “slobbeplass” for ungar. Skylleplass for vasken og henteplass for alt vatn før det vart springvatn innahus. Særs praktisk i slaktetida. Farfar var nøye med å sjå til at tilsiget til brønnen i bakkane ned for torvhuset var i orden gjennom året. “Dæla” vår har m.a. overløpsvatn frå den som noko av vassføringa. Dæm(b)le (å) At vatn renn over ein kant. T.d. “ripa” på fullasta båt, eller inn i noko anna flytande som dermed fyllast med vatn. Dæmbe (ei) Vått/blautt/sølete markstykke. Kunne ikkje ta hestereiskap ut på det, ville i såfall bli berre “depel”. ”Enj slo dar knapt i støvla”. Også namn på eit markstykke på 64/1. Sjå Muren, Kari: “Stadnamn---” (1989). Døke (å) Frå far. Sjå og ”karnafle. Utrykk for å vinne over eller fysisk ”gje inn”. På fotballbanen t.d. eller i annan kampsamanheng. Døn – Døne (eit –å) D.s.s. å drønne. Meiner å hugse at farmor brukte det meir enn resten av husstanden. ”Kor da døne”. Ordet kjem sikkert frå dansk. På Bornholm er ein dal dei kallar Døndalen. Ein foss der lagar ”døn” i regnver. (Vi har også Dønfoss i Skjåktraktene) Dåse (ein) Lite skrin eller øskje. Men og om pusleri og om uønskt smålåt. Når ein t.d. åt lite nærande mat åt ein dåsemat, eller ville bli ”enj dåse”. Også nytta i trydinga pyse. Egnahus (eit) Sidetilbygg til styrehuset på fiskebåtar der karane kunne sitje litt i le å egne opp line. Egne (å/vere) 1. 1. Trad a)Vere skikka. ”Egne sæg te”. 2. b) Eins eige, ”våre egne”. 3. 2. Setje agn på fiskekrokar. ”Egne line. Ei levande olokke Om person forfylgd av uhell, så vel som om fårlege folk. Einekaje (ein) Einerbusk. Kaje d.s.s. brusande buske. Eitel(e) (ein) 1. Lymfeknute (i dyretalg). 2. Om person: «Enj go eitel(e)». Plagsam, påståleg, strid, sta og provoserande person. Uthaldande ertekrok. Egse (seg) (å/eit) D.s.s. å øse/hisse seg opp. Har kanskje samanheng med ekstase? ”D’ækje noke å egse seg slek opp over vel”. ”Opp i egse”. ”Vere i et ekse”. Elde (å) Å slipe ljå og knivar på turr slipestein. Skulle slipast til eggja vart glødande (blå). Stålet vart då noko mjukare og var lettare å slipe opp med bryne. Dette vart gjort etter trong og minst ein gong i slåttetida.
Abærr (er/vere) Tyder at markene er snøfri. Vere abærre.

”Markjinje æ abærre no”. ”Ska tru om da bli abært dinnje vekå”?

Agne (ei) “Hamsen” på kornet - etter at den var

var sortert frå i treskjeprosessen.

Ambar (ein) Bøtteliknande kar laga av trestavar. Rundt, m/lok

og handtak. Varierande storleik - opptil om lag 10 liter. For oppbevaring av føderåd etc. Sjå “klokk”.

Andeleis D.s.s. onnorleis.
Andøve (å) Å halde båten stabilt i ro i vind/trekk, eller å ro den

i dorgefart. Om sakte symjande fugl. Og også om person - å gå/flytte seg sakte.

Ansam(e) (vere) D.s.s. å vere tidlaus. Ha det hektisk, travelt. (”Ha da ansamt”).
Anselaus/løyse (vere) Tankeløyse. Distraksjon. ”Haudelaust”.
Assa Korting for mannsnamnet Asmund.

Vi hadde ei tid fem av dei samstundes i Seljebygda og Moldefjorden: ”Assa dal” (Djubedal), ”Assa hy” (Nøstdal), ”Assa sprell” (Rasmusson Hamre) og ”Assa skrobb” (Andreasson Hamre - på ”Skrobbehaua”), og så han Asmund i Salt.

Assaløvinj Kjælenamn på Aslaug. ”Løvinj” vart og mykje

brukt. Ei av naboane: Astrid Persdtr. Berge vart til dagleg kalla ”Ass”. (”Honn Ass”). Hjå oss var nok Ass/Assa berre ei folkeleg korting for personnamn som byrjar på As.

Ata dosa Meiningslause ord eigenleg. Mor og far meinte at

Åse på Berstad kalla seg dette då ho tok til å snakke, men eg trur det kan vere babyspråk for ”Åse sine sko” (e.l).

Attaføre / atte føre (vere) Begge tyder bak.

Attaføre er å vere bak nokon. ”Gå attafør/e nokinj”. Atte føre: Bak om - forsvinne – t.d. som: ”Sola jikk atte føre-”.

Attegløyme (ei) Brukt om godt vaksne, ugifte kvinner.
Attegådde (vere) D.s.s. tett. T.d. om tette veiter og rør.

Og om personar: Dum åtferd t.d. “D’æ so attegått at ’a ligna ‘kje grisinj”.

Attelege (ei) Nysådd grasmark. Bar namnet fyrste slåtteåret.

Kanskje lenger og, for eg hugsar at kultiverte markstykke utan spesielle namn kunne verte heitande ”attelegå” i årevis. Sjå og ”lege”.

Attelete (å) Tenkje på/engste seg for noko.

“Æg atteleta so på hånå opp’å fjellja”. “Æg atteleta på klæsvaskinj so hænge ute”.

Auskjer (eit) Reiskap å ause vatn ut av båten med. Kunne vere

bøtte eller spann, men det var gjerne den spesiallaga reiskapen av tre som bar dette namnet. Truleg avleidd av “ausekjerald”?

Avreide (ei/å) D.s.s. skjennepreike. (Sjå og “reksle”/”kjylpe”).

”-- gje ’nå (el. ånå, hinnje, dei”) ei avreide”.

Avs(k)jorta (vere/verte) D.s.s. skjorteblaut, søkkvåt, sveitt, sliten.
Avøyde (å) D.s.s. å slå i hel. Spesiellt om å måtte kvitte seg

med mykje buskap.

Bánj(e) (lang a) (eit) D.s.s. barn. “Bánj”, flt.“bonnj/bonnjå” (o/å-lyd).
Barke (å) Ordet kjem kanskje av ordet bork.

1. Barke garn (fiskegarn). Impregnering. Hugsar ikkje oppskrifta, men det vart laga ein ”lake” på ulike typar av bork frå lauvtre. Når denne var ”utgått” putta ein bomullgarna oppi for nokre døgn. (Då blåstein vart tilgjengeleg i ein periode vart den nytta). 2. Liknande lake av bork var nytta i prosessen når ein laga ler av storfehuder, då kalla garving. Hudene vart lagt i slik lake ein periode for at pelsen skulle kunne skrapast av.

Barkje(inj) (ein) Farfar/farmor brukte ordet om delen av luftrøret

som ligg i halsen (strupehovudet). Mest om dyr, men og om menneske,

Barrvase (ein) Flokar av alle slag. Rot.

I overførd tyding og om mental tilstand. “Da vart bærre enj barrvase ta heile greiinje”.

Be(g)jé (å) Etter det eg kan hugse nytta farmor dette ordet i

tydinga - å måtte slutte med--. “Hannj måtte bejé heile-----”.

Beine (ei) Ei teneste. Mest brukt om ”oppgjer” av

takksamskuld.

Beire (vere) D.s.s. betre. Og brukt som ”Trøste og beire mæg”.

”Beire enn---”. Ø har ø/y lyd.

Beitel (ein) Kile av jern. D.s.s. meisel. (Ved/steinkløyvar).
Belág (eit) Fortøyingstampen i båten / færingen.

”Du får ta belaje”. (Å beleggje, setje fast i-).

Belåtinj (vere) D.s.s. å vere forsynt. ”Æg æ so væl belåtinj”.
”Ber mæg no heim atte” Etter farmor. Omlag d.s.s. “Ha’kje haurt på

makjinj”, eller “d’æ da vest’ æg ’a haurt”.

Berebåre (ei) To paralelle staurar, omlag 2 m. lange, med 5-6

bordendar (omlag 75 cm.) spikra tvers over. Høveleg å bere t.d. klippfisk el. fiskegarn på.

Beride (å) Etter farmor. Om å holde ut, makte, overleve.

“Da va so vitt dei beridde”.

Bete (ein) 1. Om mat: T.d. smørbete/fiskebete/sildebete: Ulik

mat lagd på flatbrød - med eller utan smør - gjerne med skiver av kokt potet opp på - og med meir flatbrød på toppen. 2. Om bjelkar: T.d. i låven: “Betanje”, som hjellen ligg på, og øvst i berekonstruksjonen der er ”hanebetanje”.

Bisne (å/eit) D.s.s. å følgje nyfiken med/sjå på.

Eit bisn. D.s.s. ”storhende”.

Blande (ei) Sjølvsagd tyding, men her om farfar sitt namn på

innhaldet i spannet han alltid hadde med seg i i slåttemarka. Blanding av myse/vatn eller saup/vatn.Han sveitta veldig og drakk gjerne 2-3 liter kvar økt.

Blek(e) (å/eit) Varsel/signal. Gml. kommunikasjonsform. Ei

avtala varsling. Når vi t.d. ønskte å snakke med dei på Berstad la vi eit laken godt synleg i bakkane el. på granhekken. Same ordning andre vegen. Det kunne elles tyde det ein avtala det skulle tyde. “Sjå itte blek”. ”Sjå om dei bleka”. Sjå og ”ræde”.

Blesme (å) Om sau i brunst. «Blesmesaud».

Verane “bronda”. (”Graveir”).

Blålamb (eit) Lam som ikkje voks skikkeleg og gjerne var noko

puslete og magert. Om det levde over våren trengdes det ekstra foring før hausten. Haust og vår kunne det vere “blåsykjeveir” som tok hardt på helsa til desse lamma.

Blåsegryn Vår nemning på det som no er ”Puffet hvete” o.a.

”cerials”. Den fyrste eg hugsar i heimen var: ”Gylne havrenøtter”.

Bode(anje) (ein) O/å lyd. D.s.s båe/flu. Hos oss og nytta som

spesifikt særnamn om skjera i Saltasundet.

Boffel (ein) Far sitt uttrykk - etter Ryst-Anders. Ein som er

toskete og tankelaus - i tale som i åtferd. “Boffelaktigt”.

Bokkje (ein) O/å-lyd. Stor, rørsleg kar. (Troll).

“Litt ‘a enj bokkje”. (“Enj store prylert”).

Boknasild “Torresild”. Etter tørking i 2-3 veker var den nok

boken/bokna og klar til koking. (Snaddermat). Silda var sløgd, kappa hovudet av og vrengd med skinnsida inn. Deretter tredd på stenger og hengd til tørk i låven . Sjå og ”kobbesild” og Leif sitt innlegg på Lesto.no.

Bol(e) (ein/eit) 1. O/å-lyd: Plagg. Ulloverdel - om undertøy.

2. O-lyd: “Liggeunderlag” for husdyr i båsar og “garar”. (Høyrestar/halm/lauv/sagflis/mose). Sjå “pondeprøysle”. Men og t.d. om uryddige soverom - og 3. om humle, kveps og ormebol sjølvsagt.

Bolse (å/ein) O/å-lyd. “Prate med store store bokstavar” el.

skryte. “Du må ‘kje bolse slek”. ”Enj bolsar”.

Bolstr(e) (ein) O/å-lyd. Liggeunderlag i seng. Halm-madrass.

(I bruk t.d. av farfar fram til omlag 1960). Og brukt om vattmadrassar av og til.

Bosserone (ei) O/å lyd i ”rone”. Arbeidsjakke av dongeri.
Bostyvel(e) (ein) Om ein person med “piggane” ute.
Botel(e) (ein) O/å-lyd. Brukt om kjerald, skål, krukke, bøtte o.s.b.

Til å ha/oppbevare ulike ting i. Truleg av ”butelje”?

Brennjenot (ei) D.s.s. “brennenesle”.

”Not” (o/å) i denne samanhengen kjenner eg ikkje tydinga av.

Bresjle / bretlje (ei) Av å breie. Noko å ha over seg når ein ligg.

T.d. eit teppe / pledd. Ordet brukt når noko skulle dekkjast til: “Ha ei bresjle øve ‘ånå”, ”da” el. ”hinnje”.

Brim D.s.s. prim. Her på garden laga av m.a. myse/saup.
Bronde (å) Om ver i brunst, oftast nemnt som ”graveir”.

Sauene ”blesma”.

Brosk (ein) Pannehår. Uryddig hår.
Brosse å/ein O/å-lyd. Omlag d.s.s. brothest.

Vere fysisk uvøren. Tidlaus. (Brossete).

Brot (eit/ein) O/å-lyd. Mange tydingar: Om brot av bein, kvist

etc. er ordet sjølvagt. I vårt mål også om kant eller fald. T.d. “sokkebrotet”. Men og ”brotinj” i låven. ”Høybrotinj”, den delen av låven der ”høystålet” låg. -Også i omtale av skjennepreike: ”Dei fekk opp i brotet”. -Om å ta nybrot eller torvbrot t.d., -og om sjø/bårebrot mot land. -Om knust glas: Glasbrot.

