Kyrkjehaugen

Frå Selje.info
Versjonen frå 6. september 2016 kl. 07:30 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)

Vi veit ikkje sikkert kva som høyrde til Selje Prestegjeld frå fyrst av. Men ein er ganske sikre på at Vanylven høyrde til Selje ei tid. Jetmundkyrkja på Åheim er frå kring 1100 talet. Nordsida av Stadlandet hadde heilt til 1827 rett til å nytte kyrkja her, med plikt til å halde ved like eit sidebygg av tre. Fyrst i 1830 sa folket på nordsida frå seg retten til å nytte kyrkjegarden på Åheim. Men dette gjaldt ikkje gardane fra Otnes og innover. Dei forbeholdt seg retten til å nytte kyrkjegarden på Åheim imot å framleis holde den i stand. Denne retten vart nytta til ut i 1880 åra.

I feburar 1864 blei det innvia ny hovedkyrkje for Vanylven, på Slagnes. Frå Kjødepollen er det fortalt at når det var storm og uver, eller at isen låg på fjorden, og hindra folk frå å fare til kyrkje på Slagnes så samla folk seg på ein stad dei kalla for Kyrkjehaugen. Den ligg på Sneide, mot grensa til Enerhaug. Her kunne ein sjå over til kirka på Slagnes, og ved gode vindforhold også høyre kirkeklokka der. Om dei ikkje kom seg til kirke samlast dei her for å synge salmar, og det blei nok også tid til litt ”kyrkjebakken-prat”. Kyrkjebåtar frå Kjøde rodde tett framom Kyrkjehaugen, og her brukte folk frå lenger ute langs strand, og frå Moldefjorden å få far til kyrkja i Vanylven. Så om det ikkje blei mulig med far til kyrkje samla dei seg her.

Kyrkjehaugen.png
Bilde tatt på Kyrkjehaugen. Tre stenger for utsikta nordover.

Opplysningar frå Bygdeboka Selje og Vågsøy av Edvart Os, og forteling frå Olaug Ekerhovd som hadde høyrt om dette frå si mor. Ho viste ikkje når dette var , men trudde det kunne være på slutten av 1800 talet. Det kan også stemme med at kirka på Slagnes blei tatt i bruk i 1864. I dag er det mykje skog rundt området, så utsikta er ikkje som den var, skogen gjer nok også sitt til at ikkje lyden når fram på same måten. I tillegg har det blitt bygd veg i området, som også er blitt utvida og flytta litt på. Alt dette gjer at Kyrkjehaugen nok ikkje ser ut slik han gjorde når her var samlingar. I Bygdeboka står det om to steinar på på haugen. Her er nokre store steinar, men dei ligg ned i ei skråning, så kanskje dei har blitt flytta på ved vegbygging?

Kyrkjehaugen2.png
Steinane som ein kan lese om i bygdeboka.

Kyrkjehaugen3.png
På bilvegen like ovanfor Kyrkjehaugen er det utsikt nordover til kirka på Slagnes.