Skilnad mellom versjonar av «Miljorda (Bruk)»

Frå Selje.info
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Line 149: Line 149:
Dei vart tekne hand om slik:
Dei vart tekne hand om slik:


1. Bernt kom til farbroren Peder Tollefsen Geisdal på
1. Bernt kom til farbroren Peder Tollefsen Geisdal på Lestobakkane. Han vart kalla "Bakke-Per" og er oldefar Magnus og Sverre Pileberg m.f.           
  Lestobakkane. Han vart kalla "Bakke-Per" og er oldefar                
 
  Magnus og Sverre Pileberg m.f.           
2. Johan kom til morbroren Bernt Iversen Tverberg i Syvde.
2. Johan kom til morbroren Bernt Iversen Tverberg i Syvde.


3. Tomine kom til Sivert Johannes Sylte på Berge,  
3. Tomine kom til Sivert Johannes Sylte på Berge, bnr. 3. Ho vart gift med Rasmus Monsen Berge. Ho er mor til Sivert og Oskar Berge, og såleis bestemor til Trygve Berge.
  bnr. 3. Ho vart gift med Rasmus Monsen Berge.
  Ho er mor til Sivert og Oskar Berge, og såleis
  bestemor til Trygve Berge.


4. Knut kom til farsystra Stine og Lars Simonsen på
4. Knut kom til farsystra Stine og Lars Simonsen på brn. 2 på Lesto. Knut tok namnet Hove. Han er far til Tollef Hove, som bygde og budde i det raude huset utanfor kyrkja.   
  brn. 2 på Lesto. Knut tok namnet Hove. Han er far til  
          Tollef Hove, som bygde og budde i det raude huset utanfor kyrkja.   


"BENT" og "BENT-ANE"
"BENT" og "BENT-ANE"
Line 252: Line 246:
Far bygde den oppatt der den står i dag, for erstatning frå vegstellet. (Låven vart riven og i dag er det bustadhus på den muren)
Far bygde den oppatt der den står i dag, for erstatning frå vegstellet. (Låven vart riven og i dag er det bustadhus på den muren)


Leif Lesto - lagt inn des.2010
 
'''Leif Lesto - lagt inn des.2010'''

Versjonen frå 1. januar 2011 kl. 14:11


Miljorda på Lesto. Gnr. 64, bnr. 3 i Selje kommune.

Bildegalleri


Historia - før bruk nr. 3 vart frådelt

Før 1961 var bruk 2 og 3 var ein gard.

Utan om Lars var dei 7 andre syskjen:

Mattis (lisje-Mattis) drog til Ålesund

Andrina vart gift på Kvamsøy på Møre

Stine " " i Romsdalen

Jørgine " " i Sekken i Romsdalen

Rasmina " " i Ålesund

Aletta drog til Amerika (ugift ?)

Laura " " " vart gift.


Bruk nr. 3 kom fyrst til som eige bruksnr. i 1861, ved at bruk nr.2 vart delt. Bruk nr. 2 omfatta på den tid dei to gardane som vi no nemner som Rystajorda og Miljorda.

Før delinga stod husa på garden på Milhauen ved grensa til Mariusgarden - bruk nr. 5 - i området der garasja til Leif Lesto står.

Axel Hansen Lesto, f.Liset ("gamle Aksel") som dreiv bruk nr.2, løyste ut/kjøpte dette bruket frå St. Jørgens Hospital i 1847 for 500 spd. (spesidaler). Han vart dermed sjølveigar med råderett over jorda.

Han og kona Anne Pedersdtr. Lesto (Aksel-Anne)fekk 3 born:

Magdeli Axelsdtr. f. 1829 d. 1916

Peder Axelsen f. 1839 d. 6 dg. gml

Anne Axelsdtr. f. 1845 d. 1922

Axel selde halve jorda i 1861 til svigersonen Mathias Andersen Sletteberg, som gifte seg med Magdeli. Bruket fekk bnr.3.