F - J

Falljinj (han) Utnamn på ein kar i Djupedalen. Også kalla ”Bakkefalljinj”. Visst nok i slekt med ”Bakkesævala” (Sigvald Dybedal) Fantefillje (ei) Jente som hadde gjort ei prette. Sjå og “tikse” og “kjellje”. Fantehít (ei) D.s.s. ”fantefillje”. Feisel (ein) Spesiell sleggje/hammar å slå på minebor med. Vart og nytta i saueslaktinga. Fengje (fængje) (ei) Ordet er truleg avleidd av ”fang”. Om høyet ein greidde å handtere i ein gong - eller i eitt rist - og henge på hesjestrengane - ei ”fængje” - eit fang med høy. Men mengda vart avpassa etter utsiktene for ver/vind, grovleik på høyet og - storleik/styrke på den som rista ”fængjinje”. Det vart mange fengjer i ei ”hæs”. Og brukt om t.d. ein bunt kvistar etc. Firle (å) Pusle med / fingre på . Fjelge (å) Stelle seg. Fjelge seg. Vere ufjelga. Fjose (å/ein) O/å-lyd. Sjå og ”brosse”. D.s.s slurv. Ikkje vere så nøye / tidlaus. “Enj fjose”. (Eg var velkjend med ordet). Flage (ei) D.s.s. ei ri. T.d om feber. Flakje (ein) Plattform/plate av trevyrke. Avleidd av ”eit flak”. Flekkje (ei/å) 1. Stor/vid sak. (Flak) “Ei fæle flekkje ta --”. 2. “Flekkje fisk(e)”. (Etter sløjing). Fline (å) Flire ekkelt / frekt / lurt /dumt. Vanleg uttrykk: “Hanj sto bærre å flein”. Flogge (ei) (O/å). Hinne. “Dar låg ei flogge mæ is idag”. Flyge (å) Om ku i brunst. «Flogkjyr». (Å fly i lufta var å fyke). Flæde (ei) D.s.s. flu/båe Fløs (eit) Ø skal ha ø/y-lyd. D.s.s. ”flass”. Men ordet vart og brukt om noko/nokon som var smått/små og spjælete. Follje (O/å). Om lag d.s.s. å vise att. T.d. i ulik arbeidsaktivitet. ”Da follja ’kje noke ditta farr”. For(e) (ei/å) O/å-lyd. D.s.s. fure (treet) – men og om ei “potetefor/e”. Sjå “hyppe”. Med o-lyd: fleire tydingar: Fore t.d. dyra og fore ei kåpe. Forstokka (vere) Om person som er oppfatta å ha eit heilt upåverkeleg (og vrangt) syn på/meining om ulike saker og ting. Fram-å-haude Falle/ramle/snuble framover. Men og nytta i overførd tyding om hastverk som medfører klønete åtferd, eller slett resultat. Gå på trynet med andre ord. Fre (eit) Lokale variant av frø. “Grasfre”. (“Frei” var farfar/farmor sin variant). Frege (å) Heil sikkert i slekt med no tyske ”fragen”, for det tydde å spørje eller vere nyfiken. Freksempel Vår variant av: “For eksempel”. Fross (ein) D.s.s. hankatt. Fræk(e) (vere) Uttrykk for t.d. kor dårleg ein ser ut, eller om veret: “Hanj va kje fræke idag”. “Da ser ikkje frækt ut mæ veira”. Fuke (ei) Om ver (byge), og om sinnerier hos personar: “Hanj va ei go fuke ute no”. “Hanj hadde ei litt ’a ei fuke”. Fyke (å) Vår variant av vb. å flyge. «Dei fyke høgt idag». Om svalene fauk høgt skulle det love bra for godt ver. Fyle (ei/ein) Lovleg skjellsord. Mest om dyr som ”oppfører seg feil”: ”Honsfyle”, ”di fyle”. Fyse (vere) Mest om tøffe tilhøve. “Da va’kje fyse”. D.s.s. “Da va’kje spøkeri”. “Han æ’kje fysinj ut i”. (I havet). Føre (eit) Raptus/ri/føre. “Galneføre”. Sjå og ”ræmpe”. “Hanj hadde et føre idag ijæn”. Brukt om mange ulike situasjonar. Få oppi brotet “O” i “brotet” har o/å-lyd. Om å få kjeft. Gamlelesto ”Hanj Gamlelesto”. Eit av namna som vart nytta om Anders Listou. (I ”Låna”). Eit anna var ”fanjunkeren”. Han hadde teke underoffiserkurs i ungdomen. Gane (å) Vri hovudet av småfisk. Mort og sild spesielt. ”Ganemort” = mort som er liten nok til å kunne vri hovudet av. (Gane har vel med svelg/hals å gjere vil eg tru). Gare (ein) Bingane dyra sto i. (Vi sa ikkje ”binge” - anna enn om ”potetbengje”). “Saudegare”, “smalegare”, “grisegare”. Garfjøs (eit) Løe/fjøs knytt til beite/utmark. Gisne el. jisne (å) Når båtar eller kjørel av tre turkar ut. Det motsette av å ”trutne”. Å vere ”jese”, d.s.s. som å ha utette samanføyingar. Gje len (å) Ta pause. Stoppe eit bel. “Han ga’kje len”. Om arbeid - og t.d. mas frå ungar. Glæ (vere) Om manét-liknande tilstand. Sleipt / ekkelt. Gnaldre (å) Farfar sin variant av å gneldre. (D.s.s. snaldre). Gnalljpining (ein) Ekstra kald vind. Også ”enj pining”. T.d. om ”skjellje”. (”Berstadskjelljå”). Sørausten frå Berstad haust og vinter. Gneke (å) Gni (gneid/gneka). “Gnikke” var og brukt. Gnellje (å) Om høglytt og høgtona munnbruk. ”Ka du gnellj’ itte”. ”Hon gnallj veldig”. (Gnaldre). Gnue (å) D.s.s. å “gneke” intenst. (“Gnue og gnikke”). Go(d)stevenninj “Kjærlegaste” ordet eg høyrde far brukte til mor. Det var litt “flaut” å bruke intime ord som “elskling” om nokon høyrde på. Dette var hans godord til mor tett og ofte. Golv (eit) 1. Sjølvforklarande. 2. Mellomromma mellom staurane i ei ”hæs”. Gombe Til lefse. Vår variant var “Nordfjordgombe”. Kalla t.d. “søst” eller “gome” i andre deler av landet. Laga av søtmjølk. Kvar gard/bygd har gjerne sin spesielle oppskrift. Sjå og “brim”. Gople (ei) Uttrykk “Mil” nytta mykje. Om lag det same som dynd og depel. Men han nytta det om all slag blautt samansurium. Gops Impulsiv / tullete / klønete åtferd. Gjerne med “minusresultat”. “Gopsefakte”. ”Gopseri”. Gor (eit) Slakteavfall (innvolar). Gorme (å) O/å-lyd. Uttrykk for å ha mykje å drive med -gjerne “skjetarbeid”. “Da bli å gorme mæ idag”. Gorp(e) (ein/å) D.s.s. å rape. Gor-rotinj (vere) Ekstra stor latskap m.a. (Sjå “rotinj”). Men og om heilt øydelagd treverk, øydelagd føderåd etc: “Gorande rote”. Gotbore “O-ane“ har o/å-lyd. “Avløpsåpninga” på fisk. “Got” kan kanskje tyde “skitt/avføring, og “bore” er då truleg d.s.s. hol/åpning. Det spørs vel om ordet ikke kan ha med å gyte å gjere, for det skjer i same ”kanal”. Gov (eit) Om t.d. ver og vind, støv og “dombe”. Ver: “Da sto gove ta ‘nå ront novinje”. Graps(e) (å/ei/eit) Reiskap til åkerbruk (4 tindar) (til å hakka/grave med). Men og brukt om t.d. “grapseveir”. D.s.s. dårleg ver. “Hanj æ grapsinj ute” Greide (eit/å) 1. “Rommet” mellom skjækene. Sjå “skåk”. 2. “Greide ganj”. D.s.s. å gjere fiskegarna klar for setjing i båten direkte - eller frå eit ”trog”. Greinalaus (vere) Farmor sitt uttrykk. D.s.s “hankelaust”. “Aldeles greinalaust”. Grese (vere) D.s.s. ”glissen“. “Da va grese i kjerkjebænkå i dag”. ”Potetåkrinj såg gresinj ut”. ”Gensarinj va strikka altfor gresinj”. Griddig(e) (vere) Grådig i meininga gjerrig. Grigg Kallenamn på Gregorius Kjøde på Eide. (Morfar til Grete Ertresvåg). Groe (ein) Av vb. å gro. Brukt om “auga” på setjepoter, om algevekst på båt under vasslina, og om mose/vegetasjon på vegger, murar etc. Gro-hækjinj (vere) Ekstra svolten eller grådig. (Sjå “hækjinj”). Forstavinga “gro” må tyde ekstra, stor eller mykje i denne samanhengen. Grovt hækjinj (“Grovelæ”). Grolapp (ein) D.s.s. frosk. Gromm(e) (vere) Kjekk / grei / snill. “Grommegutinj vår”. “Gromm-onjgje”. “Da va grommt”. “Gjere sæg gromme”. Grovelæ D.s.s. veldig. Sjå “grøtelæ”, “gruelæ”. I Rogalang seier dei ”grævlig(t)”. Grovere Bakker Symaskinen vi fyrst hadde i hus. Eg har ikkje kontrollert at namnet vert skrive slik. Kanskje er “Bakker” med “ck”. Gruhæntele(g) (vere) D.s.s. ”stort”. – Om både storleikar og hendingar. T.d. ”Da va et gruhæntele rabalder”. Gruelæ (vere) Som “grøtelæ”. Men mest brukt om meir store eller dramatiske tilhøve. Gryle (å) Sjå “ryle”. Græle (ei) Om vind - svake vindkast. “Noragræle”, “synnjagræle”. Grøn (eit) D.s.s. deig. Brødeig, flatbrødeig. Grøt og gronnj Variant av ”gard og grunn”. Alt ein eig. Grøtelæ (vere) Svært/veldig/gyseleg. Som: “Grøtelæ store”. Gust ei/eit Vindpust. Som i engelsk der ”gust” tyder rose eller kast. Gådde (vere) D.s.s. sliten. (Gåen). Men og om å ha gått avgarde. “Dei æ gådde”. Gå i mola (å) ”o” har o/å-lyd. D.s.s å gå sund. ”Denj jikk i hondrede mola”. Gått (ei) Mest brukt som ”dørgått”. Det er nedre del av dørkarmen. Den vi stig på. (Terskelen). Ha tamp i land Eit uttrykk farmor nytta om å ha beina på jorda. Hal(v)kjylping (ein) Litt sleisk karaktristikk av ein vi meiner trur (for) stort om seg sjølv, el. er udugeleg eller for liten. (Jantelov?). “Æ! Hanj æ bærre enj halkjylpinge”. Halvsole (å) ”Hallsole” som vi sa. Om å legge nye sålar på sko. Spesielt tilverka sålelær vart nytta.Verktyet var i skobenken. Skokniv, rasper, sylar og ferdig bekatråd. Skobenken var rikholdig utstyrt. Der var tråd, bust og bek og ”treskopinnar”, ”pinnehammarinj” og skolestene. Hallj(e) (å/eit) 1. Stå skeivt, helle/lene. 2. Og brukt om å “hallje seg ned på”. D.s.s. å ta ein middagslur t.d. 3. Få “et hallj”/”et stygt hallj”. D.s.s. å verte redusert/alvorleg sjuk. Halt (ein) „Slå halt“. Leik. Sjå Leif si minnebok. Hamle (å) Om lag det same som å meistre/greie. T.d. i konkurranse: ”Dei hamla ’kje opp mæ ’nå”. Hamleband (eit) Til å halde årane på plass i keipane på færingen. Tradisjonellt laga av tæger (røter av einer). Seinare vart nytta tauverk - el.“tog” som vi sa. Hammarsløyvå Stadnavn Løyve her tyder eit lite markstykke. Oppe på ”Hammara” el. ”Hammarsløyvinje”. Hams (ein) “Blomsterblad” - rundt hasselnot t.d. (Sjå “agne”). Og brukt om omfangsrike kle i ulike høve. Handeklåde (ein/ei) Mest om ungar sine ”nyfikne” fingrar. Om å fingre med ting ein kanskje helst skulle la i fred, eller plage/uroe andre i deira praktiske gjermål. Handred (eit) D.s.s. som rekkverk/gelendar på trapp. Hardenavar(e) (ein) Tøffing / seiging, omlag d.s.s. «enj kreste». Brukt i både positiv og negativ samamheng. Harpe (ei/å) Her d.s.s. som fiskereiskap. Taum m/fleire “ångla” over blysøkkje. “Å harpe småseid”. Hasalje (ein) Truleg d.s.s. “asal”. Tre m/frukt lik store rognebær. Smakar ikkje surt. Er eit i kvia. Hastige (vere) Ha dårleg tid. “Du må’kje vere so hastige”. Om både tanke og gjerning. Hattefok (eit) Ha det bråttom / vere tidlaus. “Da va no noke te hattefok”. Haustbære (ei/vere) Om ku som skal kalve om hausten. Hedningekjæringane Farfar sitt “namn” på misjonforeninga farmor deltok i. Om han meinte det eller ei veit eg ikkje sikkert, men han gav uttrykk for at slikt var bortkasta tid og ressursar (sjølv på kveldstid) når ein hadde ein gard å drive. Hegde (å) Tøyle lystene og energien. ”No må de hegde dåkke”. T.d. når ein gjekk uhemma laus på beste maten og drikken -eller såg ut til å få/ta for mykje av begge deler. ”Konjkje hegde sæg”. Hekjel(e) (ein) Lang, hengslete/ulenkeleg type. (Gut/mann). “Enj långehekjele”, eller “enj långe hékjel(e)”. (Jente, sjå “jøyle”). Hekke (ei) Frå farfar, farmor og ”Mil” sitt vokabular. Ei hekke er d.s.s. hylle. Fritthengande på vegg eller ei hylle i skap. Sjå ”hillje”. Helljekake Laga av grov brøddeig, klappa flate til asjettstorleik -og steikt på helle, eller komfyrplate. “Natronkake” var omlag det same, men her var natron hevemiddel. Begge smakte ekstra godt nysteikte -med smør og sukker på. Hennj (ein) I Trøndelag t.d. vert visst sagt ”hein”. Er ein særs fin brynestein. Mykje brukt til finsliping på høveltenner og anna snikkarverkty. Herkje (eit/å) D.s.s. hindring/gnag -spes. om mekanikk. “Dar æ noke so herkje”. Hesjestøde (ei) Staden/lina der hesjene gikk. Ingen veit for sikkert kor lenge staurhola hadde eksistert, men dei vart leita opp att år etter år etter år. Hikre (å) “Hikre å læ”. Omlag d.s.s. humre og le, men hikring er meir lått enn humring. Hillje (ei) Eit av våre ord for hylle. Sjå ”hekke”. Himmelsjå Fjellbruna mot himmelen. “Æg såg dei i h--”. Hirre (å) D.s.s. å øse opp/terge opp. “Ikkje hirr so opp hondinj onga”! Eller t.d. “Hirr i hop”! som var å hisse til dåd (slåsting). Hitt D.s.s. “det andre“. T.d. eitt og hitt“. “Ikkje ditta – (men) hitt“. Hjell (ein) D.s.s. hems. Hos oss på låven. Og om landskap. ”Hon Amalia (på) hjella”. Hoga (vere) Lysten på. Ha lyst til. Hogbet (plage) Ekstra stor spytt/væskeutskiljing i munn og svelg. Må truleg relaterast til fordøyelse- eller mageplager. Kliing, gulping/spytting. Ein periode var far plaga av dette. Vel eit lokalt uttrykk? Kanskje frå hug på -eller det motsette. Hokk (eit/ein) O/å-lyd. Krok / lite rom / krypinn. Eit “hokk”. “Enj huke”. “Bort i hukja”. (Hook?). Hon Kraftuttrykk. Erstatta ”f-ord”. Hond (ein) 1. Hund. 2. Ilesteinen som vart brukt når færing/båt skulle leggast ute. Hondinj de’ - el.: ta/hoppe/pitle) Aksepterte kraftuttrykk. “No må de hondinj pitle mæg gje dokke”. Hondinj i valt Langt avgarde. Hondinj å mannj Omlag d.s.s.: “Søren og” (eller vel så det). Hondinj å mora S.s. “hondinj å mannj”. Honn D.s.s. “ho”. (Hannkj.“hannj”, inkjekj. “da”). På Berstad høyrde eg “honnj”. Honsel (ein) Hund. “For enj honsele”. “Honsfyle”. Horre (å) “Dei horra”: D.s.s. å rope hurra. “Dei horra på”: D.s.s. å arbeide/herje godt, hardt og lenge. Var og brukt om festleg lag -(“horraliv”, spetakkel). Hott (ein) Liten hund / kvelp. I godprat med hund: “Lisjehooottinj haanj”. “For enj nyyydelæ hotte”. Hovd (ei) Ellipseforma “ring”- helst av av einegrein/vidje, men og av metall (samanbøygd “byttehank” t.d.) -plassert i midten på “børetoje”. Var naudsynt for å stramme “toje” gjennom, og å feste det i når ein skulle lage gode “ryggjabøre” eller ei ”velte” av t.d. høy eller greiner/kvist. Hue (ei/å) 1. Hovudplagg. T.d. “skinnhue”. 2. Hoie. “Dei hua på ‘nå”. Huk (ein) D.s.s krå el. ”sjygn”. Sjå og “hokk”. Husere (å) Sjaue, ståke, stresse, holde leven med. “Slutt no mæ dinnja huserijngjinje, onga”. Hute (å) D.s.s. kutt ut - eller “gje dæg”. “Du må hute dæg”- el. “Hut dæg”. Huttetu På folkemunne: Lensm. Halvard Moldestad. Hykje (å) Menneske/dyr som vantrivst. T.d. framtoninga når ein må stå ute, med eller utan ly, i surt ver. ”Saudinje sto å hykte opp’onde granå”. Hylkje (eit) Kjerald for væsketransport. Forma til å bere på ryggen. Kunne romme 8 – 10 liter. Brukte det på melketuren til “Bakkelada” i mi tid. Tidlegare også i fjellet. Var prima å ha med i bærplukkinga i marka. Hynnje (ei) Hjørne - både om inn og uthjørner. ”Da va ei hynnje som sto ut”. Men og om ein bit av. ”Ei hynnje ta - ”. Hyppe (ein/å) ”Fore” (o/å-lyd) poteter med ein spesiell plog, “ard” el. “hypp”. For at molda skulle legge seg rikeleg over potetene. Dempa og ugraset.Gjort eit par gonger før potetgraset vart høgt nok til å dekke jorda rundt planten. Med forlite mold over potetene vart dei “solbrænde”. Hypsje/hybsje (å) Slenge opp/rundt. Med ein baby t.d. “Du må’kje hybsje slek mæ bánja”. Hyrg Eit av far sitt favorittutrykk om tull(prat). “For noke hyrg”. Hytte (å) Å true nokon – t.d. med løfta hand eller stav/kjepp eller anna remedie. Hækjinj (vere) Veldig svolten/grådig. (både om mat og andre goder). “Da va no noke te hækn”. “Hanj va grøtele hækjinj”. Sjå ”grohækjinj”. Hæmping Positivt. Kraftfullt. Om innsats/fart/energi. “Da jikk for follj hæmping”. Hændelse (ein/eit) D.s.s hending sjølvsagt, men og om styr og ståk etc. “Da va no noke te hændelse.” “For et hændelse”. «Du hændelse i værinje»! Hærig(e) (vere) Brukt om fleire forhold. Vere sterk. Modig. Tåle kulde/kaldt bad. Altså motsett av å vere pysete. Hæs (ei) D.s.s. ei hesje. Hæse (å ha) Når leppene vart turre og vonde hadde vi “hæse på lippå”. Høkert (ein) Grådig person. ”Økonomisk uttrykk”. Om lag det same som ”Ågerkarl”. Høvre (eit) Del av hesteselen. Metallbøyle der seleputene og seleskiene var festa. (Er berestykket mellom seleskiene -over skuldra til hesten). ”Håke speielinj dé” Farmor sitt favoritt-kraftuttrykk. Håling (ein) Om ein person - oftast mann hugsar eg - som var veldig flink til eit eller anna - eller mykje. Hånk (ei) Omlag d.s.s. eit knippe. T.d- brukt om nokre fiskar tredd på hesjestreng. Hånkeløyse Om tull og galskap. D.s.s. “greinalaust”. “Da va helt hånkelaust”. Hånå el. “‘ånå” el. “’nå” D.s.s. han. “Bort mæ hånå el. ånå, el. ‘nå--”, = borte hos han. Hårgar (ein) Om håret. Mest brukt om det var for mykje av det eller når det var utryddig. ”For enj hårgare”. Hårre -- de (kraftuttrykk) Det var berre å sette inn – vurdert etter trong og stemning t.d.: brennjande, hængjande, hespande o.s.v. Iljkjer (eit) D.s.s. kråkebolle. Ordet nyttast visst i daglegtale på Færøyane den dag i dag. Illje/Illt (av ille) 1. Vere sint, irritert, sur. 2. Utrykk for å ha (fysisk) vondt. “Va da illt”? Illjelidelse (et) Eg høyrde det nytt berre i samband med lydar av ulikt slag. ”Da va et illjelidelse å høyre på”. Ilåt (eit) D.s.s. pølseskinn. I slaktetida vart tarmar frå heimeslaktet stellt og nytta til dette. Mor sydde dei og som posar av smørpapir eller av innpakningspapiret på margarinen. I mola (vere) (O/å lyd). D.s.s. å vera i stykke. Øydelagd. I mylljå (vere) D.s.s. i mellom. ”Innj i mylljå”. Isel D.s.s. ”melke” i sild. Brukte den saman med rogna i sildeinnmatkaker. Godt. Is(s)pen(e) (ein) Heimelaga spekemårpølse som inneheldt m.a. ister. Vanleg “morpylse” (o/å-lyd) hadde ikke så mykje feittstoff. God halvspeken og dampa- saman med pinnekjøt. Issa Vår versjon av ”æsj”. ”Issa då”! ”Issa mæg”! Iste (å) D.s.s. Å gidde. “Æg ist ikkje meir”. Liknande ord: “Idst”, “iddest”, “jidde” er kjende Itte D.s.s. etter. Ofte forsvinn fyrste halvdel av ordet slik at ein mest høyrer berre ”te”. T.d. ”Ka du dronta ’te”? ”Jakken” Utan unntak var dette namnet på hundane vi hadde på garden i min oppvekst. Jar(n)staur (ein) D.s.s. spett. Jeilane (geilane) (stadnamn) Strandområdet i ”Hammarsvikskoja” – litt aust for huset til Rolf Hove, der folket frå indre Moldefjorden hadde støer/landingsplass på veg til kyrkje og kjøpmann - før vegen kom. (Saltaranje og Moldestadarane rodde naturleg nok til ”Reidet”). ”Geil” trur eg er d.s.s. (inngjerda) sti eller rås, og det er nok tydinga for vår bruk av dette ordet og - sjølv om eg ikkje kan hugse staden inngjerda.. Jeldsaud (ein) Sau som ikkje hadde teke lam. (Ikkje hadde blesma ). Brukt om krøtter generelt også: “jeldkratur”. Jidde (å) D.s.s. å lee på. Ved rydding av (stor) stein o.l. Og brukt om eller lealause saker. ”Da jidda””. Jisne (å) D.s.s. å verte turr og glissen. (Motsett av å “trutne”). Jol (ein) Plante. D.s.s. “Hundekjeks“. Julebass Daglegnamn på naboen - kunstmålar Julius Cæsar Hartmann i Hartmanngarden. Jupe (ei) Vår versjon av klungerfrukta. Jygr (sjukdom/plage) D.s.s. “Jøger”. Verk i musklar og skjelett, spesielt i armane. Jøger/jygre var vel ei mytologisk trollkvinne med dels dårleg ry, så namnet er sikkert velvald det. Jysje Sladder / rykte. “- har haurt jysje om at -”. ”Dar går jysje om at--”. Jæpe (ei) Overmodig og nedvurderande guteuttrykk om jente. Det måtte hoverast sjølvsagt. Kan hende var ho for pen for oss? Då hormonene vart anatomimedvitne konstruerte vi dessutan for ytterlegare fynd og klem ordet ”lårjæpe”. Jærme (å) D.s.s. jamre/bræke. Om sau som brækar sårt, lenge og vel. Og om folk som syter og klagar i eit sett. Jømr (ei) D.s.s. gimr (eitt år gamal sau som ikkje hadde hatt lam enno). Jønse (ei) Ø/y-lyd. Treramme om lag 35 x 25cm. Til å vinde hesjestreng på. Same- men mindre- til dorge- og pilkesnøra. Kunne vere svært fint laga, men svært enkle variantar fanst og. Jøre (å) (Ø/y-lyd). Stramme høylassa fast på vogn eller slede. Sjå “tång”. Også om å stramme ”børetoje” rundt høyet eller kvisten i ”ryggjabørinje”. Jøyle (ei/vere) Høg, hengslete jente. Vere “jøylete”. (Også om hankj.) “Før enj långe jøylete hekjel”. Jøys (ein) D.s.s. sprut. “Da sto jøysinj ta ‘nå”. (Eit visst slektskap med “geysir” kanskje?). Ka i hondinj T.d. for å gje eit spørsmål meir salvelse - som: “Ka i hondinj æ da du finnje på mannj”?! Kabbe (å) Å ikkje orke meir. Ikkje nødv.vis så dramatisk at ein fell om, men at ”det stoppar opp”. Men sjølvsagt har ei kabba om ein ligg i kaldakolinje. Kaldakolå Kald eller medvitlaus tilstand / død / halvdød. “Hanj låg i (eller ”va i”) kaldakolinje då dei fannj å’nå”.
Fallj (eit) Båe eller flu under sjøoverflata. Sjøen bryt der.

