Selje postkontor

Frå Selje.info
Versjonen frå 19. juli 2010 kl. 13:09 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Postkontor i Selje blei antagelig oppretta ved kgl. res. av 02.12.1823, då det blei oppretta ei postrute som førte posten mellom Selje og Leikanger i Herøy. Postruta gjekk ein gong i veka. Frå Leikanger gjekk posten sjøvegen til Eidså, landevegen til Fiskå, vidare til Vannylven prestegård, til Enerhaug og over manseidet til Eide i SELJE.

Det er ikkje funne noteringar om når det er oppretta offentlig postkontor på SELJE,men Selløe er nevnt i portotabell fra 1833. Poststaden heitter frå starten Selløe. I posttabellar fra 1848 er navnet endra til Selø. I 1889 er navnet igjen endra, denne gongen til Selje, slik vi kjenner det i dag.

Fram til 1871 var Selje lagt under Ålesund postdistrikt. Frå 01.10.1871 blei poståpneriet fast lagt under Bergen Postkontor, frå 01.07.1909 under Florø Postkontor, fra 01.04.1915 under Moldøen Postkontor, fra 15.01.1928 under Bergen postkontor, frå 01.10.1929 under Måløy Postkontor,frå 01.04.1970 under Nordfjordeid postkontor.

Postopnarar/styrarar: Dei første som ordna med posten i Selje er ukjent. Ein timeseddel fra 1834 er underskreven av Koren, som muligens var postopnar på den tida. Etter det er følgande notert: Lars Eide 1841 - 1871. Kappelan Vilhelm F. Koren 1871 - 1874. Kirkesanger Knut Halvorsen 1874 - 1881. Handelsmann Laurits Olaus Halvorsen 1881 - 1909. Peder I. Hove 1909 - 1930. Lilly Margrethe Hove 1930 - 1940. Magnus Hove 1940 - 1949. Johan Berstad 1949 - 1955. Sivert Kjøde 1955 - 1957. Rasmus Sanvik 1957 - 1960. Anfinn Elde 1960 - 1997.

Plassering: Selje Postkontor si første kjente plassering var på Eide. Her vare det fram til 1871. Etter det har kontoret vore flytta rundt på ulike stader i Selje sentrum. Truleg på denne måten: Frå 1871 til 1874 var det på prestegården. Frå 1874 til "Halvorsen" huset på Nabben. Frå 1946 "Hovebuda". Frå 1952 i ei brakke på Nabben. Frå 1958 i "Øvrelidkjellaren". Frå 1960 til 1970 i "Gamlebanken" på Nabben. Frå 1970 til 1991 i kjellaren på bustadhuset til Anfinn Elde. I september 1991 vart posten flytta inn i eigne lokaler i butikksenteret i Selje Sentrum. Her var postkontoret til det blei nedlagt 17.04.2001.