Skilnad mellom versjonar av «Ord og uttrykk P - R»

Frå Selje.info
(Oppretta sida med «Category:Språkhistorie {|border="1" |- |'''Pakkeballj''' |(ein) |Omlag det same som sprettball. Å ”pakke” var å sprette ballen mellom handa og golvet (el. anna und…»)
 
Ingen redigeringsforklaring
 
Line 1: Line 1:
[[Category:Språkhistorie]]
[[Category:Språkhistorie]]
{|border="1"
{|border="1"
!scope="col" width="180" |
!scope="col" width="120" |
!scope="col" width="500" |
|-
|-
|'''Pakkeballj'''  
|'''Pakkeballj'''  

Siste versjonen frå 26. januar 2011 kl. 23:05


Pakkeballj (ein) Omlag det same som sprettball. Å ”pakke” var å

sprette ballen mellom handa og golvet (el. anna underlag).

Parl(e) (ein/å) Brukt om rund gjenstand stor som ei ert eller ei

hasselnot. Sjå t.d. “saudeparl”. I tråd med god tale -og folkeskikk skeit ikkje sau, geit og skogsdyr, -dei “parla”. (Frå engelsk “pearl” eller kanskje omvendt?).

Peis(e) (få/gje) D.s.s. “ragat” eller “hæmping”. ”Gje ’nå peis”.
Peive (å/ein) Veive/fekte rundt med armar og bein. Om lag d.s.s.

å vere sleivete.

Pelar (ein) Pille. Og: “Nei ta dæg no ein pelar”.

D.s.s. “Nei no må du gje dæg”, el. “du lyge”.

Pelekvintar (ein) Uttrykk for dram. ”Hanj hadde visst tekje sæg enj

pelekvintar”.

Peparinj Kjælenamnet på Arne fram til om lag skulealder.
Per-fyk-i-veir Figur farmor refererte til i nokre samanhengar.

Hugsar ikkje rett kva det skulle illustrere -om det var ein hissigpropp el. aktivitet. “Enj p---”.

Pestelænse (ei) Vedvarande problem/plage. Såvel om sjukdom

som om praktiske ting . “For ei pestelænse”. “Hanj (honn el. da) æ ei go--”.

Pika’dé Bannjeord.
Pikkjin (leik) Ordet kan sjølvsagt mistydast, men det var ungane

sin seiemåte for leiken der ein skulle prøve å nå nokon i sprang og “pikke” dei i ryggen med finger eller hand.

Pila’de Bannjeord.
Pilajord Bannjeord.
Pilåtar(e) (ein) Rart ord. Veit ikkje tydinga. Karaktriserte ein

person: “Du æ mæg enj ondale pilåtare”.

Pininj (vere) D.s.s. forsiktig/gjerrig.
Piri (ei) Godlynt utnamn for jente.
Pirl(e) Om lag d.s.s. å fomle, pusle. Sjå ”firle”.
Piska tre (kraftutrykk) Mykje nytta av farfar.
Piss i vilden sky Sjølvforklarande sjølvsagt, men brukt som

kommentar til “åsn” og opplagde skrøner.

Pissedirik (ein) Nok ei populær omskriving for ein kroppsdel,

men og godteke som lempeleg kraftuttrykk om gut/mann i ulike høve. “For enj pissedirike”.

Pissehott(e) Godmodig skjellsord om folk og dyr.
Pisselest (ein) Har ikkje forklaring. Eit munnhell om folk.
Pjæs (ein) Godmodig kalleord eg ikkje kjenner tydinga på.

“Du æ mæg enj go pjæse”.

Plassemannj(e) (ein) “Barnespråk”. Brukt om “mannjelort” - dei som

var slepte i friluft. I klasse med “øt”. Elles trad. tyding og meining. Oppe på bakkane her heiter det no som før “Bakkeplassinj”. Oppsitjaren der var kanskje ”klassifisert” som plassemann i si tid.

Plitt (ein/vere) “Ændetiljinje” i færingen. Og brukt om ”plitt el.

plitters åleine” eller ”plitt moders åleine” som er d.s.s. absolutt heilt åleine.

Plåstr (gje/få) Har ikkje med ”plaster” å gjere her. Det vart nytta

når ein t.d. omtala at nokon fekk (straff) som fortent. ”Da va passelæ plåstr åt ånå”.

Pondebrøysjle D.s.s “bol”. Mose til “saudegarane” henta vi ut i

”Berja”. Vart riven og turka. Kunne stå 40-50 sekkar i låven når hausten kom. Farmor og mor var flittige å tenkje boltilfang. Tørka lauv og ”einestabbe” som vi sa) kom i tillegg.

Porle (å) Putre/boble.

For å sitere farfar: “Porlande rennjeskjetå”.

Pot(e) (å/ein) O/å-lyd. D.s.s. å putte, pirke/smådytte på.

Og brukt om person: ”Enj go pote” = irritasjonsmoment / plageånd.

Prens (prins) (ei) Ein skikkeleg ryggsekk. “Rypesekk” var og sagt.

Kanhende med bakgrunn i jaktbruk.

Prete (å) Noko av prosessen med å slå halt. (Sjå Leif si

minnebok). Etter slaget skal halten kastast (strategisk) attende til slagstad. For å hindre poeng for motparten måtte slåaren ”preta” ( slo etter den) med slagkjeppen.

Prylert (ein) Storvaksen gut/mann. ”Bokkje“.
Pøk (ein) Brukt både om magen og også om ein små-luring.

”For enj store pøke du har fått mannj”.