Mest brukt om båar/skjær i/langs skipsleia. M.a. del av leia på Stadhavet. ”Falljå”.

K - O

Kale (kalinj/kala) (vere) Gamalt, svampete eller ”mumifisert” treverk. Ikkje eigenleg rote. Det er meir ein variant av tørrmorkning kanskje. Kammar(e) (ein) D.s.s. skit, men mest brukt om “mannjelort”. Det var mange ord for desse “restane”. “Kork” var brukt på nokre gardar (Berge). Farfar forenkla det heile til “mannjedrit” - uansett kor mykje gonger farmor sa “sssjh”. Kams (ein) Slags “klubb”- ”ballj” til fisk. Inneheld fiskelever. Vart gjerne servert saman med (og i kjeften på) kokte torskehovud. Kar (ein/eit/?) Grei tyding kva gjeld person av hankjønn og t.d. balje/kokekar. Men og eit av spørjeorda våre. saman med ”hænn”/”hænne”/”helst”. ”Kar dei va hæn/hænne”? ”Kar dei jikk hæn?” Karnafle (å) Eit humoristisk uttrykk for å kjempe, å knekke eller prøve å vinne over nokon. ”Sjå te å karnafl’

ånå”. Kaste (å) Sjølvforklarande, men og brukt om å fiske med not. Å kaste = å setje ut nota. “Kastenot” og “stængjenot”. (Sjå “stæng”). Det fanst og ”slængjenot”. Kauke (å) D.s.s. å rope. (Ekstra kraftig/støytvis). “Pappalilli” var ekspert på området. Kavl (ein) Overkanten på fiskegarn og not. Der flyteelement som kork, dobl eller glaskuler vert festa. Kjeil (ein) D.s.s. kjel/kjele. “Kaffikjeil”. Kjeip (ein) Anlegget for årane m.a. på nordfjordfæringen. Same for “seksering” (vi sa ikkje seksæring),og “femkjeiping” t.d. Kjellje (ei) Brukt om jente. (Litt positivt ord). Gjerne når ei bragd (prette) var gjord. Sjå “tikse” og “fantefillje”. “Du æ mæg ei go kjellje”. Kjeng(e) (ein) Krampe til å festeopp netting med. Kjerve (å) Snu med rive halvturt høy og lauv som tørkar på marka. Kjesebær D.s.s. kirsebær. Kjete (å) D.s.s. å kitle. “Du må’kje kjete ongjinj slek, hanj kan bli stamme ta da”. Kjipe (ei) Berereiskap. (å ha på ryggen). Fletta av vidje og i ulike storleikar og fasongar. Dei siste vi hadde her trur eg var etter han “Kjipe-Johan”. Kjylpe (ei) Skjennepreike eller omgang. “Du må ta ‘nå ei kjylpe”. Kjynnjå/kunå Om kyrne. T.d. ”Ha du sett kjynnjå”? Æg får gå å sjå kor da står te med kunå”. Kjære kjerkjefolk Variant av “Bevare meg vel” el. “Nei å nei”. Kjæte Uttrykk for å vere oppøst, kåt, leikelysten. Kjørkne (å) Ø/y-lyd. Få noko i halsen. “Svelje rångt”. Kjørr (eit) 1. D.s.s. tjor. “Kjettinjgjin” eller “toje” ein tjora dyr med ute. 2. Om kjerr. Eit område nord om Lestovatnet vart omtala som ”opp i kjørrinje”.

Kjøvast (å) Verte kvelt. ”Kovne”. Kjøyne (ei) Punkt/stikk/kvise som klør. Kjøyse (ei) Hokatt. Kunne og verte brukt om jenter / kvinner av ein eller annan grunn. Klabbe (å) 1. Slå til noko/nokon. 2. Når snø/skit bygde seg opp under tresko og ski. “Hanj (el. da) klabba”. Klabbeføre. Klabbedose (ei) Kvinne, stor, klossete, uhamsleg utsjånad. Eit anna brukt uttykk var “Slabbedose”. (Kanskje d.s.s. hankj. “slabbedask”). Kladd (ein) “Innerbleie” for babyar. Laga av gasliknande stoff. Klakje (ein/å) Skitklump.T.d. ei samanfiltring av ull og skit. “Klake sæg”. Så ”dalk” og ”lark”. Klakkjinj Namn på ein “skalle” mellom Berstad/Øyra og Lestoneset. Tradisjonellt bra fiskeplass. Klampe (å/ein) T.d. å komme dundrande inn i treskoa, og om ein trekloss -og om “enj klamp om fotinj». Klatr Kanskje korting av “klattverk”. Men mest høyrd som positivt uttrykk: “Da va’kje noke klatr”. Vanleg kommentar til ein bra prestasjon. T.d. gode karakterar. Kleie (å) Klø seg / klø på. Ha “klåde”. Og brukt om å “kleie” på ting som ikkje skulle rørast. “Handeklåde”. Kleise (å) Tydde både utydeleg uttale av ulike bokstavar. “Kleise på r-inj” t.d.-og - å kleise på, d.s.s. -smørje tjukt/godt på. Klekke (å) Mange tydingar. Tek det med her i tydinga - å ikkje strekke til, mangle: ”Da klekk’ ikkje”. Klekse (ei/ein) Klyse. T.d. utspytta halsslim (krimklekse), og om våt snø: ”Snøklekse”. “Kleksekave”. Klepse (å) Når hesten nappa/glefsa. “Mærra klepste”. Kunne vere ubehageleg nok. Klærk(e) (ein) Æ-lyd. Ein som er flink med hendene. “Hanj va enj heile klærke”. Kli (eit/å) D.s.s. å ha brekningar.

Men og om kornproduktet. Klipp(e) (ein) D.s.s. klepp. Reiskap/krok å huke fisk inn i båten med. Klistr (eit/å/ein) 1. Om tapetklister t.d., men og om sirup eller liknande på fingarne: “Før noke klistr”. 2. Om person: “Før enj klistre”.(Treiging). 3. Klemme flatt / verte klemd (“klistra”). Brukt i og om mange samanhengar. Klivre (ei) Fjellskore eller utilgjengeleg parti i fjellside. “ka de hadde oppi dissa klivrå å gjere”? Klogg (ein) Sko/støvel med tresåle. T.d. om tresko: Treklogg. Klobb Den same matretten som vert kalla m.a. raspeballj el. komle andre stader i landet. Klokk (ein) O-lyd. Samnamn på kjerald av ”berestorleik”. T.d. bøtte/kagge - av tre eller anna vyrke. Klokke (å/vere) Å klukke og le. ”Da klokka innj i elvinje”. Men og om høne i ” brunst”: “Dar æ ei klokke høne idag”. Klongr(e) (ein) Klunger(busk). Klotr(e) (eit/å/ein) Pusleriarbeid. ”Klotre mæ”. “D’ æ’kje meir å klotre mæ” “Du æ mæg enj go klotre”. Klæmbre (å) «Klæmbre seg». (Sjå og klistre). Få ein finger i dørsprekken t.d. Klærk (ein) Ordet har ei offisiell tyding: Boklærd person. Men hos oss om ein som var flink med å få til mykje. ”Hanj æ enj sjikkele klærke”. Kløstre(t) Farmor om Selje kloster: “Ut i kløstra”. Klåde (ha) At det klør. Sjå og “kleie” og “handeklåde”. Klåre heida ”I klåre heida” var eit uttrykk for å vere splitter naken. Det var nytta om spesielt verlag og. Kaldt, og klårt over fjella. Knaltr (ein) Hard liten ting. T.d. umodna eple/plomer,- og ofte om “produkta” frå ”hare maje”. Knas (vere) Om person som ser ”søt” ut. Mest om små born –

mest jenter- som ser smart ut i klesveien. Knoge (å) Streve og arbeide. ”Ka de knoga med”. ”Knoldinj” Utnavn på Arnold Rivertz. Ein gammalungkar som budde hjå Karstein Tonning på Salt. Knorp (ein) D.s.s. kul. T.d knytt til kroppen på menneske og dyr. ”Hondinj ha enj knorp ’på eine framfota”. Eller på treverk. Knorpete. Knue (å) M.a. frå slaktinga. Ein “knua” av skinnet på (det varme) slaktet. (Med knyttnevane). Knøde (å/ein) Ø/y-lyd. D.s.s. Å kna, men og om person. Ein “knøde” d.s.s. somlekopp/kløn/treiging. Kobbesild Sild ein salta lett, kappa av framre del av hovudet, knytte to eller fleire saman i sporden og hengde til dei tørk. Kode Brukt om råmelk. (Melka kua gjev fyrste døgnet etter kalving). Kokk(e) (ein/å) (Tydeleg O-lyd). Sjå “øt”/ “øte“. Kokkelur(e) (ein/å) 1. Koning. 2. Sjå “øt” - (barnespråk). 3. Sitje åleine og spekulere / deppe / filosofere. Kokle(makar)(ri) (å/ein) Positivt: Ein som leitar etter løysing. Spes. om tekniske problem/arbeid. Negativt: Ein som puslar utan å få til noko. Kokse (ei) (O-lyd). Nedsetjande uttrykk om båt. Kole (ei) O/å-lyd. Tran/oljelampe. Hang ei i eldhuset då eg var liten. Etter som eg vaks til forsvann den. (Saman med så mykje anna av varig verdi som gesjefige “handeklåder” nok sette over styr). Kolne (å) D.s.s. å verte kald/kjølast. Kommar (ein) (O-lyd). Konglane på bjørk og selje t.d. Kongelvæv (ein) D.s.s. spindelvev. Koning(e) (ein) O/å lyd. Heilt vanleg strandsnegel(hus) med og utan innmat. Vi knasa dei og nytta innhaldet som agn når vi fiska på “Rystabryggjinje”. Kork (ein) (O/å-lyd). Ordet tyder sjølvsagt t.d. flaskekork og flyte kork. (O-lyd). Eg knyter ordet strekt til Sivert. R. Berge. Han nytta det om ”mannjelort”. Derav utnamnet

”Korkesivert”. Korr (ein) Daglegtale om sauene. “Korrinj”, “korranje”. “Kom korrinj”! “Korremora honn”! ”Korrebæ”. ”Bort mæ korrå”. Korstrollj (eit) Den vanlege nemninga på sjøstjerne. Kovne (å) D.s.s. å kvelast av tett hals. «Kjøvast”. Krakje (ein) Litt stakkarsleg person/type. Sjukleg /svak. Periodisk el. permanent. Krase (å) D.s.s. å knuse. ”Krase koning”. Kratur (eit) Husdyr. (Lokal variant av krøtter/kreatur). Kregde (sjukdom) D.s.s. meslingar. Kreke (å/vere) Tradisjonell. Tyding: Brukt om personar som arbeider/rører seg seint. Sjå og ”krakje”. Også om ein som er vanskeleg/umedgjerleg: “Hanj va so krekete”. Krekse (ei) Turrbusk. Også om problematisk kvinnfolk -eller anna hokjønn ein er forarga på. Som t.d “Kukrekse”. Krest(e) (å/ein) 1. «Streve med arbeidet på doskåla». 2. Både poitivt og negativt. Trottig maur, men og om treg kar. Krisjle (eit/å) Kløe/irritasjon (t.d. i halsen). Og om kjensla av lopper og lus. “Æ syns da krisjla allje plassa”. Krokl(e) (å/ein/eit/ei) Pusle med. Kløne / klønete. Skrøpeleg. Kroppe (å) O/å-lyd). D.s.s. som “å pelle”. “Ikkje kropp deg i nasinje no ijæn”. Krosjl(e) (å/ein/ei/eit) Pusleri/dill. “Krosjleri”- t.d. om rotete eller infløkt skrift og om ”urmakararbeid”. Kryl (ein/å) Brukt i ulike samanhengar. Bak/rygg, men og landskapsformasjon. ”Opp på dinnja kryla”. ”Vere “krylinj”: D.s.s. krokrygga ”Få nedøve “krylinj”: D.s.s. skjenn, dragelse, pryl. “Enj kryle”. Omlag d.s.s: Ein stakkars krok. Kryndige D.s.s. stolt, overlegen ”bratt i nakkja”. Kræde (ei) D.s.s. aure. Vi snakka om “kræde” og “sjøkræde”. Krøbelt (vere) Trangt/smått -både i fysisk og økonomisk tyding.

