Skilnad mellom versjonar av «Prestegarden (Bruk)»

Frå Selje.info
Line 62: Line 62:
Prest i Selje frå 1875 til han døydde i 1882. Lærebokforfattar og skogreisar.
Prest i Selje frå 1875 til han døydde i 1882. Lærebokforfattar og skogreisar.


===Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (1834–1913)===
===Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (21.07.1834 – 08.03.1913)===


Var prest i Selje frå 1883 til 1910. Fjorten av desse åra var han prost for Nordfjord.
Var prest i Selje frå 1883 til 1910. Fjorten av desse åra var han prost for Nordfjord.


Frå Ørskog, busett i Selje. Prest og politikar.
Frå Ørskog, busett i Selje. Lærar, prest og politikar. Strømme var og prest først i Kautokeino (1867-1870) og Talvik (1870-1877) i Finnmark, før han i 6 år var sokneprest i Hærøy på Sunnmøre (1877-1883).
 
Strømme var og kjend som politikar. Både i Kautokeino og Talvik var han ordførar. I dei to stortingsperiodane 1892-94 og 1895-97 stod han på fyrste varaplass, møtte på tinget både i 1893, -94, -96, -97. Fast stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus 1898-1900. 1893-94 var medlem av næringskomite nr. 1, på dei seinare tinga var medlem av protokollkomiteen.


===Erling Nerheim===
===Erling Nerheim===

Versjonen frå 12. september 2010 kl. 15:01


Prestegarden er bruk nummer 1 på gard nummer 56 Hove i Selje.

Bildegalleri

Om bebuarane på Prestegarden

Peder Gottfriedsson (ca. 1500-1560)

Var prest i Selje på 1500-talet.

Jakob Rasmusson Studt (1619-1659)

g. Maren Sørensdotter Friis.

Var prest i Selje 1647-59.

Det var Studt som fekk kyrkja flytta frå Bø til Hove. Sundt var kjent for å vere svært kunnskapsrik, og vart mellom anna brukt til å tyde innskrifter på gamle bautasteinar på Giske.

Claus Johansson Frimann (21.03-1666 – 09.12.1715)

g. Anna f. Harboe

Born:

  • Else Catharine Frimann (ca. 1700 - ?)
  • Anne Margrethe Clausdatter Frimann (1702-1775)
  • Drude Frimann (1705 - ?)
  • Peder Harboe Frimann (1713-1759), sokneprest i Selje

Født i Kvinnherad. Døde i Selje. Var prest i Selje frå 1709.

Diktarpresten Claus Frimann var sonesonen til Claus Johansson Frimann.

Peder Harboe Frimann (25.06.1713 – 18.06.1759)

g. Sara Cold (1714–1800)

Han var prest i Selje frå 1745 til 1759.

Born:

  • Claus Frimann (1746-1829), prest i Davik
  • Johan Frimann (ca. 1750 - ?), stadslege i Trondheim
  • Peder Harboe Frimann (ca. 1752-1839)
  • Isaach Severin Frimann (ca. 1755 - ?), sokneprest i Overhalla

Gabriel Heiberg (1769–1838)

Var prest i Selje 1806-1826.

Gabriel Heiberg hadde og «distriktskommandoen» over det lokale sjøforsvaret under to engelske fregattars angrep ved Silda i 1810.

Wilhelm Frimann Koren (1801-1891)

Var prest i Selje frå 1826 til 1875.

Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år. Første ordføraren i Selje.

Johan Daniel Stub Landmark (1820–1882)

g. Elisabeth Laurense Rein (dotter av Eidsvollsmannen og diktarpresten Jonas Rein)

Prest i Selje frå 1875 til han døydde i 1882. Lærebokforfattar og skogreisar.

Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (21.07.1834 – 08.03.1913)

Var prest i Selje frå 1883 til 1910. Fjorten av desse åra var han prost for Nordfjord.

Frå Ørskog, busett i Selje. Lærar, prest og politikar. Strømme var og prest først i Kautokeino (1867-1870) og Talvik (1870-1877) i Finnmark, før han i 6 år var sokneprest i Hærøy på Sunnmøre (1877-1883).

Strømme var og kjend som politikar. Både i Kautokeino og Talvik var han ordførar. I dei to stortingsperiodane 1892-94 og 1895-97 stod han på fyrste varaplass, møtte på tinget både i 1893, -94, -96, -97. Fast stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus 1898-1900. 1893-94 var medlem av næringskomite nr. 1, på dei seinare tinga var medlem av protokollkomiteen.

Erling Nerheim

g. Eldrid Nerheim.

Ivar Vik

Michael Wohlenberg

Kari Leine Balog