Selje

Frå Selje.info
Versjonen frå 12. september 2010 kl. 11:46 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (→‎Hove)
Selje - Bygdeinformasjon
Selje 100701.JPG
Foto: Stian Elde
Informasjon om denne bygda
Ca. innbyggartal 700
Nabobygder Selja, Årsheim og Moldefjorden

Selje er kommunesenteret i Selje kommune. Tettstaden har om lag 700 innbyggjarar og ligg sør på Stadlandet, innanfor øya Selja. I kommunesenteret ligg mellom anna kommuneadministrasjonen, Selje Skule, hjørnesteinsbedriftene Saga Boats og Skjortefabrikken Selje, Selje Kyrkje og Selje Hotel.

Frå kommunesenteret går ekspressbåtrute sør langs kysten til Bergen.

Fram til 1889 vart namnet Selje skrevet Selø eller Selløe.


NB: Denne artikkelen er endå ikkje å ansjå som komplett. Har du meir informasjon må du gjerne sjølv redigere artikkelen, så vert selje.info enda betre!

Gardane

Årdalen

Gard nummer 52.

I Selje er gardane nummerert frå nord mot sør, frå stranda mot Moldefjorden. Slik er det Årdalen som har første gardsnummeret som kan reknast med til bygda Selje. Årdalen har vore fråflytt sidan 60-70-talet, då siste fastbuande Arvid Årdal flytta frå bygda. Årdalen har ikkje veiforbindelse, og kan berre nåast til fots eller med båt.

Skårbø

Gard nummer 53.

Skårbø ligg heilt på enden av veien frå Selje.

Liset

Gard nummer 54.

Stranda

Gard nummer 55.

Omfattar bruka på "Gryttingane" og ut til Pileberget. Usikkert om namnet Stranda er heilt rett benemning.

Hove

Gard nummer 56.

Hovedgarden i Selje. Kjent som Prestegarden frå gammalt, og omfattar det meste av det som i dag er Selje sentrum.

Innanfor Prestegarden er det i dag ikkje relevant å snakke om ulike bruk, men heller ulike delar av garden der det i dag er bebyggelse. Les meir her.

Nabben er det som er kjent som Selje Sentrum. Her har handelsstanden helde til sidan tidlege tider med ei naturleg plassering mot sjøen og hamna i Selje. Her har vore både post og bank opp gjennom tidene, men i dag er det først og fremst COOP og gamle "Handelslaget" som domierer. "Handelslaget" rommer i dag blomsterforretning, konfeksjonsforretning og Selje Trevare. I tillegg er og gamle skjortefabrikken, i dag ei samling av offentlege kontor, ein dominerande del av sentrumsbildet. På ytterste tuppen av Nabben, Nabbetangen, er det bygd nybygg med leiligheter.

Frå Nabben og i retning av Selje kyrkje strekker Seljesanden seg langs sjøen. Området ovanfor Seljesanden har vorte betegna som "Skogen" [/skojen/], "Skogaveien", "Ut onde skojen". Området består av Øvstevegen og Nedstevegen. Omlag midt på Seljesanden ligg Selje Hotel. Rett nord for hotellet finn ein gamle sjukeheimen og gamle gamleheimen på kvar si side av vegen. I åra 1970-1991 husa Anfinn Elde også posten i kjellaren sin i første huset i Nedstevegen.

På den andre sida av Nabben ligg Holmaneset og Holmavika. Byggefeltet ovarfor dette området er Haugane (Storehaugen). På sørsida av Haugane, med grense mot gardsnummer 59 Reidet ligg byggefeltet Reset.

Nordaust for Haugane ligg Selje skule, og vidare nordaust herifra Røysabakkane. Røysabakkane ligg med grense mot gardsnummer 58 Hamre langs fylkesvegen nordover Sandvikeidet.

Djupedal

Gard nummer 57.

Hamre

Gard nummer 58.

Hammersvik

Gard nummer 59.

Reidet

Gard nummer 60.

Bildegalleri

Ei samling av bilete frå Selje finn du under.

Video

<youtube>xX6tV5_7pGE</youtube>

<youtube>R4Pr3_AVnxU</youtube>

Kart

<googlemap lat="62.078099" lon="5.226996" type="map" height="300" width="450" zoom="9"> 62.042501, 5.350792, Klikk her: Selje, kommunesenter og største tettstad </googlemap>

Eksterne lenker

  • Persontransport operatør fra Selje Fjord1 (rutetider etc.)