“Hon hadde da krøbelt”. “Du å du kor krøbelt vi hadde da”. Krøkje (å) Sjølvforklarande. Og om ein/fleire som strevar med eit arbeid – mest ute. “Hanj/dei krøkte mæ da i heile går”. Kure (å) Kose seg. Grave seg ned i dyna t.d. “Liggje å kure”. (“Kokkelure”). Og brukt om ein som ligg og furtar/er lei seg. Kurne (å) (O-lyd). Svekkjast, verte dårlegare, krøkjast. Kvarstess (vere) D.s.s. ein eller anna stad. ”Dæ no vel råd å finnje da enj kvarstess vel”? Kveikje (å/eit) 1. D.s.s. å tenne. ”Kveikje lyse”. 2. Spo/flis/papir/kvist - opptenningsved. “Ikkje hiv da, vi kanj ha da te kveikje”. Kveis (ein) Parasitt i fiskelever og fisk. Kvennj (ei) D.s.s. som kvern. “Kaffikvennj”. “Kvennjahus”. Kvetel (ein) D.s.s. teppe. Mest nytta om ullteppe. Flt. ”Kvislja”. Eit uttrykk nytta om person som var i konstant aktivitet eller om ein rastlaus person var: ”Hanj stogga ’kje på kvetel”. Kvide (å/ei) Å kvi seg. “D’æ ei kvide å bjynde”. ”Æ’ kvide mæg på-”. Kångelkjæring (ei) Vår vevkjerring. Sjølvsagt laga ho ”kångelvev”. Labank (ein) Stokk eller trestykke spikra/bolta som forsterking i trekonstruksjonar. Lade (ei) D.s.s. låve. ”Løde“ var og nytta. Også det norske ”landsmålet” hadde sine danske innslag. Lalle (å) Liggje/legge seg. ”Hanj lalla ei stond”. Land (om) Bruk om ”væta” i gjødselkummen. Men spesifikt og nytta om ku-urin - ”kuland”. Anar ikkje korleis namnet har vorte til, men er kjend og andre stader. ”Hevd” er og brukt om same stoffet. Lark (ein) D.s.s. ”klakje”, ”dalk”. Lask/laske (å/ein/eit) Tyder vist å skøyte/skøytestykke eller også å feste saman. Laskeklove (ein) Skomakarreiskap av tre. Kalla skomakartvinge

andre stader. Ein reiskap å spenne fast skoen i under lasking. (Sying av skinn/hud). Eg trur det hadde med samanfesting av overler til såle å gjere. Ein spende fast skinnbitane i kloven og heldt den mellom knea. Hadde ein i garden. Laskesyl (ein) Skomakarutstyr. Syl til å laske med. Sy saman ulike lerstykke. Var i ”skobenkja” i kjellaren. Latnestrokk(e) (ein) Latsabb. (“--dinj latnestrokk”. Laupar (ein) Fiskeutstyr. Primitiv utgåve av det vi i dag kallar ein ”svivel. Lege (ei) 1. Grasmark, (litt høgtliggande kanskje?. Farfar kalla beitet under plantefeltet for ”leganje”. (”Opp på legå”. ”Opp’i inste leginje”). ”Hanj Sverre Legå”. Her er ”Legå” eit anna namn for ”Låna” i Djupedalen. 2. D.s.s. soveplass for folk og dyr. T.d. ei ”hjortelege”, el. ”hanj hadde hatt legå si dar”. Leiv (ein) Eit ferdigsteikt flatbrød. Flatbrødleiv. Lefse var ”løfse”. Lemete (vere) (“Læmete”). Varsam, fryktsam, puslete, pysete. Leppe (å) Måte å sløje sild på. Kappa hovudet, delte den på langs slik at den likevel hang saman i nakken og sporden. Den vart så vrengd og hengd opp på stenger for å tørke. (Torresild). Leværne (å) Halde leven/spetakkel/bråke. ”Håke speielinj de kor de leværna onga!”. Dette ordet var mest brukt av farfar/farmor, og vart visst etterkvart heilt ute av bruk. Likte (å) Når t.d. ein taburett eller ein sykkel slarka i samanføyingane - då likta det. Limme (å) Demontere ting. ”Slå i mola”. Bryte sund. Om slakt. Partere. ”Lim” (lem) = part/del. Linde (el. med “e”) (å/eit) Surre inn. Strimmel av lerret eller liknande som ein t.d. surra rundt overkroppen når ribbein var brotne. Lisjemannjinj Bror Leif vart heitande så fram mot skulealder. Lisjerystinj Farfar sitt daglegnamn på nabo Anders L. “Pappalilli” var namnet vi ungane nytta mest. Far til Anders; Lars, vart kalla “Gamlerystinj”.

Andre: “Rystajæntinje”, “Rystahondinj” o.s.b. Livr (ei) Det same som lever. ”Okselivr”. Lobbe-Lobb Utnavn på Robert Nøstdal m/drosjebilen. Lod(e) (eit/å) 1. Harpunliknade reiskap å fangste steinbit og flyndre med. Det var ei jarnstang på om lag 60 cm, med 3 - 4 utretta kveiteanglar festa i eine enden, og snøre i den andre. Eit naudsynt reiskap for denne fangsten var og den heimelaga sjøkikkerten. 2. Å kaste noko avgarde. (Etter nokon t.d). “Hanj loda trelappanje itt‘ ånå”. Lodbytte (ei) Frå Berstad. “Lod” i denne samanhengen tyder truleg avfall. Vi sa “toalettbytte” om den emaljerte bøtta med hol i loket. Var “innedo” nattestid, når nokon var sjuk -eller ikkje kunne nå “Keiser Wilhelm”. (Sjå “Ei slekt-”). Lodd(e) (ein) O-lyd. Heimelaga tøffel av ull. “Tova” og forma for hand til filtliknande hylster. Vart gjerne påsydd skinnsåle. Sterkt/varmt produkt. Logge (å) D.s.s. å lugge. Og brukt om “å logge ugras”. Logn (ei) O/å-lyd. Om roleg (kortare) bolk. Mest om ver og vind. ”Ei stillje logn”. (Kan hende avleidd av det svenske lugn). Loke (ei) O/å-lyd. Stengsla på smalfjøsdøra t.d. Trekloss festa på døra. Vridd utpå karmen er døra att. Kanskje avleidd frå lukke/låse. (Lock?). ”Lokkå æ beire enn åttafæra” Etter farmor: Om å ha meir flaks enn åtferda skulle tilseie. Lompelæva Som sagt: Ein prøvde å ha ei sivilisert språkføring i garden, men freistingane var nok fullt ut til stades for former for ”unntak”. Hugsar at når mor/far skift bleier på Arne – måtte dei fyste vaske/ tørke ”lompelæva”. Ja: ”Romperæva”. Lonnj(e) (ein/å) 1. Tynne trestammar lagd i ”støda” for å dra færingen på. Smurde dragfeltet med ”lyse”. 2. Lonnje: Ikkje få fisk. “Hanj ha lonnja idag”. Lons(e) (ei/ein) Stykke. Sjå “slonse”. “Gode lonsa med (brød) skjeve--”. Om storvaksne kvinnfolk. Lork (ein) Stor stav el. staur/trekjepp. Lospe(inj) (vere) Rufsete og ustellt -spesiellt om håret.

“Du ser bra lospinj ut”.“-såg lospa/lospete ut”. Kunne vere tid for ”å månk*ånå” Sjå månke. Lure (å) Om lureri sjølvsagt, men og om trematerial som vrir seg. «Da lura sæg». Lyre Å slå ”lyre” var ein av leikane våre – i slekt med å slå halt og å ”sprette pinnj”. Minner om baseball (ball og ei slagkølle, springing m.v.) Lyse Resultatet når fiskelever sto lagra i tønne og “lysa sæg”: Vart (ille luktande) tran. Kunne brukast å smørje “lonnja” med. Og nytta som base for husmaling. (Men berre til uthus såvidt eg hugsar). Læmete (vere) D.s.s. pysete. Lærre (å/vere) Om å opne delvis. T.d. ”Kanj’kje du lærre litt på døra/glaset”? ”Ha døra litt på lærre”. ”Set glaset på lærr”. Læte (ei/eit/å) Vb. Truleg frå å låte. Her i garden brukt om sutring, klage og mas. ”For ei læte”. Løde (å) D.s.s. stable. Løfserøv (ein) Meiningslaust ord, men ”godlynt” uttrykk om ”storefante” eller småkjeltring. (”Løfse” d.s.s lefse ). Løje (eit) Omlag d.s.s. opphald eller pause “Hanj æ et løje”. Når det slutta å regne t.d. Løye (vere) D.s.s. som morosamt. Løyert (ein) Teppe eller klede til å svøype om småborn. Løype 1. Sjølvforklarande. 2. Enzym i væskeform (frå svin og kalve-magar) vi nytta for å få melk til å oste seg. 3. Ein del av steikeprosessen for flatbrød. Stabelen av utbaka leivar vart fyrst “løypte” = halvsteikt. I andre omgang ferdigsteikt. Eller “skjerpte”. Låbrikja Markering av høybroten. Delet mellom (som vi sa) øvste og nedste låven - der nivåskilnaden på golvet var. Trevegg på omlag ¾ m høgde. Den hadde vel mest som funksjon å vere “fot” på høystålet. Fin å slå salto frå før “stålet” vart for høgt - og

ungane måtte flytte leiken på ”betanje”. Låke leik(e) (enj) ”Låk” tydde sjuk, men dette er nok anna. Eit av farfar/farmor sine uttrykk for mas/sirkus og spetakkel frå einskildpersonar eller omverda. “For enj leike”. “Da va no enj låke leike”. Lån (ei) Stor hovudbygning på gard. T.d. Eidslåna, prestelåna. Brukt m.a. om garden i Djupedalen der slekta vår bur. Sjå “særlege namn” og “Ei slekt..” s. 90. Truleg frå gamalt d.s.s. borg eller festning. Lånago ”Ver så god” var vanskeleg for barnetunger. Eg hugsar diverre ikkje kven av oss ungane som brukte dette ordet både som ”takk for lånet” og som ”ver så god”. Lånasvartinj Kallenamn på Sverre Listau. (I “Låna”). Långefot (ein) D.s.s. insektet vi mest kallar langbein i dag. Långhævre Uttrykk for å gje det glatte lag. el. ”ragat”. “Hanj fekk långhævre i sta”. “Dei fekk långhævre mæ’nå idag”. Långleggje (å) Springe kraftfullt og fort. Om folk, men høvesvis også om hesten. Sjeldan om andre dyr. Låte (å) Teke med grunna tydinga “klage/syte”. (Sjå ”læte”). “Ka du læte itte”. “Æ da noke å låte føre”. “For ei læte”. “Noke te læte”. Madorre (ei) Om ei kvinner– storvaksne eller/og gejsjeftige. ”Da va noko te madorre” Magne (å) Noko av prosessen med å gjere “toskehaudå” klar for koking/steiking. (Kløyve/reinske). Makke (å) Streve/plagast/slite. “Ka du makka mæ”? “Dei ha makkast i heile dag”. Makkerue (ei) 1. Haugane spes. sandmakken produserte når han livna til om våren. Brukte dei som indikator for å spa etter han. (Sjå “tøyme”). Mara(nje) Fellesnamn på hestar, uansett kjønn, sjølv om utgangspunktet tydeleg må vere merr, fl. “mara”. “Ha de sett noke te marå idag”? Opphavet til ordet kjenner eg ikkje, men det er om lag identiskt med engelske ”mare”. Norsk ”mærr”. Marle (å) Fomle med. “Ka du marla mæ”?

“D’ækje noke å marle meir mæ”. Marmigar(e) (ein) Brukt om ei type skjell. Omlag 12-15 cm lang -og smal. Når muslingen var ute fann vi ungane ut at den likna på “veslekaren” til hesten. (“Mar” var neppe medvite avleidd av latin (hav) frå vår side, men frå “merr”). Sjå “maranje”. Marne (å) Om erosjon. Tida si tæring på tre, stein, metall. Matvarer sjå “såne”. Maske (å) D.s.s. arbeide/streve med. Matasåd (ei) Sjå såd. Noko smått. Med andre or: Ein matbete. Eit slag smålåta, men kunne og vere ei nedvurderande omtale av eit måltid mat. Brukt om alle slag måltid utan særskild tyding. ”De får komme innj å få ei matasåd”. ”Dei fekk no ei matasåd ut ’a da”. Maule (å) Ete spesiell mat, t.d. “Hanj maula margarin”. Meis (ei) Eigenleg metallråma til ryggsekken. Men brukt om sjølve ryggsekken. Også namn på “nettet” torvet vart pakka i for å sendast ned til gards. Mekongel (ein) Eit ord farmor brukte (hadde laga?) om/for medaljong. Mennjanje Flt. av (ein) morgon, fl. ”mennja”, ”mennjanje”. Mige (å) Pisse. (Migemaur). Mil Daglegnamn på farfar sin bror Emil. “Milhauinj”: Der stova hans sto – der Leif og Johanne Martha har huset sitt no. Namnet vart utan vidare forstaving for det vi omtala på garden: “Mil-ladå”, “Mil-bakkjinj”, “Mil-støda” o.s.b. Milla Kallenamn på Emil A. Listau. (I “Låna”). Minaper Kallenamn på Peder Sletteberg i Hatleneset. (Kona heitte/vart kalla Mina). Minargarinj Nabogarden i “Bersbygdinje”. Der budde (av farfar sin generasjon) “hanj Garjohan”. Agent for brannkassa og fiskehandlar/trandampar på Nabben - i tillegg til å vere bonde i “Minargara”. Han hadde ein gul sykkel med treskjermar. Mokk (eit) “Grautamokk” Eit av namna på væska ein laga t.d. graut av, eller skeidar i. Denne væska skulle altså vere jevning i. (Sjå og “sod”).