Axel selde resten av jorda til Anders Andersson Einerhaug i 1877. Denne delen vart framleis brn. 2, og vi kallar den Rystajorda.

Anders Andersen Einerhaug, gift med Tomine Gjesdal, bygde opp husa i "Rysta" der dei står i dag. Han fall ned ned i Lestofjellet under vedhogst, og slo seg ihel, 56 år gamal. Dei hadde 8 born. Den ein av desse var Lars Andersen Listhaug ("gamle-Rysten"), bestefar til Anne Drabløs.


Om brukarane/eigarane av Miljorda

Matias Andersen Lesto ("Gamle-Mattis") (1831 - 1921)

Første eigaren av bruk nr. 3.

Slekta til Mattis. Mattis kom frå Sletteberg på Årsheim.

Foreldra til Mattis var: Anders Olsen Tunold og Birthe Henningsdtr.

Garden Sletteberg på Årsheim vert nemnd frå 1500-talet, Fyrste 200 åra var den på vekslande hender, og låg i tider aude. Anders Olsen Tunold kom frå Tunold i Stryn og slo seg ned på garden. Han gifta seg med Birthe Henningsdtr. frå Storekjøde. Dei fekk 3 born:

1. Ola Andersen Sletteberg som overtok garden. Han er m.a. bestefar til Olaug Kvamme Listou, Håkon Hansen kjøpte garden av Ola Sletteberg.

2. Ragnhild Andersdtr. som vart gift på Stokkeneset.

3. Matias Andersen Sletteberg kom til Lesto. (Mattis er såleis slekta til Olaug Kvamme Listou)

Mattis kom som dreng på garden til Axel (bruk nr. 2). Han vart gift med eldste dottera på garden, Magdeli,f.1829.

I 1861 selde Axel ein del av garden sin (bnr.2) til Matias.

Denne del av bruk nr. 2, vart bruk nr. 3 og sjølvstendig eigedom i 1861, Den fyrste eigaren vart Matias Andersen Sletteberg. Som skikken var tok han namnet Lesto.


Slik vart Mattis og Magdeli dei fyrste eigarane av bruk nr. 3 på Lesto. Mattis kjøpte ei stove inn i Nordfjord, som han bygde opp på Hauen. Den vart kalla Mattisstova.

Han vart kalla Gamle-Mattis då det budde ein annan Mattis - Lisje-Mattis i den fyrste stova, bror til Gamle-Rysten.

Hauen der stova sto vart då kalla Mattishauen (idag Milhauen).

Dei døde barnlause. Mattis i 1921. Magdeli i 1916.

På garden finst idag reidskap og utstyr som Mattis merka med M A S L (Matias AnderSon Lesto). F.eks. det store ausekaret som vi nyttar som juledekorasjon.


Bernt Cornelius Gabriel Tollefsen Hatlenes ("Bent") (14.12.1852 - 1924)

Andre eigaren av bruk nr. 3

Bent si historie er slik:

Foreldre:
Torleif Torlefsen Gjesdal f. 25.1.1827,d.23.3.1864.
Serine Ingeborg Iversdtr. Tverberg i Syvde f. 1830.

Far til Bent - Torleif flytta til Selje 19 år gamal 14.4.1845 for å tene. Den 18.7.1851 gifta han seg med Serine Ingeborg.
Far til Torleif : Torleif Samsonsen.
Mor til Torleif : ?

Far til Serine Ingeborg: Iver Botolfsen ( 1803-1879) Mor til Serine Ingeborg: Brita Jakobsdtr.Brudevoll(1802- 1879). Dei budde på garden Tverberg g/bnr. 85/1 i Syvde. Iver var skulemeister.

Torleif og Serine busette seg i Hatlenes, truleg på på det bruk som Jørgen Hatlenes har i dag.

