Stadhavet

Frå Selje.info
Versjonen frå 30. desember 2014 kl. 23:19 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (→‎Kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Stadhavet er ei frykta og velkjend havstrekning for sjømenn langs norskekysten.

Mang eit skip og mang eit menneskeliv har gått tapt i uvær på Stadhavet. Nokre av forlisa er betre kjende enn andre.

1594

15 skip skal ha forlist i den same stormen. Totalt er det anslått at mellom 300 og 600 menneskelig gjekk tapt i denne tragedien. Det omfattande tapet av menneskelig skal være på grunn av at mange nordlendingar tok med seg kvinner og born frå heimen når dei reiste med frakt til Bergen. Dette er truleg den største skipstragedien langs norskekysten i fredstid.

1692

16 nordlandsjekter forliste på Stadhavet på veg til Bergen med last. Ein stor del av mannskapet omkom. Diktarpresten Petter Dass var ein av dei som miste jekta i denne stormen, og han har skildra hendinga i dikt.

1728

Ei jekt frå Sunnmøre forliste utanfor Stad. Tre omkom. 12 vart berga.

1763

14 nordlands-jekter forliste, og mellom 15 og 20 menneske omkom.

1788

To menn frå garden Ferstad på Stadlandet drukna då båten deira gjekk rundt i samband med frakting av geiter til ein beiteplass ved Ervika.

1801

Seglskuta ”Jomfru Elisabeth” forliste utanfor Ervik. Mannskapet vart berga av folk frå Ervik.

1849

Fire menn frå Honningsvåg omkom ved flua Stålet på Stadhavet. Dei fire var rorskarar til losen som gjekk ut frå Honningsvåg under ein storm for å assistere eit seglskip.

1860

To menn frå Kråkenes omkom då dei rodde på ei flu og drukna etter eit ærend i Osmundsvåg.

1862

Jekta ”Alpha” dreiv inn til Ervik, forlist og utan mannskap.

1862

Skonnerten "Marie" forliste ved Venøytangane same året. 6 omkom i dette forliste, 5 av desse mannskap på båten, den siste losen som kom frå Silda.

1868

Los og rorsdrengen hans omkom då båten deira gjekk rundt ved flua Stålet. To andre ombord berga seg.

1869

Mange fiskarar omkom i ein orkan som rasa over Stad og Sunnmøre i tre dagar. Fire mann frå Selje omkom.

1875

I mars 1875 omkom åtte mann i ein storm utanfor Ervik på Stad.

1899

Fire mann frå Stad omkom. Dei kollsiglde på veg til lands etter garnsetjing.

1920

Ved Ervik-ulukka omkom åtte fiskarar frå Ervik og Morkadalen i ein storm på Stadhavet. Denne dagen låg 30 færingar med 60 mann på fiske utanfor Ervik, då ein sterk storm kom som kasta på dei. Dei fleste båtane kvelva, og takka vere ein stor innsats frå redningsmannskap vart dei fleste berga.

1941

Hurtigruteskipet D/S «Ryfylke» vart senka ved Stad 5. februar 1941 av ein britisk ubåt. Skipet var då på sin andre tur i hurtigruta. Passasjerar og mannskap fekk gå frå borde før skipet vart senka med kanoneld.

1943

D/S «Sanct Svithun»-forliset utanfor Ervik på Stad den 30. september 1943 er ei av dei mest dramatiske hendingane på Norskekysten under 2. verdskrig. Les meir

1943

Lasteskipet ”Vesergau” vart torpedert og sett på land på Hoddeviksanden i 1943. Skipet var lasta med koks, som bygdefolket har hatt gleda av sidan!

1944

Lasteskipet «Emsland» vart i januar 1944 bomba utanfor Ervik. Skipet vart sett i land på Erviksanden. Det var lasta med kol som bygdefolket forsynte seg av. Ein kan framleis sjå vrakrestar etter Emsland på sanden.

1944

Hurtigruteskipet «Kong Sverre» var nær ved å verte senka av ein trippel torpedosalve då skipet var på veg nordover Stadhavet i mars 1944.

1944

Hurtigruteskipet D/S «Nordnorge» vart torpedert eller senka av ei mine ved Stad 24. mars 1944, og 11 av eit mannskap på 13 omkom. Skipet var eit ombygd svensk skip som var på veg nordover for å verte sett inn i ruta Trondheim-Narvik.

1944

Fiskeskøyta ”Flyvefisken” gjekk ned med fire mann på hålinefiske utanfor Stad. Truleg gjekk den på ei mine.

1953

I januar 1953 vart fiskebåten "Stavnes" frå Stadlandet pårent bakfrå av ein lastebåt mellom Haugsholmen og Åramsundet nord for Stad. Alle dei åtte ombord på "Stavnes" omkom. Fiskebåten var på veg heim etter å ha lossa sild i Sandshamn då ulukka hende.

1956

Forliset av "Brenning" i 1956 kravde 19 menneskeliv på Stadhavet. Fiskebåten Brenning frå Sørfold i Nordland gjekk rundt, og redningsmannskap kunne høyre bankesigsnala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land.

1971

Linebåten ”Seilfjell” frå Silda i Vågsøy kommune forliste 2. januar på Vikingbanken. Ni mann omkom, tre av dei frå Rundereim i Selje.

1976

I 1976 omkom to av mannskapet då det kjende forskingsskipet "Helland Hansen" forliste og sokk ved Svinøy like nord for Stad.

1983

Ein mann miste livet då trålaren "Kågtind" kolliderte og sokk utanfor Selje.

1983

Fire mann omkom då tørrlasteskipet "Raunefjord" forliste og sokk i august 1983. Truleg var årsaka til forliset at lasten hadde forskuvd seg. Det bles storm i området. På grunn av dårleg ver gjekk det fleire dagar før regningsmannskap og båtar kunne starte leitinga etter dei omkomne. Først etter 4 veker vart 2 av mannskapet på i alt 4 funne. Bergens Tidende publiserte i mai 2011 eit intervju med dottera til ein av dei omkomne i forliset. Dette intervjuet kan lesast her.

1984

To personar omkom då tørrlasteskipet "Sun Coast" forliste og sokk utanfor Selje.

2003

Det heilt nye hurtigruteskipet "Midtnatsol" fekk problem utanfor Bukketjuvane med 161 passasjerar og mannskap ombord. Skipet var 150 meter frå å drive på grunn på skjera Bukketjuvane ved Stadlandet då skipet fekk motorstopp. Hendinga skjedde 14. desember 2003. Det bles full storm, og ankera tok feste i siste liten.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne lenker