Molde (sæg) (å) Hønse/fugleaktivitet. Når dei ligg i jord/sandhaugen og sparkar/flaksar for å bli kvitt parasittar. Mole (ein) O/å¨-lyd. “Enj mole”. D.s.s. ein bit/stykke. “Enj mole mæ fisk”. “Enj heile mole å gå”. Molest(e) (å/ein) Skade (vanlegvis om personskade). Monnj-jut (en) Spes. om ungar som er storkjefta mot vaksne , men elles og om person som er storsnuta. Mork(jinj)(ne) (vere) (å) Når treverk turrotnar kalla vi prosessen morkning. Planken var ”morkjinj”. Sjå og ”kale”. Mort (ein) Småseiyngel. Mortepompar (ein) Godmodig skjellsord. Truleg utan spesiell tyding. Mygle (å) D.s.s. å mugne. Brukt både om ting som rotnar og om personar som er trege med å få ting gjort. ”Hanj ha mygla på da længje”. Mykje (ei) Ein lett omgang pryl. Mylje (ei) 1. Matrett med basis i kraft. Knust flatbrød m/kraft og sukker over. Prima måte å nytte eldre flatbrød på. Heilårskost. 2. Ungar/bikkjer el. kattar som slæst lagar og ei “mylje”. Mysse (ei/å) 1. Farmor om t.d. Marimysse, Kyndelsmyss. 2. Verbet “misse” hadde same uttale. “mysse fartinj”. “Dei myste å’nå”. 3. Prestane “myssa”. Mækre (å) Om lag det same som å bræke (brækte). Hos oss vart verbet nytta om geitene si bræking. Mækregauk (ein) Fugl. Eigenleg ikkje så spesielt ord trur eg, men det var namnet farfar/farmor nytta på enkelbekkasinen. (Lagar mækrande lyd med halefjøra når han stuper ). Mæte (vere) Ha det smått. “Da va’kje mæte (rare)greiinje”. “Hanj hadde ikkje da mætt”. Eg hugsar “Mætinj”. (Mathias Nybø): Ein kar med håplaus “kjæring” og mange like håplause “onga”. Han sleit ein håplaus kamp heile si tid for seg og sine, utan at det viste att på noko vis. Vart noko urett vurdert av omverda trur eg. Mødde (vere) Av møde. Ha det vanskeleg el. pinleg. Eit ”mødelse”. T.d. ei heft eller plage.

Månke| (å) Stelle mana (måna på vårt mål) på hesten. Navar (ein) Bor (som ein korketrekkar) for holsetting i treverk. Nekkje (ei/å) Ei: Talghinna som ligg rundt innvollane i slakt Nytta m.a. som ilegg i klubb, i blodpylse/pudding og til såpeproduksjon. Å: Nekkje seg: Når t.d. fisk hengjer seg i garnet, eller når sau set hovudet fast i gjerde. Nelle (ein) Små vassfyllte “kjøyner” som helst dukka opp om våren. Allergiske utslag? Nide (å) I vår tyding: Å plage, klenge seg, trengje seg på nokon. Engelske ”need” kan vere lett å få i minnet, men det tyder å trenge i form av trong for noko. Non(e) (ein) Namn på ettermiddagskaffien sjølvsagt. Men også om terrengformasjon. Der ”Ekra” går over i oppkjørsla til Solvoll var tidlegare ein liten bergskolt som vi kalla ”Noninj”. Not (ei) D.s.s. nøtt (o/å lyd). Men og fiskenot (o-lyd) sjølvsagt. Nusle (å) Vi sa ”nosle”. Kalla det slik når t.d. hunden eller hesten kjærteikna med snuten/mulen. Nykkje (å) Hekte i noko. Noko t.d. ein fiskekrok kan gjere. Nøyte (å) Stå på. “Vi får nøyte oss meda vi æ allje”. (Sjå og “trøyte”). Obyde (ei) D.s.s. ugagn. “Ka slags obyde hanj ha gjort no igjæn!? O’ponde (vere) Typisk uttrykk i gardane her. Tyder d.s.s. opp under. T.d. ”O’ponde håndå” – som er i armhola. Ofjelge (vere) Føle seg dårleg / uvel / i ulage. “Ofjelga” = Ustellt. “Æ da ofjellt”? D.s.s. Er det vondt/sårt? Ofær (ei) Uferd. Bli utsett for “olokke” eller “moleste”. Oksepose (ein) ”O” i pose har o/ålyd. Nærast eit kjælenavn på stutkalvar. På same måte som ein sa ”fantefillje” om jentungar. Ole-mole-pose Etter “Mina-Per” “Dinj ole-mole-pose”. Mildt skjellsord. Den same Per hadde i dei fleste av sine utsegner med: “Ette klemmande te forstårr du ta- forstårr du” - opptil fleire gonger.

Ole-mose O/å-lyd. Einaste eg hugsar av mormor sine uttrykk. For henne tydde “lisje ole-mosinj” stakkars liten (eit nor), el. stakkar. Oliklæheit Om svineri -og om trasige såvel som om upassande hendingar. “For ei oliklæheit”. Olljinj Utnavn på Olav Olsen på Selja. Innbyggjarane på/frå Seljeøya mangla ikkje ord om kvarandre. Som t.d.: ”Når Olljinj kjeme roande ser da ut som nokinj ha drete på toftå og hatt enj sødveste attøve.” Olvåte (vere) O/å-lyd. D.s.s. søkkvåt. Vere ”sokkandes olvåte”. Omrymme (å) Tenke seg om. Komme til hektene. ”Hanj må no få omrymme seg litt”. Ondalæ (vere) Underleg, merkeleg, rart. “Forondalæ”. Ondeliv (eit) Kleplagg -spesiellt for ungar. Sydd som ein vest med knapping el. hekter. Stroppene for strikkasokkane var festa på dette plagget. Ondesette (vere) Brukt mest om at ein er mett, velfødd -eller velsituert. Og om at ein var meir eller mindre førbudd (“ondesette”) for oppdrag/gjerning. Opplett(e) (eit/vere) D.s.s. opphaldsver. Mest brukt med same det slutta å regne. ”Hanj æ opplette no”. ”Da vart et opplett”. Oppstanasige (vere) Å vere vrang, kranglete å ha med å gjere. , Oppøle (eit/ein) D.s.s. oppvekst, kanskje og relatert til oppseding. “Da va’kje slek i mitt oppøle”. Oppøydde (verte) D.s.s. å verte utsliten av ståk og kjas og mas. Av t.d. ungar i kontinuerleg spetakkel. Orrinj (vere) Tilstanden ein føler når ein vaknar etter å ha sove altfor lite - eller gjerne drukke altfor mykje. Orv (eit) Treskaftet til ljå: ”Långorv” og ”stuttorv”. Oskefis (ein) Om ikkje akkurat Askeladd, så i alle fall ein unge som rotar i vedomnen. Oskje (ei) O/å-lyd. D.s.s. øskje. T.d. “smøroskje”. Oskjyrinj/a (vere) El. ”Uskjyrinj”. D.s.s. uvøren.

Ossele (vere) D.s.s. som ussel i tydinga skrøpeleg. ”Ossel” = ussel. Ottre (å) O/å-lyd. Rygge med “øykja” (hesten). Enkelt med tohjula vogn. Verre med slede. Kommando: ”Otter, otter”! Oveide (vere) D.s.s. at ein ting har ein fasong eller storleik som gjer den vanskeleg å handtere. ”Oveidinj” eller ”uveidinj”. Overhaling (ei) 1. Skjennepreike. 2. Færingen/båten får/gjer brå krenging. 3. (Stor) reparasjon/vedlikehald.. Overjidde (vere) Som bokmål: “overgitt”. “Æg æ so overjidde ta/på dokke”.

P - T

Pakkeballj (ein) Omlag det same som sprettball. Å ”pakke” var å sprette ballen mellom handa og golvet (el. anna underlag). Parl(e) (ein/å) Brukt om rund gjenstand stor som ei ert eller ei hasselnot. Sjå t.d. “saudeparl”. I tråd med god tale -og folkeskikk skeit ikkje sau, geit og skogsdyr, -dei “parla”. (Frå engelsk “pearl” eller kanskje omvendt?). Peis(e) (få/gje) D.s.s. “ragat” eller “hæmping”. ”Gje ’nå peis”. Peive (å/ein) Veive/fekte rundt med armar og bein. Om lag d.s.s. å vere sleivete. Pelar (ein) Pille. Og: “Nei ta dæg no ein pelar”. D.s.s. “Nei no må du gje dæg”, el. “du lyge”. Pelekvintar (ein) Uttrykk for dram. ”Hanj hadde visst tekje sæg enj pelekvintar”. Peparinj Kjælenamnet på Arne fram til om lag skulealder. Per-fyk-i-veir Figur farmor refererte til i nokre samanhengar. Hugsar ikkje rett kva det skulle illustrere -om det var ein hissigpropp el. aktivitet. “Enj p---”. Pestelænse (ei) Vedvarande problem/plage. Såvel om sjukdom som om praktiske ting . “For ei pestelænse”. “Hanj (honn el. da) æ ei go--”. Pika’dé Bannjeord. Pikkjin (leik) Ordet kan sjølvsagt mistydast, men det var ungane sin seiemåte for leiken der ein skulle prøve å nå

nokon i sprang og “pikke” dei i ryggen med finger eller hand. Pila’de Bannjeord. Pilajord Bannjeord. Pilåtar(e) (ein) Rart ord. Veit ikkje tydinga. Karaktriserte ein person: “Du æ mæg enj ondale pilåtare”. Pininj (vere) D.s.s. forsiktig/gjerrig. Piri (ei) Godlynt utnamn for jente. Pirl(e) Om lag d.s.s. å fomle, pusle. Sjå ”firle”. Piska tre (kraftutrykk) Mykje nytta av farfar. Piss i vilden sky Sjølvforklarande sjølvsagt, men brukt som kommentar til “åsn” og opplagde skrøner. Pissedirik (ein) Nok ei populær omskriving for ein kroppsdel, men og godteke som lempeleg kraftuttrykk om gut/mann i ulike høve. “For enj pissedirike”. Pissehott(e) Godmodig skjellsord om folk og dyr. Pisselest (ein) Har ikkje forklaring. Eit munnhell om folk. Pjæs (ein) Godmodig kalleord eg ikkje kjenner tydinga på. “Du æ mæg enj go pjæse”. Plassemannj(e) (ein) “Barnespråk”. Brukt om “mannjelort” - dei som var slepte i friluft. I klasse med “øt”. Elles trad. tyding og meining. Oppe på bakkane her heiter det no som før “Bakkeplassinj”. Oppsitjaren der var kanskje ”klassifisert” som plassemann i si tid. Plitt (ein/vere) “Ændetiljinje” i færingen. Og brukt om ”plitt el. plitters åleine” eller ”plitt moders åleine” som er d.s.s. absolutt heilt åleine. Plåstr (gje/få) Har ikkje med ”plaster” å gjere her. Det vart nytta når ein t.d. omtala at nokon fekk (straff) som fortent. ”Da va passelæ plåstr åt ånå”. Pondebrøysjle D.s.s “bol”. Mose til “saudegarane” henta vi ut i ”Berja”. Vart riven og turka. Kunne stå 40-50 sekkar i låven når hausten kom. Farmor og mor var flittige å tenkje boltilfang. Tørka lauv og ”einestabbe” som vi sa) kom i tillegg. Porle (å) Putre/boble.

For å sitere farfar: “Porlande rennjeskjetå”. Pot(e) (å/ein) O/å-lyd. D.s.s. å putte, pirke/smådytte på. Og brukt om person: ”Enj go pote” = irritasjonsmoment / plageånd. Prens (prins) (ei) Ein skikkeleg ryggsekk. “Rypesekk” var og sagt. Kanhende med bakgrunn i jaktbruk. Prete (å) Noko av prosessen med å slå halt. (Sjå Leif si minnebok). Etter slaget skal halten kastast (strategisk) attende til slagstad. For å hindre poeng for motparten måtte slåaren ”preta” ( slo etter den) med slagkjeppen. Prylert (ein) Storvaksen gut/mann. ”Bokkje“. Pøk (ein) Brukt både om magen og også om ein små-luring. ”For enj store pøke du har fått mannj”. Pøyte (ei/ein) Dam/vatn. Ofte om ”dæmbe”, men og nytta t.d.slik om ein som ramla i vatnet: ”Hanj for i pøytinj”. Raft’allj el. rafthallj (ein) Rafta: Området der tak og vegg går saman på på langsida av huset. Raft’allj: Om lag d.s.s. ”dragar” i somme huskonstruksjonar. Det er dei kraftige stokkane – opp på stavane- som sperra kviler på. Ragat (få) Omlag d.s.s. “långhævre”. “Fekk ragat”. Rakkje (ein) Hannkatt-veteran. (“Grakatt”). Rakse (å) Rakse og gå. Når ein gjekk langt - eller utan noko fast eller spesiellt mål. Rám (ein) Endeveggen på hus. (“Oppi laderáma”). Rast (ei) D.s.s. ei rad eller rekke. Om plantar. Reie (ei/å) “Huske” - gjerne hengande i ei grein, eller i betane på låven. Reik (ei) D.s.s. stripe o.l. Hos oss brukt om midtskiljet i håret. Reine (ei) Eit alm. kjent ord. Hos oss hadde vi kvar vår eit uttrykk: ”Å køyre - el. ”ta reine”. Då spadde vi opp jord frå den kanten av åkeren som låg lavast og flytta den til øvstekanten. Verlag og arbeid gjennom året flytta næringsrikt jordsmonn unnabakke, og det lønte seg å hjelpe naturen litt.

Reit (eit) Avgrensa (lite) markstykke, gjerne åker. T.d. eit “potetereit”. Reke (å/ei) Både verbet og krepsdyret er rimeleg kjende. No gjeld det fjøsreiskap. Ein fjølstubb –om lag 40 cm. lang med skaft på (som ei rive). Vart nytta til å dra ”kumøkja” ut av båsane med og så støyte den mot ”dongedøra” og ut åpninjgja ut te ”komma”. Rekekjepp (ein) Om ein som aldri stoggar heime (Kjepp som rek fritt i vatnet) Om både folk og dyr. Reksl(e) (eit/å/ei) 1. Skjella på fiskeskinn. 2. Skrape reksl (skjell) av fiskeskinn. 3. Om disiplin: “Du får gje ‘nå ei reksle so ‘anj hoksa da”. Rennjebom (ein) Noko av utstyret til førbuing av vev. Var plassert i kjellaren hos oss der eine festet (oppe) enno viser. Rennje hæs (å) Gå med ”strængjønsa” og henge strengen (partane) -vanlegvis sju- på hesjestaurane. Ordet kan kanskje komme av ”renning” i ”vevespråket”. Rennjeskjete (ei) Etter farfar. D.s.s. ekstra pågåande og plagsam diare - ”magesykje”. For rett å understreke sterk intensitet vart det gjerne ”porlande rennjeskjete”. Reverense (ein) D.s.s. tirade Rikkete (vere) Om let/mønster på kattepels. Ofte ulvegrå med svarte og beige tverrstripar rundt kroppen. Rikkjinj 1. Bakaren Rikard Thunold. “Ut mæ Rikkja”. Då vi vart kjend med Torill og systrene tok vi til å kalle han “Ricardo Tunoldi”. Det var truleg avdi det vart sagt at mor til jentene hadde latinske aner. 2. Fast namn på gardskatten som nesten alltid var ”rikkete”. D.s.s grå/svart/gulstripete. Rikse (å) D.s.s. å knirke. Mangla smøring. At det ”riksa” i vognhjula t.d., eller at vogna riksa og gjekk. Rimm (ei) Grindliknande konstruksjon.. Fronten av ”saudegaranje” var rimma. Rinande tær (det) Uttrykk frå Berstad. Når det skulle verkeleg understrekast at ein ikkje gav/fekk noko: ”Fekk ikkje da rinande tær”. Om fangst på sjøen t.d. Rine (å) Hyle eller kvine. “Grisinj rine”.