Dei fekk 5 born: 1. Bernt Cornelius Gabriel f.14.12.1852 2. Johan Thomas " 10. 5.1855 3. Tomine " 18.11.1857 4. Knut Olai " 28.12.1860 5. Oline Martha " 29.12.1863

Dei hadde det sikker som folk flest på denne tid, men fyrste halvår i 1864 vart eit syrgjeleg år for denne familien:

Den 14. 1.1864 døde Oline Martha Tollefsdtr. Hatlenes berre 16 dagar gamal.

" 23. 3.1864 døde Torleif Torleifsen Hatlenes 34 år gamal. "Bragtes syg hjem fra fisket på Søndmøre og døde dagen efter".

" 15. 6.1864 døde enke Serine Ingeborg Hatlenes 34 år.

Dette halvåret døydde altså far og mor, 34 år gamle, og den yngste dottera deira.

Åleine - utan foreldre - sat att 4 born frå 11,5 år til 3,5 år.


Dei vart tekne hand om slik:

1. Bernt kom til farbroren Peder Tollefsen Geisdal på Lestobakkane. Han vart kalla "Bakke-Per" og er oldefar Magnus og Sverre Pileberg m.f.

2. Johan kom til morbroren Bernt Iversen Tverberg i Syvde.

3. Tomine kom til Sivert Johannes Sylte på Berge, bnr. 3. Ho vart gift med Rasmus Monsen Berge. Ho er mor til Sivert og Oskar Berge, og såleis bestemor til Trygve Berge.

4. Knut kom til farsystra Stine og Lars Simonsen på brn. 2 på Lesto. Knut tok namnet Hove. Han er far til Tollef Hove, som bygde og budde i det raude huset utanfor kyrkja.

"BENT" og "BENT-ANE"

Bernt Tollefsen Hatlenes vart gift med Anne Helene Axelsdtr. Lesto, f 1845, d. 1922. Anne og Magdeli var systre - Mattis og Bent vart svograr.

Dei busette seg hjå Magdeli og Mattis på Mattishauen.

Bernt tok etternamnet Lesto, Han vart til dagleg kalla Bent, ho vart kalla Bent-Ane.

Anne vart konfirmert 15. sept. 1861 og presten gav henne denne karakteren: "Ganske brav og meget ettertenksom". I folketeljinga frå 1865 står Bent oppførd som "tjenestekarl hos Peder og Pernille på Lestobakkane".

Bent og Ane fekk ei dotter: Alette Serine Marie f. 5.12.1888. Ho døde ca. 1 år gamal 1. juledag 1889.

Bent fekk skøyte av Mattis på bruk nr.3, den 4.januar 1897. Bent var fleire ganger i Nordland på sildefiske m.m.

Ein eller annan stad hadde han lært seg til skomakar, for så tidleg som i 1888 er han i kyrkjeboka nemnd som skomakar. Bent dreiv som skomakar, Skomakarskrinet m.m. finnst enno på garden. Den store rosemåla kista hos Leif Lesto var Bent-Ane si.

Bent skøytte over garden til Emil Larson Lesto den 6.3. 1922. Historia om dette salget vert fortalt seinare. Ved dette salget i 1922 kom garden over i LESTOSLEKTA.

Bent døde av kreft 72 år gamal i 1924. Han hadde då vore enkjemann i omlag 2 år.

Julius Hartmann si skisse måla trulegi 1922 – venen Emil overtok eigedomen. Det er nok Bent-Ane på det siste - som er avbilda. Ho døde i 1922. Originalskissa fekk Leif Lesto med Ragnvald Berge i 1997.


Emil Hans Larson Listou ("Mil") (21.03.1885 - 30.07.1969)

Tredje eigaren av bruk nr. 3.

EMIL HANS LARSON LISTOU ( "MIL" ) F. 21. mars 1885, d. 30. juli 1969.

