Lille-Kjøde (Gard)

Frå Selje.info
Kjøde.jpg
Foto: John Eley Kode, 1918
Bruka i Lille-Kjøde
Bruk nummer 1 Ivartunet (Bruk)
Bruk nummer 2 Hansane (Bruk)
Bruk nummer 3 Severingarden (Bruk)
Bruk nummer 4 Solheim (Bruk)
(Foto: John Eley Kode, 1918)

Lille-Kjøde (Gnr 4) ligg på vestsida av inste Kjødepollen i eit noko brattare lende. Denne garden har frå gamalt vore rekna som ein gard med gode soltilhøve, samt at garden ligg skjerma frå den verste havvinden.

Garden Lille-Kjøde er og ein gamal gard. Han er nemnd i skattemanntalet for 1563. Ingelbrett på Lille-Kjøde legg då 2 1/2 laup sølv i skatt. Garden er og nemnd i 1585 i jordboka til St. Jørgens hospital i Bergen, som då eigde 1/2 laup smør her. Resten av garden var bondegods.

Garden var opphavleg berre eit bruk, men i 1602 vart hospitalgodset eit særskilt bruk. Bondegodset vart i 1650-åra delt i to jamstore bruk. Det eine av dei var i 1660 - 70- åra brukt av to menn, den eine av dei var Abel, brukar på Sneide same tid.

Lille-Kjøde var ein av dei få gardane på Stadlandet som i 1657 hadde hest. Det var truleg for ferdsel øver Mannseidet si skyld. Over Mannseidet har det frå gamalt av vore mykje ferdsel mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Ved å fare over eidet unngjekk ein det vêrharde og farlege havstykket kring Stadt.

Skylda vart i 1836 sett til 5 skillingsdalar 3 ort 11 skilling, i 1886 endra til 6,92 spesidalar. Tredjeparten av garden var "spitalgods" (hospitalgods) og låg under St. jørgens hospital i Bergen. Hospitalgodset låg opphavleg under klosteret på Selja. Kaptein Synnestvedt kjøpte godset i 1805 for 65 1/2 riksdalar. Han selde til futefullmektig Fr. Matzau. Godset vart i 1854 løyst ut av brukaren Simon Rasmusson Lille-Kjøde for 200 spesidalar, og Simon vart dermed sjølveigar av bruket. Resten av garden var bondegods.

Ein sjølveigar er ein person som eig landområde han eller ho nyttar, og som har ein registrert rett (skøyte) til å nytte den. Tilbake i historia vart mykje av jordbrukseigedomane i Noreg eigde av kyrkja, kongen eller andre sjølveigerar. Så tidleg som i 1660 var ca. 1/5 av landområda i Sør-Norge eigd av sjølveigarar. Det neste århundre auka områda som var sjølveigde, og sjølveigarsystemet spredte seg til Vest-Noreg og Trøndelag. I Nord-Noreg starta fyrst denne prosessen etter 1850.

Lille-Kjøde var ein av dei få gardane på Stadlandet som i 1657 hadde hest. Denne vart truleg nytta for ferdsel over Mannseidet. Her har det frå gamal tid vore mykje ferdsel over det korte eidet mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Dette mellom anna for å unngå det verharde og farlege havstykket rundt Stad.

Lille-Kjøde hadde ei sæter i Krevassdalen. Denne sætra ligg 1 1/2 times gange frå Kjøde.


Eksterne lenker