Rip(a) (ei) D.s.s. esingen på ei robåt. Ro (ei) Når vi slipte ljå på slipestein skulle stålet ”slipast fram“. Dette registrerte vi ved at ei tydeleg ”ro” danna seg langs egga. Roa fjerna ein med bryne, og bitet sat lenge om verktyet slik var slipt godt. Rod (eit) O/å-lyd. Pattedyr har skinn, fisk har “rod”. Roke O/å-lyd. “--itte roke”. D.s.s å ta -el. gjere ting i rett rekkefylgje -el. tur og orden. Rokke (ei) D.s.s ”rynke”. Men og utnamn på trekkspell. Romfræk(e) (vere) Kreve stor plass. Om både personar og ting. Rommestere (å) Vere i stor aktivitet der ein flytter på -eller bråkar med ting. T.d. leite etter noko på loft eller i låve. Rompinj D.s.s. bakendinj/rompå/ræva. Alltid nytta i oppveksten vår. Men vi kunne springe i ”bærre rævinje”. Roske (ei/å) 1. Som “barvase 2. Å “roske te” - i skuffene t.d. Rott(e) (ein) D.s.s. munn. “Ka ’dæ du ha vore borti? Du æ so skjetinj ront rottinj”. Ru/rue (ei/å) Å klippe vinterulla av sauene. “Rue saudinje”. Denne ulla var kalla ”ru“. Men det heitte og: ”Du må vere mæ å pakke runa”. Rue (ei/å) Skithaug. “Kurue”, “mannjelortrue”, “makkerue” o.s.b. Ruse (å/ei) 1. Trad. Om beruselse. 2. Å vurdere omtrenteleg. ”Gjere da/ta da på rus”. 3. Fiskereiskap . Ryl(e) (å/ein/eit) Eller: “gryle”. D.s.s. skrike, brøle. Mest om dyr, men og som harselas over enkelte personar si roping og skriking. Røse i holdet (å) Ø har øy-lyd. Far sitt uttrykk for avsky / grøss. Truleg frå svensk: ”En riktig rysare”. Ryte (å) Hjå oss tydde dette ordet snorking. Andre stader kan det tyde t.d. ”stor” meiner eg å ha sett eller høyrd.

Ræde (eit) Varsel/signal. (Sjå og “bleke”). ”Signalet” vi “planta” i granhekken. (T.d. jutesekk trædd på ein staur) når vi ville ha Per i Kjøde med rutelastebilen til å stogge hos oss. Har inga spesiell tyding for ordet. Rækje (å) Harke opp slim frå halsen på kraftig høyrbar og ikkje alltid på omtenksam vis. “Rækje opp krimklekse”. Ræmpe (ei) Periodisk og tidavgrensa hending el. plage. T.d. ei “mageræmpe”. Sjå og ”føre”. Rænsle (ei/eit) Turen på ski eller kjelke ned bakken (gjerne ei ”kjend” eller mykje brukt ”løype”)var eit/ei rænsl(e ). Også: “Ta ei rænsle mæ hesjestreng--” når ein hengde jerntråd på hesjene. (“Rennje hæs”). Og også som alternativ til ein “skåre” i slåtten”. “Ta eit rænsl mæ maskjininje”. Røl(e) (ein/å) Prat (tomprat) om alt og ikkje. Helst på kveldstid mellom ungar - og vaksne -som ikkje veit å kome seg til sengs. Som i godt lag kan hende. Røn/røne (eit/å) D.s.s tullprat. ”Ditta æ bærre røn”. ”No røna du?”. Røne (rønje) (å) Ø har ø/y-lyd. D.s.s. å strøyme på. ”Dei rønde hånå ned med--”. Rønje (å) Ø/y-lyd. D.s.s. å rase nedover/nedfrå. T.d. ”Da røne ta takja”. Røyrane D.s.s. lysken - i min oppvekst. Røys (ei/eit) Ei: Sjølvforklarande. (T.d. steinrøys). Eit: Om takvinkelen på hus: “Bratt røys”. Og brukt som eit ubestemt talord som i: “Ei heile røys mæ folk”. Røyse (å) D.s.s. å reise opp. “Røyse et hus” t.d. “Røyse sæg opp”. Røse i holde (å) Ø/y-lyd. Far sitt uttrykk. D.s.s. å grøsse. Truleg frå svensk. ”En riktig rysare”. Råld(e) (å/ein/ei) Holde leven -ståke på kvelds og nattid. “Enj rålde”. “No må slutte å rålde slek”. ”No må de slutte mæ rålda dåkka”.

Råme (vere) D.s.s. å vere hås (vond hals). Rårikjinj (vere) Stri, dominerande, vanskeleg å rå med. “Rårikne onga”. Rått og rote D.s.s. absolutt alt. (Smitt å smule) Råve (å) Har med å gjere reint, spes. i uthus/fjøs. Når ei nyttar sovl/kost for å “råve” vekk støv og “kongelvev” i tak og vegger. Saup Tynn surmelk, var biprodukt etter kjinninjgja. S(k)jald (eit) D.s.s. sjal. S(k)jygn (eit) Tyder kanskje skugge. Hjå oss: Eit ly eller le mot elementa. Sol, regn, vind. Også om enkle byggverk. Sallerinj Kallenamn på Saron Dybedal. Saud Vi seier “saud” (“saudinje”) når vi nemner/omtalar sau. Saudeparl(e) Sauelort. Parl. (Pearl - perle). Seise (å) Tyder å surre/knyte. Men det vart og brukt om å gjere ekstra: T.d. handsame treverk - som å seise bordkledninga med ekstra olje før måling. Seke (ei) Lita, og (berre meir eller mindre) synleg vassåre. Seksering Vår versjon av “seksæring”. (Robåt m/ tre årepar). “Åttring” (åtte årar) og “femkjeiping” (ti årar) var og i vokabularet vårt. Færing er vel å forstå som korting av ordet ”fireæring”. Sett (ein) Hammaren/sleggja ein brukte for å slå på minebor med. Sikk(e) (ein/å) Særskilt type saum sjølsagt, men og om trykk/slag. Når ein dett på ræv får ein ofte ein slik sikk at det gjer vondt heilt til hovudet. Eller ein ”sikkar” potetsekken mot golvet for å få ”stue” potetene og få betre ”øyre” å setje band på. Sine (å) Sine av. (Tørke). Brukte uttrykket om drektige kyr når melkemengda minka (før kalving). Sirle (å/ei) D.s.s. sildre. (Brukte og “å sorle”). Sittinj Daglegnamnet på nabo Sivert P. Berge. Og brukt med ein ”t”.

Sjedepel (ein) Sjå “depel”. Sa også “skjedepel”. Ekstra-stavinga må vere ei forsterking av ordet (depel) si tyding. (Ei blanding som gjerne kunne innehalde blaut naturgjødsel?). Sjynnj Eit av våre ord for sjøen. ”Ska vi reise på sjynnj”. ”Sjå bort på sjønå”. Sjøbor O/å-lyd. Når båra bryt mot strand og båe lagar den sjøbor. “Sjå på sjøborinj utpå Gangvaskjera”. Sjønde Y/ø-lyd. Om talet 7. Hjå oss ikkje sjuande, men ”sjønde”. Skabilken (eit) Brukt mest om ein merkeleg framtoning. Både ting og person. Skeidar(e) (ein) Småklubb utan talg / flesk. Kokt i mokk- “skeidarsupa”(litt jevning og melk i mokket)- m/knokar frå salt, tørka kjøt, helst spekekjøt/ pinnekjøt/ og kålrabi, gulrot og potet. S(k)jekte (å) D.s.s. å gå arm i arm. Skjellje Namn på spesiell vind som står frå Berstad mot Lesto. “Berstadsskjelljå” (frå SSØ) er kald og utriveleg om hausten/våren. Skjelte (ei) D.s.s ei ekstra kraftig skjelveri. ”Hoppande skjelte”. Skjeltehaud (eit) Flådd, godt salta, gjerne litt tørka smalehovud som vert kokt. I vår tradisjon ikkje svidd eller røykt. Vart dels litt skjelvande og gelélikt. Skjen (eit) Frå vb. å skine. ”Solskjen”, ”måneskjen”. Skjene (å/ei) 1. Når folk eller dyr ikkje har styr på føtene. Det kunne t.d. vere om krøtter i yr galskap – som vårslepp, eller folk som ikkje ”va helt go”. 2. Om ei skinne. ”Jernbaneskjene”. Skjetvott (ein) Om ein hoven/overlegen eller liten puslete men ”stormunna” type. Skjetå D.s.s. blaut avføring. Sjå “rennjeskjete”. Skjote (å) Om lag d.s.s. å stramme opp/få fart på nokon. ”Du må skjote i ’nå” (hånå). Skjul Har velkjend tyding, men og brukt om sjukleg tilstand i munnen til hestar. Sår og byllar.

Skjykkje (ei) Eit spartansk byggverk – skur. Men og om eit tilbygg til låven t.d. (Av skjul? Vedskjul). Sjå ”skjykkje”. (Truleg om lag d.s.s. amerikanarane omtala som shack?) Skjæl (ei) D.s.s. skjell. Fl. “skjelja”. Skjæning (ein) “Turr” vind, spesiellt frå aust/nordaust. Imøtesett både som eindel av “tøyrinj”og som generell “fineveirsvend”. Skjære (ei) Vårt daglegord for saks. ”Kar skjærå æ henne”? Skjæse (ei/å) Is/snøskeise. “Gå på skjæse”. “Snøskjæsinje” var stort sett heimelaga. Skjør (Ø/y-lyd) D.s.s surmelk. T. d. i rømmekolle der fløyten la seg på toppen av skjøret. Skole (å) (O/å-lyd). Om lag d.s.s å skvulpe. Er knytt til lyden væske lagar – som når t.d. innhaldet i eit spann er uroleg, og t.d. at - ”da skola so i maja dinj”, og t.d. ”ongane ha skola ut i dælinje heile dajinj”. Skolest (ein) Var ein mal (”lest” er d.s.s. mal) for sko. Som eit fotblad nærast. Hadde fleire storleikar i kjellaren. Nytta når ein skulle konstruere skinnstykka som skulle nyttast i ein sko. Skore (ei/å) O/å-lyd. 1. Staur med kluft i eine enden. Til å stø opp -”skore” - hesjane med mot vind og ver. 2. Kluft i fjell/berg. (“Skorfeste”). Skotning Om ”abortert” dyrefoster. Skrel(e) (ein) Med aldri så lite i-lyd. ”skre(i)le”. Lang og tynn kar. Om jente: Sjå ”jøyle”. Skrellje (å) D.s.s. “å læ”. “Skrelljeslag”: Brå og høg lått der fleire er involvert. Men same ordet brukt om ”å skrellje potete”. ”Skrevkrengle” (kringle) (ei) Namn vi ungane sette på syklane våre. Skrikke (å) Ord brukt om lydane babyar lagar når dei ler og er begeistra. Elles om folk flest og lydar ved ukontrollert lått. Skrukk Dei små korallskjella som gror i millionar i fjøresteinane og også på båtar som ligg for ile. Skræde Fråsila restar frå fyrst malen, og så smelta talg /

feitt. Vart sprøsteikt og nytta som “bacon” – spesielt til kokt fisk. Populær barnemeny (med poteter - utan fisk). Feittet vart t.d. såpe. Skrækje (å/ein/ei) Rope / brøle håst og uartikulert. “Ka du skrækje itte”? “Hanj skrækje stygt idag”. Skråne (å) Om å tørke godt inn.T.d. om høy. Sjå ”svene”. Skråve (å) Tilnærma d.s.s. å knitre. Lyden av papiar som vert knørva, og t.d. lyden som vert når turrhøy vert handsama. Skvelje (å) D.s.s. sure oppstøt. Mest om babyar. Skåk (ei) Stokkane som utgjer “greide” på ei vogn/ horv der hesten er spend fast mellom. Fl. “sjæke”. Skåre (å/ein) (Å) Rake saman høy til rader, skårar. (Ein) Rada med kutta høy/halm som vert etter ljåen/sigden/slåmaskina. Sladot(e) (ein) Latsabb. Litt kjeltringaktig person (mann/gut). Slagbrand (ein) Fellesord for reiskap ein brukar å slå med. Det vere seg sleggje, treklubbe eller ein stein. Slakke (vere/å) Om helse: Å vere puslen - ute av slag, i ulage. Om talje eller tau: Gje slakk, slakke på. Om fart: ”Slakke på fartinj”. Slams(e) (ein/å) Uryddig person. Vere slamsete = d.s.s. m.a. vere slurvete i klesvegen. “Hanj va grøtelæ slamsinj”. Slede-Brite (ei) Brukt som karaktristikk av kvinne med anlegg for t.d. snikring o.a. praktisk ”mannfolkarbeid”. Sleggje (ei/vere) 1. Sjølvforklarande. 2. Vere sleggjete: T.d. om “mannjhaftige” kvinner. Slemse (ei) Seig (ekkel) strimmel. T.d. av kjøt. Slipre (å/ein/ei/eit) Sleikje av fingrane. T.d. i arbeidet med å ”reinske” ei skål som hadde vore krem eller bløtkakerøre i. Slobb(e) (eit/å) Søle med væsker, saft / melk / vatn etc. Eit svært vanleg ord laurdagskveldane ved badestampen - og alle gongane vi hadde “dæleaktivitet” som tidtrøyte. Då vart ordet også nytta om å plaske. Sjå og ”skole”. Slok (eit) O/å-lyd. Omlag d.s.s. sluk. Brukt om avløp, ”renne”, noko som sveljer unna. Det kunne vere

vatn - som vassrenna mot kvernkallen t.d. Men og om apetitten til ein svolten kar. Slons(e) (ei/ein) Solid stykke av kjøt / fisk. Sjå og “lons”. Slops(e) (ein/å) Når ein kastar noko i vatn lagar det ein “slops”. “Du må’kje slopse slek”. Likskap, men må ikkje forvekslast med “slobbe”. (Det kan verte mykje “slobb” av “slopsing”). Slå dar (å) T.d. “Hanj slo ‘kje dar i støvlå”. D.s.s. å va over støvlane. “Hanj vod over støvlanje”. At støvlane vart for korte m.a.o. Slå halt (å) Leik/spel utandørs. Sjå Leif si minnebok 1994. Slå lyre (leik/spel) Lokal variant av baseball. Nytta ball og balltre. Slåp(e) (ein) Sjå hekjel. Og brukt som skjellsord som «alternativ» til sladot. “Enj slåpe”. Smale (ein) D.s.s. sau. Ligg og fleirtalstyding i ordet. “Smalinj” er då d.s.s. saueflokken. Smelte (ei) Fisk. D.s.s. kviting/hvitting. Snaldre (å) D.s.s. å skvaldre – snakke mykje/lenge/høgt. ”Snaldrinj” = munnen/snakketyet. (Sjå gnaldre). Snasjkjin (ein) D.s.s. ”trutinj”, d.v.s. munnen. Sjå ”rottinj”. ”Kor skjetinj du æ ront snasjkjin”. Snek Laga av m.a. råmjølk. Til å smørje på eine sida av det som vart “snekaløfså”. Snepel(e) (ein) Snipp eller liten del av. Sniel (ein) D.s.s. snegel. Er framleis ”offisiell“ uttale. Snirl (ein) Ei av fleire omskrivingar for “lisjekarinj”. ”Snirlinj”. Snode (ein/å) O/å-lyd. 1. Mild form for “snorforkjølelse”. Snor (ei/ein/eit/å) Snor som klesnor sjølvsagt, men med o/å-lyd. D.s.s. “snørr”. “For enj snore”. Om ein hoven type. ”Snår” er noko anna. Snøde (å) Om lag d.s.s som å snoke. Lusking i skap og skuffer. “Ka du snøda (snyde) itte”?

