About

Frå Selje.info

Selje.info er ei uavhengeg informasjonssamling for kommuna og tettstaden Selje. Denne informasjonssamlinga er tiltenkt såvel fastbuande som tilreisande og andre interesserte.

Primærmålet for Selje.info er å samle mest mogeleg informasjon om Selje på ein stad. Dette kan vere informasjon som gjeld lokalhistorie, bygdehistorie i kommuna, turistattraksjonar, sport og næringsliv i Selje, overnattingstilbod for tilreisande og offentleg fakta og informasjon.

Selje.info er oppbygd som ein Wiki. Dette betyr at alle som ynskjer kan bidra med relevant informasjon til sida. Vi vil oppfordre flest mogeleg til å gjere nettopp dette - slik at informasjonen blir breiast mogeleg.