Anonym

Endringar

Frå Selje.info
99 byte fjerna ,  16. mars 2017 kl. 13:10
inkje endringssamandrag
På sydsida av Stad-halvøya, som er ein del av Selje kommune i Sogn og Fjordane Fylke,
går det inn ein liten fjord som er kalla Moldefjorden. På nordsida, omlag halvveges halv-veges
inne i denne fjorden, ligg garden Lesto, gard nr. 64 i Selje.
Nabogardane er: På vestsida Berge og på austsida Eide.
og på dei andre 3 står husa på nedsida av vegen. (3, 4 og 5). Lengst mot vest,
mot grensa til Berge, ligg bruk nr. 1. På dette bruket er det bygt 2 nye hus på frådelte
tomter. På bruk nr. 2 er eit nytt hus og 2 hytter i tillegg til huset på garden. På bruk nr. 3 er der bygt nytt stovehus kring 1973/74. Då RV 619 vart omlagd i 1970 åra måtte lada på dette bruket rivast og var bygt oppatt på ei ny tomt. (På nr. 3 er det bygd eitt bustadhus etter 1990. På bruk nr. 1 er fråskild og seld eittomteområde ved sjøen, og der er no oppførd to fritidshus. [O. L. sin merkn.]).
Kva namnet på garden kjem av, veit ingen. Bygdeuttalen er Lesto, med lett
I 1921 skulde det vere utskiftning av torvmarka etter krav frå Ola Larsson
på bnr.l1. Ein av brukarane på Indre Lesto kravde at det på same tid skulde
vere ny utskiftning av all utmarka som høyrde garden til. Ola kunde då
leggje fram det dokumentet som var oppsett i 1758, saman med ei leseleg avskrift
såleis skrivekunnige folk som stelte med delinga i 1758, - og elva renn framleis
der ho har runne i alle tider.
 
(Det er nær å tenkje at namnet "Storelesto" etablerte seg på folkemunne i samband med
denne prosessen. Kanskje som ein meir eller mindre godmodig "stikkar"
frå nabohald. [O.L. sin merknad]).
 
(Låven på br.nr. 3 vart bygd oppatt på ny stad. Men vart riven att i 2000, og
grunnmuren vart nytta som fundament for det nye bustadhuset til
Elin Leifdtr. Lesto Larsen og Thor Ø. Larsen. [O.L. sin merknad]).
Jakob Aaland skriv i bygdeboka for Selje at eldste kjelda som nemner denne
er her. I 1970 åra vart RV 619 omlagd , og vart då sjølvsagt lagd over den
flataste og beste jorda på garden. Der er no ikkje dyr på bruket lenger. Ein
av naboane får nytte bakkane ovanfor husa til beite åt sauene sine, og einannan haustar det som kan takast med maskiner på begge sidene av den nye vegen.
Tidlegare var der etter tilhøva mykje dyr på garden. Der var hest, eller - i lange tider “ merr” “merr” som fekk føl om våren. Der var både kyr og kalvar, sauer og geiter og ei tid ein heil flokk høner, gris, og sjølvsagt hund og katt.
Etter gamalt var geitene, sauene og kyrne “på fjellet” om sommaren. Då var det
å gå den svært tunge vegen opp “Kattahammaren” etter ein mjølkeskvett både
sauene og geitene. Frå kring 1925 var det slutt med å ha mjølkekyr på fjellet.
Ola Larsson, f.1880, rydde burt einer og kratt på eit ca. 15 da. stort
stykke av utmarka, kalka og gjødsla det, og det vart godt beitebeiteland.
Geitene vart selde i 1917, og hesten vart borte sist i 1950 åra då første traktoren kom til gards. Og no er det, som nemnt, ikkje dyr på garden. I 1986 vart drifta heilt avvikla. Naboane fekk nytte marka i bakkane til beiteland, og det arealet som kunne haustast med maskin nytta dei til grasland for slått. Det same gjeld i dag.
I 1930 åra gjerde Lars, (f.1908), inn kring 70 da. av utmarka og planta det
til med gran, furu og lerk. Dette er no blitt fin skog i god vokster. (Nyårsorkanen fyrst på nittitalet øydela ein del av lerkefeltet [O.L. sin merknad]).
Det er førd opp to hus på fråskilde tomter etter 1965. Dessutan er fråskild tre tomter
for fritidshus langs stranda frå grensa mot bnr. 2 > naustet på bnr. 1.
Sjå ellers Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år".
29.august 201024 mai 2012.
Ola Lesto
 
Eigarar i dag: Mona og Jan Austring.
122

endringar