Snødale el. snødarle D.s.s: voldsomt / veldig / svært. «Da va no ikkje noke snødale helde». Vart og sagt med -r-: “Snødarle”. Snøk (ein) Aning av. Duft / lukt. “Da va enj fine snøke”. (Fersk sigarrøyk t.d.). Snår (eit) Snar. Ikkje brukt mykje om vegetasjon, men om avhogde greiner og kvist. (“Kveikje”). Sivert R. Berge ( “Korke-Sivert”) fortalde frå tida si i Amerika at: “Ramlande de’ mannj! Ørnekløninje låg so snårdonga dar borte”. Sod (eit/å) O/å-lyd. Truleg d.s.s. “sodd” el. syde i våre dagar. 1. Skeidar/klubb/fisk vart kokt i “mokk”. Nå maten var ferdigkokt var “mokkje” blitt til “sod” som t.d. “klobbesod”, ”fiskesod” o.s.b. Far drakk mykje sod frå kokte grønsaker og poteter, Det er svært næringsrikt men fell kanskje ikkje i smak for einkvar. Etter koking vart mokkje sjølvsagt kalla kraft. Det var visst litt språkleg samanblanding til dagleg av “sod” og “kraft”. 2. Av “å syde”. Brukt om støy, om spetakkelet t.d. i sanitetsbasarar, kvinneforeiningar og juletrefestar. Softe (å) Veive rundt med t.d. klesplagg så “dombå” drive, el. slik at blomsterpotter og andre utsette ting kjem i fåresona. Eller t.d. ved lettvint reinhald: ”Æg softa åver golvå”. Sokkandes olvåte O-ane har o/å lyd. D.s.s. å vere dyvåt. Kan i utgangspunktet ha med våte sokkar å gjere? Ei lite lekker sak med andre ord. Sokke (å) D.s.s. å sukke sjølvsagt, ”Sokkeberje”, men og nytta om å kaste seg. ”Hanj sokka seg utføre”. ”Honj sokka seg ut i-”. Sokkerlade (ein) Sjokolade. Sokkeseg (ha) Ullsokkar som sig ned sjølvsagt. Av og til og brukt om person som såg sliten, sidrompa og/eller bedrøva ut. Alternativ til: “Sid’ i rævinje”. Sokkvåte (vere) O/å lyd i både ”sokke” og i ”olvåte”. D.s.s. ”søkkvåt”. Vere ”sokkandes olvåte”. Sokne (å) 1. Tradisjonelle tydingar: Om drukning og kyrkje. 2. Fortelje om/beskrive ei overhøvling: “Hanj fekk vete ka kjerkje hanj sokna te”. Sol Markert o/å-lyd. Far sitt namn på ein tangart som er velsmakande i rå tilstand. Veks som dottar

-nærast lik grovt reinlav i fasong. Sollj(e) (ein/eit/å) (O/å-lyd). Ståk / prat. ”For enj sollje”. Om mange nok “sollja” vart det “sod». Soppe (ei) (O/å-lyd). Enkel matrett med basis i melk. Knust kavring, knust flatbrød, eller “hævregryn” med sukker og melk -søt eller sur. Ekstra god med fløyte / “røyme” på toppen. (Sommarmat). Sorpe (ei) D.s.s. sørpe, men og brukt m.a. om ei fór-blanding ein ga hesten: Hakka halm i vatn og evt. ymse tilsette ingrediensar. Sorrpøne (ei) D.s.s. snurrebass. Mogleg tilkyting til “sorre” (lyd ), eller å snurre. Dei enklaste vi laga var ei rund kartongskive - 8-10 cm i diameter - med ein spiss blyant gjennom senter. Sosjle (å) D.s.s. å søle med--. Sotar (ein) Veit ikkje kva ordet eigenleg kan tyde, men vart mest brukt positivt om t.d velgjort arbeid. Som t.d. “Du æ mæg enj go sotar” el.“Du æ mæg enj fæle sotare”. Kan vere omtrent d.s.s. “Du er litt av ein type/kar”. Sovl(e) (ein) Sopelime til fjøs og utebruk laga av bjørkeris. “Enj sovl” fl. “sovla”.12-15 bjørkeriskvister, omlag 1 m. lange, vart samanbundne med streng og greintuppane vart børste / kost. Sparle (å) D.s.s. sprelle. T.d om fisk i båten. Brukt om babyar som ligg og sparkar, men og om folk som har ramla og kavar litt klossete. Spée (å) D.s.s. spøkje el. halde ap/tøys/ med/om. “D’ækje noke å spee med”. Speiel(e) (ein) Spegel sjølvsagt, men og brukt som: 1. «Du æ mæg noke te speiele». 2. “Håkke speielinj de” - kraftuttrykk, brukt av farmor -og andre- som hadde ein talekultur der “skikkelege bannjeord” var upassande. Speis (ei) D.s.s. ein pisk. Hatl -eller klungertein t.d. Tuktreiskap for folk og dyr. “Smake speisa”. Det var særs lite brukt på gnr. 64, bnr.1. Spel (eit) Teknisk innretning tilnærma ein vinsj. Sjå t.d. ”strengspel”. Ein ”spelbåt” vart t.d. nytta for å dra kastenot til lands. Båten vart fortøya med stamnen

til land og så sveiva ein inn nota. Spele (seg) Leike/more, men mest med negativ tyding. Utrykk for å vere vørlaus etc. “D’ækje noke å spele sæg mæ”. (For alvorleg/fårleg å leike med). Spike (å) D.s.s. å knuse. Mest om koppar og kar. Spikk (eit) Underleg hending. Gjerne ei uforklårleg ei. Gjere nokinj et spikk. Då d.s.s. fantestykkje el. overrasking. Spildreverk (eit) Uttrykk for skrøpeleg byggverk/konstruksjon. Spilljevatn (eit) Om tett/drygt/høljande regnver. Respektlause barnetunger prøvde seg med “ænglepiss”, men det vart heller dårleg omtykt. Spit Ironi/hån. Splint (ein) D.s.s. tater. (I talemålet var det ”splent“). Også om “splint” i mekanisk term. Også som mildt skjellsord. “--dinj splente”. Spole (ein) «Enj go spole». Luring / småfante. (Jfr. “speiel” 1). Tydde sjølvsagt og spole til vevførebuing , rokk og symaskin. Spore (å) 1. O/å-lyd. Tråve/galoppere der det ikkje bør skje. Spesielt om hest/kyr/kalvar (tunge dyr) når dei la til sprangs over markene. (Sjå ”spøne” nr. 2). Sprale (å) D.s.s. sprelle. Om fisk i båten t.d. ”Da va no voldsamt te spraling på dinnja”. Sprette pinnj Ein leik/spel vi spela på vegen og skuleplassen. ”Prosessane” i leiken minner om ”halt”. To lag el. meir. Utstyr: To pinnar, ein omlag 30 cm. Ein omlag 1 m. lang, og to mursteinar, planke-bitar eller liknande. Markeringsstrekar. Starta med å legge den korte kjeppen på steinane og sprette den ut. Den lange vart så lagt på steinane og motparten skulle prøve å slå den vekk med å kaste den korte attende - og mykje meir. Spækje (å) Må kanskje ha noko med ”å speke sitt kjød” å gjere. Brukt om å ”ta seg ut” reint fysisk, eller om å visa kva ein fysisk er god for: T.d. ”No ska de få spækje dåkke”. ”Dei fekk spækje sæg”. Spæl (ein) Tyder kort hale. Mest om sau. ”Spælsaud”. Spøne (ei/å) 1. Spon.

2. Om ådferd. (Springe uvøren/leikelysten). Sjå og skjene. T.d. “Kalvanje spønte over allje markje”. Spøt(e) (å/ei/eit) Ø/y-lyd. 1. Å strikke. 2. Strikkepinne -og 3. Eit strikkearbeid. Stakarinj hjelpe ole-mosinj” e. farmor Når ein stakkar hjelper ein som visst er like mykje eller endå meir stakkarsleg. Nytta om mange situasjonar. Både tragiske og humoristiske. Stasette (vere) D.s.s. å ha bråttom, vere oppskjørta, aktiv og (i alle fall tilsynelatande) målmedviten. Stauke (å) Vere fomlete, usikker, klønete i lesing og prat. Staur(e) (ein/å) Treng inga generell forklaring. 1. Det var Ryst-Anders sitt favoritt-uttrykk om karar han ikkje likte -eller var misnøgd med. 2. Lage hol til og sette opp staur til hes/gjerde. Stav (ein) 1. Sjølvforklarande. 2. Om ”stendarane” i huskonstruksjonar- spesielt i uthus av tre. Det er dei loddrette stokkane som ”raft’alljinj” kviler på. Stavinj (han) Dagleg namn på Gustav Hamre - bror til ”Assa skrobb”. Han vart skomakar i bygda etter Bernhard Liseth. Stempel(e) (ein) Sjølvforklarande. Men og brukt som: “Du æ mæg enj go stempele”. Det kunne vere om ein som var sta / eigenrådig el. viste andre spontane særtrekk. Stirre(ige) (å/ein/vere) “Enj stirre”. Sjå “strete” og ”vendstirr”. Vere stri, ikkje til å påverke, til å rikke, Men og om å sjå på sjølvsagt. Stolpe (mål) Måleining (m.a. om dyr). («Alne og stolpa»»). “Stutinj va -- stolpa over alninje”. Spesielt målband vart nytta - vanlegvis rundt bringa (bak frambeina) - med godt skjøn attåt kunne ein få ein indikator for vekt og vekst for dyret. Stopel (ein) Frittståande oppheng for kyrkjeklokke. Såvidt eg hugsar og brukt om høgt stett / sokkel / stor vase? Stopne (å/ein) 1. Ramle/snuble (stupe, stupne). 2. Også etter ”Ryst-Anders”. “Enj go stopne” ein tulling/klossmajor -ein som ter seg dumt.

Store (å) O/å-lyd. Om husdyr som aborterte. Storelesto Vanleg om gr.nr. 64, br.nr. 1. Navnet dukka kanskje opp då bruket i eldre tid fekk seg tillagt eigen utmarksteig, medan dei andre bruka hadde felles utmark. Stovn(e) (ein) Brukt om ein latsabb / duglaus fyr. Stret(e) (ein/å) D.s.s stritte. Om ein stabeis - vere motvillig / stritte mot. Strokk(e) (ein) Litt nedlatande ord om kar / mann / gut. (Sjå “latnestrokk”). Stromp (ein) Kløn / klossmajor / klodrian og ein utan folkeskikk.“Enj strompe”, “strompefære”. Strompete. Eit av ”Ryst-Anders” sine favorittuttrykk.. Strople (å/ein) 1. Snuble. 2. Klossmajor/dumming. Skjellsord ved ulike høve. “Stroplefære”. Strullan Endå eit av utnamna på Emil (i ”Låna”). Strængspel (eit) Brukt om løypestrengen med tilbehøret i begge endar. Kanskje namnet dels knyter seg til spel på same måte som ”spelet” i “spelbåt”. Dette “spelet” er ein trommel ein sveivar for å hale fram not. Liknande trommel er nede på løypestrengen for å stramme eller slakke den. Strøne (å) Å renne/reke/virre formålslaust ikring. “Ka de fær å strøne itte”. Strångje (ein) Stokk. Nedsaga og avgreina trestamme. Fl. “strånga”. Strångleggje (å) Dels d.s.s. “strople”. “Strångleggje seg”. Snuble så ein dett som ein stokk (strångje).Og brukt om å sette krokfot. ”Hanj strångla ‘nå” (el. “hånå”). Sjå “strångje”. Styggegutinj Kallenamn på O. L. Eide. Han var syskenbarn til far, einebarn og kan hende spesiell. Drakk eindel. Hugsar ikkje kva årsak namnet hadde, men han var i NS under 2. verdskrigen. Stylke (å) Å miste fjør. “Hønsinje stylka”. Styng (ein/eit) D.s.s. sting. Flt. ”styngje”. ”Æg hadde sleke styngje for bringine”.

Styrevol (ein) Styrestanga t.d. på seglutrusta færing. Stæng (eit) Fangsten i eit “kast” vart sett i eit “stæng” el. mære til ein kunne ta den opp/levere den. Stød /stø (ei) (Ø/y-lyd). Renna som går frå naustet til sjøen og som har “vorrar på begge sider. Stål (eit) Brukt i mange samanhengar. T.d. om turrhøyet i låven, “høystålet”, ”nedi ståla”. ”Storestålet” fyllte ”næste låvinj”, medan ”lisjestålet”, som var hosåtten, var oppe - til høgre for låvedøra og på hjellen-. Men og om t.d. ein sildestim. “Da sto stålet--”. Og om skodda som kunne stå som eit ”stål” i havet. Sudd(e) (ein) Utt. “sodd”. (O-lyd). Uttrykk frå sløyden. Dott av pussegarn el. av mjukt stoff. Vart dyppa i politur for å finpolere med. Sul (eit) Vassblanda myse/surmelk til drikke. Farfar brukte dette uttrykket - og “blande” - om einannan. Også om surmelka ein hadde på grauten, og som ein og hadde på ”hakka” kokte poteter for eit lett måltid. Supa (ei) Suppe. Beskriv ein konsistens - ikkje ein matrett. Alle slag: Grynsupa, melkesupa, saftsupa, sagosupa, ætresupa, sementsupa o.s.b. ”Mølsupa mæ surt i”. Sute (ei) Rulle av tre til å sette på båtripa. Til å hale fiskereiskap på. Ca. 1 m. lange til torskegarn, 0,2 m. til snøre/pilk. Mellomstorleik til line/smågarn. Svene (å) Om å minke i omfang. T. d om nyslått høy. La det ligge ei stund før ein hadde det i hesje. Men og om person som svena vekk (sjukdom). Svinevore (vere) Uttrykk for ufin/fortrædeleg tilstand/handling. ”Noke so svinevore”. Svokk (ei/eit) O/å lyd. Er ei dump/ujamnheit. Svångje/ane (ein) (Svange). Kroppsdel. Kjøtet mellom ribbene og låra. Mest brukt om dyr. Kjøtet vart mykje nytta til å lage rull(pålegg) av. Sylme (å) Ein slag aktivitet. Kanskje i noko nedsetjande, misunneleg tyding. “Sylme mæ”. D.s.s. stelle med, grisle med. “Hanj sylma i pænge”. Sæde (eit) Fellesnamn om om det meste som kunne setjast i jorda. Så vel setjepoteter som såkorn/grasfrø.

Særlege namn (menneke frå garden [64/1]) Farfar sin far, og hans brør som reiste ut, vart nemnde slik (etter staden dei slo seg ned): “Lars på Lesto”, f. 1850. “Ole (Ola) i Nordland”, f. 1852. “Anders på Legå” (i “Låninje”), f. 1854. Sjå og ”Gamlelesto”. “Peder (Per) i øyå” (Herøy M&R), f. 1856. “Sivert i Sogn”, f. 1858. (Sjå Arthur Lesto 1990 “Ei slekt--” frå s. 24). Sæte (å) Å lage såter. Siste del av høytørkeprosess der ein ikkje hesjar. Vi “brøydde” høyet om morgonen, ”snudde det” i løpet av dagen og “sætte” det til kvelds i fleire dagar. -Til det var turt nok å ta i hus. Sætr (ei) Vårt ord for seter/støyl. “Kjynnjå va på sætrinje kvar sommare”. “Vi måtte på sætra morgå å kveld”. Sævalinj Daglegnamn på Sigvald Dybedal Og kalla “Bakkesævalinj”. Søtemøse “Ø” i møse har ø/y-uttale. Ord med omvent tyding. Om ugreie/problem, “harde tider”. “Da va’kje noke søtemøse--”. Søyle (ei) Vi sa ikkje: sølepytt, men ei “søyle”. Men ei arkitektonisk søyle var og ei “søyle”. Søyme (ei/ein/å) Dagdrøymar. Søymete: Vere klønete/sein - få lite gjort. “For enj søyme”. Søytel (ein) Eit av Kåre Berstad sine uttrykk. (Negativt, men ikkje ”forbode” kraftuttrykk.). D.s.s. “stropl”/“stovn”. “Enj go søytel”. Elles eit av dei mange uttrykka som kunne tyde det ein ville det skulle tyde til ei kvar tid. Så (ein) Stor tønne. (Lagring/oppbevaring/brygging). Den største vi høyrde om her vart kalla “Norsjynn”, og var i Bersbygdinje ein stad. Såd (ei) Lite/smått. Brukt som: t.d. “Hanj fekk ikkje ei såd”. “Hanj åt ikkje ei såd”. (“Sæde”, frø). Såne (å) Om matvarer. Verte øydelagd av klima/alder. Karaktristikk av spesiellt stadium i prosessen. Spekeflesket harskna og “såna”. Såte (ei) Vanleg namn på terrengformasjon. Vi nytta ordet for dungane som vart laga under turking eller samlig av høy. ”Vi må ut å sæte før da bjynde å rigne”.