Familieforhold: Emil var den 4 i rekkja av 10 syskjen på Ytre Lesto, bruk nr.1. Foreldra var Lars O. Listou og kona Johanne. Om Lesto-slekta syner eg til "Ei slekt gjennom 350 år" av Arthur Lesto. Om Emil på side 39. Sjå elles frå side 26.

Emil er bror til Ole Listou, som er Leif Lesto sin bestefar. Emil kjøper gard. Den førre eigaren - Bent - vart enkjemann i 1922. Han var då 70 år gamal. Emil var 37 gamal i 1922. Han budde heime på farsgarden, og var framleis ugift.

Den elste bror hans, Ole Listou, rådde han til å kjøpe garden til Bent. Emil som hadde agronom-utdaning frå Mo landbruksskule i 1905, kunne på denne måten komme seg til seg eigen gard.

Emil kunne på den tid ikkje ha vore særleg flink til å forhandle, for det lukkast ikkje å overtale Bent til å selje garden. To av systrene til Emil hadde tjuvlytta ved vindauge då Emil kjøpslo med Bent. Dei meinte at storebroren Ole måtte bli med dersom det skulle bli nokon handel. Det vert fortalt at Ole tok med drammeflaska og fekk avgjort handelen.

Emil fekk skjøte på eigedomen, datert den 21.2.1922. Tinglyst den 6.3.1922. Kjøpesum kr. 3.000,- som skulle oppgjerast slik: kr. 2.000,- innen 14. april. Resten, kr. 1.000,- rentefritt mot oppgjør innan 3 månader, med pant i eigedomen denne tida.

I skjøtet er spesifisert kårrettane til Bent, slik det var vanleg den tida. Det er oppgjeve nøyaktige kvanta av melk, poteter, kjøt, korn og mel, m.m., fritt hus og pleie osv. (Skjøtet er oppevart av Leif Lesto).

Kårpliktene overfor Bent gjekk ut då Bent døde i 1924, og Mil kunne fritt ordne som han ville på eigen gard. Emil si tante - Ane "Gamle-Ane" frå "Janhauen" (Mariusgarden) budde i kammerset i huset til Emil til ho døde i 1956. Sjå meir om "Gamle-Ane" og den delen av slekta frå side 133 i "Ei slekt gjennom 350 år".


Lars O. Lesto (25.1.1908 - 8.6.1984)

Fjerde eigaren av bruk nr. 3.

Lars O. Lesto, brorson til Mil, var eigar av bruk nr. 1 på Lesto. Om familieforhold, sjå "Ei slekt gjennom 350 år" side 29.

Han kjøpte garden av Mil i 1964, med tanke på at ein av hans born skulle kunne overta den seinare. Garden var nytta som tilleggsjord til bruk nr. 1. Fjøset i Millada vart ombygd til hønseri. På det meste var det ca. 150 høns der.

Eg - Leif Lesto - den 3. av 4 syskjen vurderte å byggje hus i Milbakken i 1970. Eg var ugift, og ville berre byggje for å ha eit investeringsobjekt. Eg fekk tegna eit høveleg hus. Vegstellet ville ikkje gje løyve til avkøyrsle, og planane vart lagde på is. Seinare vart eg forlova, og byggeplaner vart aktuelle att.

Far ville at eg skulle få overta Miljorda. De viste seg vanskeleg å skilje den frå bruk nr. 1, p.g.a. at begge eigedomane i ei viss tid hadde vore drivne saman.

Derfor fekk eg frådelt tomta "Milhaugen" gnr. 64, bnr. 10. Skjøte tingl. 7.10.1971. Seinare vart formalitetane ordna, og den 29.11.1971 vart det tinglyst skjøte på bnr. 3 også.

Den nye riksvegen som var under anlegg, førde til at Millada måtte rivast. Far bygde den oppatt der den står i dag, for erstatning frå vegstellet. (Låven vart riven og i dag er det bustadhus på den muren)


Leif Lesto - lagt inn des.2010