Kjødepollvisa

Frå Selje.info
Versjonen frå 25. desember 2010 kl. 18:14 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Category:Bygdesongar Tekst: Ivar Kjøde, februar 1940

Eg likar Kjøde ein vinterdag
når alt er dekt av snøen.
Her får ein friskaste andedrag
på kal…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Tekst: Ivar Kjøde, februar 1940

Eg likar Kjøde ein vinterdag
når alt er dekt av snøen.
Her får ein friskaste andedrag
på kalde vinterdag.
Snøen ligg kvit over bøen,
isen ligg stålblank på sjøen.
Solen den glitrar i lidakoll,
då er det fagert i Kjødepoll.
Jentende jodlar på isen,
det er den nyeste visen.
Gutane sportar på land og på sjø,
..... og på is og snø.

Eg likar Kjøde på sumarstid
når skog og mark er grøne.
Fjorden ligg speilblank og blå og blid
og gauken gjel i lid.
Makrelen blinkar i sjøen,
nøter står ferdig i støen.
Bilerne susar på veiene,
buskapen beiter i heiene.
Folkje er oppe i otten,
for no dei strevar med slåtten.
Og so kvar laurdagskveld,
møtest vår ungdom på sæter og fjell.