Ta tørn Om å burde gje seg/slutte. “No må du ta tørn mannj”. Tagne (å) Stilne av. Om både ver og “sod”. Tesprengande (vere) Tilspringande. D.s.s. å vere enkelt. ”Da va kje so tesprengande”. Tev(e) (ein/å) T.d. “å få teven av” var ikkje brukt hos oss. Å teve i tydinga “å pæse” var derimot vanleg. “Dyrå sto bærre å teva i heta”. Tikse (ei) D.s.s “fantefillje”. “Du æ mæg ei go tikse”. Brukt om småjenter stort sett. Sjå og “kjellje”. Timbr/tembr D.s.s. tømmer. ”Da æ godt tembr i ditta husa”. Tir (ein) D.s.s. ein stabel – smal og høg. Tirgestikke (ei) Ertekrok. Brukt både om han -og hokjønn. Tjon (eit) ”Ein god handel”. Og t.d. ”Hanj jore et tjon då hanj fekk fat i denj kånå”. Tog (eit) D.s.s. tau. (“Børetog”, “jøretog”). Tollj(e) (ein/å) 1. Bearbeidd ull. Den ferdigkarda luftige ullstrimmelen som er klar for spinning. 2. Om rot / tøv / tull. “Dinj tollj / tolljeballje”. “Tolljefære”. Tomling (ein) Drikkebeger for “sterk drykk”. Oldemor Johanne hadde ein punsjbolle og 6 eller 8 tomlingar i sølv i si tid. Det vart sagt at ho selde dei for 5 kroner til ein omfarande kramkar omlag 1900. Tonnje (å) O/å-lyd. At ting tørka. “Tonnje klænå”. Når høyet etterkvart “tonnja i hesjå” eller på “markinje” vart det turrhøy til slutt. Toppleide (å) Far sitt disiplinuttrykk for å holde i nakken, kragen eller “hårgarinj”. “Hanj vart toppledde”. Tops(e) (ein) Ein av våre variantar av “tufs”. Torre-navar (ein) Trøyttsam, kjedeleg type (å høyre på). Ikkje uvanleg karaktristikk av m.a. politikarar, prestar, predikantar og andre dosentar. Torv-a-te (vere) D.s.s. “På tide”, el. “absolutt nødvendig”. T.d.: “Da va no torv-a-te da vart jort no”.

Tove (å) Måte å lage eit slags filtstoff på. “Tove lodda” t.d. Brukte vaskebrett og kraftig såpevatn. Hjå oss var “lodda” produktet, men eg vil tru at prosessen kunne nyttast for framstilling av ulike produkt. Trant (ein) D.s.s. snut el. munn. «Du skolde hatt dæg enj pån trantinj». Travald (ein/eit) Uhell/ulukke/skade (person og ting). “Hannj ha vore ute for et travald”. “Da va no noke te travalde”. Trave (ein) «Fante», luring, småkjeltring. Trebole (ei) 1. Vassblemme i nevane etter arbeid. 2. Leik. (Bole). (Variant av gøymsle). Populær på Eide skule rundt 1950. Treklopp (ei) Namnet vi nytta på ”regnfuglen”, svartspetta, som med sin lett kjennelege lyd etter - vår tradisjon -varsla regn. Trelapp (ein) D.s.s. tresko/treklogg. Treneve (ein) Person med lite handlag for praktisk arbeid. Vere “trenevete” el. “trenevinj”. Eller vere ein “treneve”. Trive (å) D.s.s. å ta fatt i el. huke fatt i. Er hastverk/bråttom over denne rørsla. “Vi treiv ‘ånå før ‘anj datt”. Trivle (å) Om lag d.s.s. å leite og streve. Men ikkje i fysisk forstand. Men brukt som t.d. ”Hanj trivla itte orå”. (Han strevde med å finne orda som skulle til). Trod (trodbord) Bordgangane ein la på sperra som underlag for takstein. Ofte 2. sortering matrial som vart dekt med papp før steinen vart lagd. Trode (ei) Ei lang tynn trestamme. Brukt t.d. å henge sild på for turking. Men og ”fisketrode” som er d.s.s. fiskestong. ”Bambustrode”. Trog (eit) (O/å-lyd). D.s.s. trau. “Bakstetroje” vart brukt til å lage flatbrøddeig i. Elles brukte til ulike formål. Bere mjøl og anna forråd i frå/til stabbur, - og klesvask i. Tromle (å) Funksjonen ein trommel har. ”Tromle åkr.” Tromme (å) Brukt om å måtte mase på.

Troske (å /ei) Treske (korn). “Midt i troskjinje”: D.s.s. midt i sesongen/onna eller også midt i prosessen. Trutne (å) O-lyd. D.s.s. å tettast. Når treverk syg vatn og utvidar seg. T.d. når den turre tre-båten vert sett på sjøen og tek til å trekkje vatn i bordgangane. (Motsett av å ”gisne”). Trykkert (ein) ”Dørtrykkertinj”. I dag heiter det ”dørvridar”. Træge (å) D.s.s. å angre. Trængde (vere) (Av å trengje seg på). Å måtte på do. (“Pissetrængde”). Trøyte (å) Omlag d.s.s. å nøyte. (Nøyte oss, trøyte da). Tråm (ein) D.s.s. eit avgrensa stykke. Ta enj slåttetråm. Ei ”skårebreidd” t.d er. ein “tråm“. Det kan og vere ein tråm i grautfatet, eller i eit område som skal ryddast7vert rydda. Turinj Kjæle/klengenamn på onkel Arthur. Brukt både av farfar og farmor og andre. Tvau (talet 2) Etter farfar og farmor. Litt forvirrande kanskje. Dei kunne seie m.a. slik: ”Hanj hadde to kjyr, men dei va jeldkratur beggje tvau”. Det ”smakar” både engelsk og svensk av dette. Tver’fre / tverfer (vere) Motvillig, treg, vanskeleg, negativ, ”streteinj”. “Ka du æ so tvær’f’re føre”. Tvore/tvåre (ei) Trereiskapen ein rørde grauten med. Toppen av gamle tørka juletre var fine emne til dette. Tyde (å/vere) Tradisjonell tyding som verb, men og d.s.s. å vere tam (om dyr). Også om å vere spak. Mykje brukt som i: “Han/ho/dei va’kje tyde”. D.s.s. -var ikkje nådig/blid. Tyl(e) (ein/eit/å) Eit av dei vanlege (negative) orda som var i bruk. Variant av tulling, (“tollj”). “Tyl(e)fære”. Å tyle seg. Tyltre (ei/vere) Kvifor det vart eit hokjønnsord veit eg ikkje, men vart brukt i fleire tydingar. Både om å vere stakkarsleg og om å vere spesiell el. vanskeleg. ”Ei go tyltre”. Vere ”tyltrinj”.

Tytte (ei) Kvinne. Sjå “kjellje”. “Hon va ei go tytte”. Tæmse (å) 1. Fomle med. “Dæ’kje noke å tæmse mæ”. 2. Uklår tale“. “Hanj sto bærre å tæmsa”. Tærre (om klima) T.d. “hesjetærre”. Generellt godt verlag for pågåande onnearbeid. Vere seg vår, sommar eller haust. “Møkatærre”, “hesjetærre” o.s.b. Tæve Uttrykk eg fyrst høyrde på Berstad. D.s.s. “det slag” i mi tyding. “Æg såg ikkje tævå”. Tøle (ei/eit) 1. Om jente / kvinne som hadde gjort noko dumt. Svært vanleg ord i dagleg tale. 2.“Hanj hadde bærre rot i tølå sine”. ”Ækje da borti tøla dine enj kvarstess” Her er “tøle” d.s.s. (noko uoversiktlege)saker el. eignaluter. 3. (Ø/y-lyd). Platting, golv eller underlag. T.d. Oppå/bort på/helt ne’på tøla. Tørl(e) (ein) Om tråd/ullgarn. Farmor brukte ordet mykje. Også om å snurre tau rundt ein staur t.d. Ta/slå ein “tørling”. Tilsvarar “enj tørning”. Etter kva eg hugsar og brukt om ein krøll med tråd. Tøyme (å) Dorge med handssnøre -og sandmakk til agn- om våren. Vårt “felt” var vanlegvis langs stranda mellom “Bersholma” og “Lestonesa”. Makken spadde vi i Lestovika. Tidtrøyte far og tok seg tid til om våren. Tøyr (om klima) Turr god luft. Kanske avleidd av “tærre”/ “torrveir” eller “tøveir”? Mykje brukt når telen gjekk utan regn m.a., og i onnene. “Vi får trøyte da, (eller nøyte oss), meda vi har tøyrinj”. Tåg (ei) Røter -gjerne av einer. Sjå t.d. “hamleband”. Også brukt i kjipehandverk, til trinser på skistavar, o.s.b. I eldre tid og til skibindingar. Tång(ja) (ei) 1. Om reiskap sjølvsagt - knipetång, men og 2. Jøre-hjelpemiddel til høylassa. Tre lekter av rogn/hatl eller annan seig ved, omlag 2 m. Festa i tverrstykke -omlag 0.6 m -i kvar ende. Lagd opp på høylasset vart framenden surra fast med jøretoje framme på vogna/sleden. Toje vart drege under vogna og oppatt og rundt ein tapp bak på”tångja” og så “jøra” (stramma/pressa) vi lasset saman. 3. Tangplanten. 4. “Ned i tånjgjinje”. D.s.s. i strandkanten.

Tångsime (ein) “Jøretoje” på “tångjinje”.Å surre fast (“jøre”) lasset med. (Sjå “jøre” og “tång”). Tåte (ei) Før tåtesmokken si tid vart ei passe mengd høveleg mat putta i ein liten tøypose og så tygd til graut av ein vaksen (mor?), og deretter putta i munnen til babyen.


U - Å

Uhamslinj (ohamslinj) (vere) Frå hám. Uvøren kledd, uflidd, i motsetnad til “hamslinj” (som var lite brukt). Uhygde (vere) D.s.s. “fælen”. “Æg vart uhygde ta heile greiinje”. Ulster (ein) Vinterfrakk, tjukk, fora og sid. Uskjyrinj (vere) Uvøren, ugrunna overmodig. Ut a(v) sjikks (vere) Dette var måten å seie det på her i heimen. D.s:s uskikka, ueigna eller ute av funksjon. Utigarinj Daglegnamnet på “Øvre Bortne”. “Hanj Sverre i Utigara”. “Ut i Utigara”. Vansam(e) (vere) D.s.s. å vere kresen, men er eit negativt ord. Om personar som ikkje likar maten etc. Varle (å) Uklår tale. Medvitslaus / svak / uklår. “Hanj va helt varlinj i måla”. Vassfløde (ei/eit) Om flaum og store vassmengder. Vasshagl Ikkje eigenleg hagl, men frose regn som likevel er så blautt at det vert knust ved nedslag. Vass-sele (ein) Berereiskap. Profilert trestykke ein hadde over nakken/skuldrene. Togstump i kvar ende, med krok til å hekte i vassbytte/melkebytte m.v. Veine (å) Rote seg bort / vere usikker. “Hannj må ha veina seg vekk”. “Noke te veining”. Veir (ein/eit) 1. Saubukken kalla vi veir. 2. Og vi snakka om ”veir og vend”. Veit (ei) D.s.s. grøft. T.d. “dæleveita”, “veiveita”. “Å ta ei veit”- eller “å veite ei -”: D.s.s. å grave ei grøft. Velte (å/ei) 1. Sjølvforklarande. 2. I ei “velte” kunne t.d. vere høy, riven eine eller greiner (ved). Den hadde “rasjonell” storleik for å velte ned bakkane og til gards. Vevreid(e) (ein) D.s.s. vevstol.

Vikje (å) Tømrar/snikkaruttrykk. Om ”å setje opp ei sag”. Td. tømmermannsblad. Nytta ei spesiell tang for å få tennene til å peike - annakvar - til kvar si side. Vinde (å/ei) Å vinde eit nyste med tråd/garn, men og: 1. Omlag d.d.s. jønse, men mindre. Difor som t.d. i dorgevinde. 2. Brukt og om borereiskapen: ”Borevinde” Vindedør (ei) Utbygget i øvste høgda på sjøhus. I utbygget var hjulet (vinda) som var hovuddelen av heiseinnretninga i slike hus (buder). Vindstirr (ein) Falken som ”står stille” i lufta. Vinnje (ei) Tilnærma det same som ei onn (som ikkje vart brukt hos oss). Mest brukt om ”vårvinnjå”. Viske (høy) (å) Ta høykroken > drive den inn i stålet for å dra ut tustar med høy som så vart bunta saman i høveleg ball/rasjon. Enkel å ta til fjøset og til krybbene. (Meiner å hugse at ”visk” er d.s.s. dott). Vode (å/ei/ein) O/å-lyd. 1. Prat -tomprat. “Hanj bærre voda”. “For enj vodele”. 2. Når småsei droga og sprala på fjorden: “Dar æ ei voldele småseidevode bort på”. Vodel (ein) Staden der ein kryssa bekken/elva. Men og karaktristikk på ein pratmakar. Sjå våle. Voldele Veldig/voldsomt/særs mykje. “Da va et voldele lass”. “Hanj åt voldele”. Volende (ein) Uttrykk frå slaktinga. Når ”spiserøret” på dyret vart kappa vart det heitande ”volendinj”. Viktig å lage knute på den så ikkje gor kom på kjøtet. Vorr (ein) (O/å-lyd). Dei opplagde steinkantane (murane) som danna ”støda”. Sikkert avleidd av ”vor”, d.s.s. ”ra”. (Stein/grusrygg). Våle (å) Samanhengande/vedvarande prat/tullprat. “For et vål”. Sjå og “sod” og ”vodel”. Vårbære (ei/vere) Om ku som skal kalve om våren. Vårjæle (ei) D.s.s. fregne. Det var ordet farfar/farmor brukte. Samsett av vår og jæl, men eg har inga aning om tyding eller bakgrunn. Kan hende fregnene tok seg opp med vårlyset? Vere ”vårjælete”.

Ylm(e) (vere) D.s.s. olm. “Hanj va bra ylme idag stutinj”. Frå tid til anna også flittig brukt om persongalleriet rundt oss. ¨ Ænde (ein) Ende/stubb. Og brukt m.a. som: “Du æ mæg enj go ænde”. Også fleirtalsform for and: “Ænde”. Ænjgjel (ein) D.s.s. engel. Æte (ei) Sjå “brye”. Ætelse Av å ete, men fellesnamn på insektangrep- det vere seg flått, mygg eller kva det no måtte vere ein fekk på seg, eller og t.d. insektskade i avling og matforråd. Men og om råte. Ætr (ei) Ert. (Fl. “ætre”). Øn(e) (eit/å) Tull / vås: ”Kor du øna”. Sjå også “røn”. Øt(e) (ein/å) Sivilisert ord for å “drite”. (Overfor småborn): “Ska vi setje oss på pottå å øte” (el. “kokke”)? “For enj store øt(e)”! Øyk (ein) D.s.s. bokmål “øk” -d.v.s. hest. (“Øyjkjinj”). Å bli opp i ikkje Farmor sitt uttrykk om aukande skrøplegdom. Så vel om menneske som om tilhøve elles. Åbølinj (vere) Oppøst/oppskjørta/støyande. Åfått (vere) ”Da va’kje møkje åfått mæ ’nå”. D.s.s. at det var ikkje så vanskeleg eller plagsamt for – eller mykje i vegen med han. Ål (ein) 1. Fisken sjølvsagt. 2. Om groen på poteter. Potetål. 3. Om det ”stillståande” bekksystemet i myrterreng. Vi hadde dette namnet på noko av bekkane ved Lestovatna. 4. Om ”teikningar” på fjorden - som vart oppfatta som eit varsel om regn. Ållj try (talet 3) O/å-lyd. Minner om engelsk. Farfar og farmor ville seie t.d. slik: ”Dei hadde tre pæne onga, mæn dei va helt utskjæmde (bortskjemde) å(o)llj try”. Åløkje (eit) Noko stort og svært: “Et åløkje ’a enj bil”. Ångel (ein) D.s.s. ”angel” – (fiskekroken). Ånke (å) D.s.s. å ynke seg, men og brukt om å “attelete”. “Ånke på”--”.

Åsn(e) (å/eit/ein/ei) Oppøst / nyfiken / uroleg. “Enj go åsn(e)”. “Noke te åsn”. „Ka du åsna itte“? Åt Brukt om mark/snylteinsekt i matvarer. Men og om fiskeyngel som vaka på fjorden. Ått/åtte (av verbet å eige) ”Dei åtte --- ” (eigde). ”Denj so konnje ått---”. Åttafær(e) (ei) Åtferd/oppførsel. “Æ slikt noke te åttafær”? “Ka ditta æ for slags åttafære”? Åvate Om retning. D.s.s. ovanfrå el. oppe frå. T.d. “Dei kom åvate fjellja i går”. Vi hadde og: (“Synnjate”, “norate”, “vestate”, heimatte”, nedatte o.s.b). “Ned atte” = d.s.s. ned igjen, medan “nedatte” eller “nad’atte” tyder nedanfrå. Om lag same gjeld for dei andre omgrepa. ”Åvertyl på tolljerinå” Far sitt utrykk. Direkte oversett: ”Overtulling på tulleriet”. Om leiande personar som etter hans meining utmerka seg særskilt negativt, uansett stilling og stand.