Skilnad mellom versjonar av «Lesto (Gard)»

Frå Selje.info
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(7 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 6: Line 6:
|image        = [[Fil:IMG 3225 - Kopi.JPG|250px]]

|imagestyle  =  
|imagestyle  =  
|caption      = Foto:  
|caption      = Foto: Leif Lesto
|captionstyle =  
|captionstyle =  
|headerstyle  = background:#ccf;
|headerstyle  = background:#ccf;
Line 19: Line 19:
|header3 =  
|header3 =  
|label3  = Bruk nummer 1
|label3  = Bruk nummer 1
|data3  = [[Ytre Lesto]] (Storelesto)
|data3  = [[Ytre Lesto (Bruk)]] (Storelesto)
|header4 =  
|header4 =  
|label4  = Bruk nummer 2
|label4  = Bruk nummer 2
|data4  = [[Rysta]]
|data4  = [[Rysta (Bruk)]]
|header5 =  
|header5 =  
|label5  = Bruk nummer 3
|label5  = Bruk nummer 3
|data5  = [[Miljorda]]
|data5  = [[Miljorda (Bruk)]]
|header6 =  
|header6 =  
|label6  = Bruk nummer 4
|label6  = Bruk nummer 4
|data6  = [[Lestoneset]]
|data6  = [[Lestoneset (Bruk)]]
|header7 =  
|header7 =  
|label7  = Bruk nummer 5
|label7  = Bruk nummer 5
|data7  = [[Mariusgarden]]
|data7  = [[Mariusgarden (Bruk)]]
}}
}}

Lesto, gardsnr. 64 i Selje kommune har 5 bruk og ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust  til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på bruk nr. 2 no i 2010, og dette bruket haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 5.
Lesto, gardsnr. 64 i Selje kommune har 5 bruk og ligg på nordsida av [[Moldefjorden]]. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust  til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på bruk nr. 2 no i 2010, og dette bruket haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 5.
Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har mest felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Fjellområdet var vel utnytta i eldre tid, og ein ser t.d. restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda.

Biletet til høgre (foto: Leif Lesto) er frå 2010 og viser Moldefjorden sett mot vest. Lestogardane er her på nordsida med "Lestoneset" (br.nr.4) og Mariusjorda (bruk nr. 5) - og Lestovika nærast, og "Ytrelesto", (br.nr. 1) lengst unna - mot og i det skogkledde området mot Berge.
Biletet til høgre (foto: Leif Lesto) er frå 2010 og viser Moldefjorden sett frå "Storehònnje" mot vest. Lestogardane er her på nordsida med "Lestoneset" (br.nr.4) og Mariusjorda (bruk nr. 5) - og Lestovika nærast, og "Ytrelesto", (br.nr. 1) lengst unna - mot og i det skogkledde området mot Berge.

Folket på Lesto har alltid hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var m.a. dei best eigna stadene å setje den sameigde landnota sommarstid. Fangsten kunne vere mangslungen så både brisling, sild, mort (liten småsei) og makrell vart teke, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Ulike fiskeri for matauk vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), så teine, ruse, dorg og tøyming, pilk, harpe og ulike garn, not og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men i eldre tider var nok det viktigaste å kunne delta i vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og så fisket etter vintersilda (storsilda). Det var desse fiskeria som skulle resultere i pengar. Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskarbonde - i storfamilie og med tilnærma naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.  

Line 43: Line 43:
Kvar Lesto-namnet kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. Kor lenge det har budd folk på området er og usikkert, men garden er med i skattemanntalet frå 1563. (Jfr. J. Aaland si bygdebok). Truleg sytte illgjerninga til Preste-Maren for at nedteikningar om Lesto og busetnaden der gjekk opp i røyk til liks med mykje tilsvarande stoff om Nordfjordområdet og klosteret/kyrkjene på Selja.  

I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at namnet kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna.  

Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug og Listou. Og desse slektsnamna namna er spreidd - ikkje berre over heile Noreg, men til andre deler av verda - ikkje minst USA.
Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall fir variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug, Listau og Listou. Og desse slektsnamna namna er spreidd - ikkje berre over heile Noreg, men til andre deler av verda - ikkje minst USA.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av dette neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon/formasjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Monkebryggja", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane i klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt. (Personleg har eg vore inne på tanken at dette - om det er menneske bak formasjonen - kanskje kan ha vore ein del av ein skipsverkstad/"slipp" der ein kunne strande, evt. dra på land litt større båtar - og drive vøling/vedlikehald - t.d. ved fjøre sjø).

Line 50: Line 50:

19. juli 2010. Ola Lesto
19. juli 2010. Ola Lesto

== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==
Line 55: Line 56:
* [[Media:1958.pdf‎|1958 - eit merkeår]], skreve av Leif Lesto

* [[Media:Olaminner.pdf‎|Minner frå og om Ytre Lesto]], skreve av Ola Lesto

* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036738002705 Folketelling 1910 Bruk 1]<br>
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036738002718 Folketelling 1910 Bruk 2]<br>
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036738002728 Folketelling 1910 Bruk 3]<br>
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036738002734 Folketelling 1910 Bruk 4]<br>
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036738002739 Folketelling 1910 Bruk 5]<br>

Siste versjonen frå 16. mars 2017 kl. 14:16

IMG 3225 - Kopi.JPG
Foto: Leif Lesto
Bruka på Lesto
Lesto grensar til nabogardane Eide og Berge, Øvre og Nedre
Bruk nummer 1 Ytre Lesto (Bruk) (Storelesto)
Bruk nummer 2 Rysta (Bruk)
Bruk nummer 3 Miljorda (Bruk)
Bruk nummer 4 Lestoneset (Bruk)
Bruk nummer 5 Mariusgarden (Bruk)

Lesto, gardsnr. 64 i Selje kommune har 5 bruk og ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på bruk nr. 2 no i 2010, og dette bruket haustar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 5. Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har mest felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Fjellområdet var vel utnytta i eldre tid, og ein ser t.d. restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda.

Biletet til høgre (foto: Leif Lesto) er frå 2010 og viser Moldefjorden sett frå "Storehònnje" mot vest. Lestogardane er her på nordsida med "Lestoneset" (br.nr.4) og Mariusjorda (bruk nr. 5) - og Lestovika nærast, og "Ytrelesto", (br.nr. 1) lengst unna - mot og i det skogkledde området mot Berge.

Folket på Lesto har alltid hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var m.a. dei best eigna stadene å setje den sameigde landnota sommarstid. Fangsten kunne vere mangslungen så både brisling, sild, mort (liten småsei) og makrell vart teke, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Ulike fiskeri for matauk vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), så teine, ruse, dorg og tøyming, pilk, harpe og ulike garn, not og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men i eldre tider var nok det viktigaste å kunne delta i vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og så fisket etter vintersilda (storsilda). Det var desse fiskeria som skulle resultere i pengar. Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskarbonde - i storfamilie og med tilnærma naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.

Kvar Lesto-namnet kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. Kor lenge det har budd folk på området er og usikkert, men garden er med i skattemanntalet frå 1563. (Jfr. J. Aaland si bygdebok). Truleg sytte illgjerninga til Preste-Maren for at nedteikningar om Lesto og busetnaden der gjekk opp i røyk til liks med mykje tilsvarande stoff om Nordfjordområdet og klosteret/kyrkjene på Selja. I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at namnet kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna. Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall fir variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug, Listau og Listou. Og desse slektsnamna namna er spreidd - ikkje berre over heile Noreg, men til andre deler av verda - ikkje minst USA.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av dette neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon/formasjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Monkebryggja", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane i klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt. (Personleg har eg vore inne på tanken at dette - om det er menneske bak formasjonen - kanskje kan ha vore ein del av ein skipsverkstad/"slipp" der ein kunne strande, evt. dra på land litt større båtar - og drive vøling/vedlikehald - t.d. ved fjøre sjø).

Diverse biletstoff o.a. om Lesto (mest om bruk nr. 1) på www.lesto.no.

19. juli 2010. Ola Lesto

Eksterne lenker