Selje Hotel

Frå Selje.info
Hotellet våren 2017. Framleis slik det stod etter den dramatiske brannen natt til 25. november 2016 (Foto: Stian Elde)

Historia til Selje Hotel går tilbake til 1970-tallet då brødrene Wald og Asbjørn Drageseth med Skjortefabrikken Selje og Saga Boats hadde tatt sjumilssteg for næringslivet i Selje. Bygda hadde fått ein etablert industriaktivitet, og selskapa kjede behov for eit skikkeleg hotell forretningsfolk og andre som hadde ærend til fabrikkane kunne benytte.

I 1975 bygde derfor Wald Drageseth Selje Hotel rett ovanfor Seljesanden. Hotellet hadde 85 senger frå starten, og har seinare vore utvida og rehabilitert fleire gonger. Frå 1976 overtok Gerd Kjellaug Berge og ektemannen Harald Berge drifta av hotellet, og i 1983 overtok dei som eigarar. Selje Hotell og vertskapet der vart tildelt næringslivsprisen Profilprisen for Sogn og Fjordane 1988.

I 2014 vart hotellet selt til familien Akcay fra Sverige som fortsette drifta av hotellet.

Natt til fredag 25. november 2016 vart hotellet råka av brann, og har etter dette vore stengt. Les om brannen her: https://www.nrk.no/emne/brann-pa-selje-hotel-1.13244766

Bygningsmassen vart rive i 2019, og vidare hotelldrift i Selje er per no usikkert.

Kjelder

1. Fylkesleksikon Sogn & Fjordane

Eksterne lenker

www.seljehotel.no