Pøyte (ei/ein) Dam/vatn. Ofte om ”dæmbe”, men og nytta t.d.slik

om ein som ramla i vatnet: ”Hanj for i pøytinj”.

Raft’allj el. rafthallj (ein) Rafta: Området der tak og vegg går saman på på

langsida av huset.

Raft’allj: Om lag d.s.s. ”dragar” i somme huskonstruksjonar.

Det er dei kraftige stokkane – opp på stavane- som sperra kviler på.

Ragat (få) Omlag d.s.s. “långhævre”. “Fekk ragat”.
Rakkje (ein) Hannkatt-veteran. (“Grakatt”).
Rakse (å) Rakse og gå. Når ein gjekk langt - eller utan noko

fast eller spesiellt mål.

Rám (ein) Endeveggen på hus. (“Oppi laderáma”).
Rast (ei) D.s.s. ei rad eller rekke. Om plantar.
Reie (ei/å) “Huske” - gjerne hengande i ei grein, eller i betane

på låven.

Reik (ei) D.s.s. stripe o.l.

Hos oss brukt om midtskiljet i håret.

Reine (ei) Eit alm. kjent ord. Hos oss hadde vi kvar vår eit

uttrykk: ”Å køyre - el. ”ta reine”. Då spadde vi opp jord frå den kanten av åkeren som låg lavast og flytta den til øvstekanten. Verlag og arbeid gjennom året flytta næringsrikt jordsmonn unnabakke, og det lønte seg å hjelpe naturen litt.

Reit (eit) Avgrensa (lite) markstykke, gjerne åker.

T.d. eit “potetereit”.

Reke (å/ei) Både verbet og krepsdyret er rimeleg kjende.

No gjeld det fjøsreiskap. Ein fjølstubb –om lag 40 cm. lang med skaft på (som ei rive). Vart nytta til å dra ”kumøkja” ut av båsane med og så støyte den mot ”dongedøra” og ut åpninjgja ut te ”komma”.

Rekekjepp (ein) Om ein som aldri stoggar heime (Kjepp som rek

fritt i vatnet) Om både folk og dyr.

Reksl(e) (eit/å/ei) 1. Skjella på fiskeskinn.

2. Skrape reksl (skjell) av fiskeskinn. 3. Om disiplin: “Du får gje ‘nå ei reksle so ‘anj hoksa da”.

Rennjebom (ein) Noko av utstyret til førbuing av vev. Var plassert i

kjellaren hos oss der eine festet (oppe) enno viser.

Rennje hæs (å) Gå med ”strængjønsa” og henge strengen (partane)

-vanlegvis sju- på hesjestaurane. Ordet kan kanskje komme av ”renning” i ”vevespråket”.

Rennjeskjete (ei) Etter farfar. D.s.s. ekstra pågåande og plagsam

diare - ”magesykje”. For rett å understreke sterk intensitet vart det gjerne ”porlande rennjeskjete”.

Reverense (ein) D.s.s. tirade
Rikkete (vere) Om let/mønster på kattepels. Ofte ulvegrå med

svarte og beige tverrstripar rundt kroppen.

Rikkjinj 1. Bakaren Rikard Thunold. “Ut mæ Rikkja”. Då vi

vart kjend med Torill og systrene tok vi til å kalle han “Ricardo Tunoldi”. Det var truleg avdi det vart sagt at mor til jentene hadde latinske aner. 2. Fast namn på gardskatten som nesten alltid var ”rikkete”. D.s.s grå/svart/gulstripete.

Rikse (å) D.s.s. å knirke. Mangla smøring. At det ”riksa” i

vognhjula t.d., eller at vogna riksa og gjekk.

Rimm (ei) Grindliknande konstruksjon..

Fronten av ”saudegaranje” var rimma.

Rinande tær (det) Uttrykk frå Berstad. Når det skulle verkeleg

understrekast at ein ikkje gav/fekk noko: ”Fekk ikkje da rinande tær”. Om fangst på sjøen t.d.

Rine (å) Hyle eller kvine. “Grisinj rine”.
Rip(a) (ei) D.s.s. esingen på ei robåt.
Ro (ei) Når vi slipte ljå på slipestein skulle stålet ”slipast

fram“. Dette registrerte vi ved at ei tydeleg ”ro” danna seg langs egga. Roa fjerna ein med bryne, og bitet sat lenge om verktyet slik var slipt godt.

Rod (eit) O/å-lyd. Pattedyr har skinn, fisk har “rod”.
Roke O/å-lyd. “--itte roke”. D.s.s å ta -el. gjere ting

i rett rekkefylgje -el. tur og orden.

Rokke (ei) D.s.s ”rynke”. Men og utnamn på trekkspell.
Romfræk(e) (vere) Kreve stor plass.

Om både personar og ting.

Rommestere (å) Vere i stor aktivitet der ein flytter på -eller bråkar

med ting. T.d. leite etter noko på loft eller i låve.

Rompinj D.s.s. bakendinj/rompå/ræva. Alltid nytta i

oppveksten vår. Men vi kunne springe i ”bærre rævinje”.

Roske (ei/å) 1. Som “barvase

2. Å “roske te” - i skuffene t.d.

Rott(e) (ein) D.s.s. munn. “Ka ’dæ du ha vore borti? Du æ so

skjetinj ront rottinj”.

Ru/rue (ei/å) Å klippe vinterulla av sauene. “Rue saudinje”.

Denne ulla var kalla ”ru“. Men det heitte og: ”Du må vere mæ å pakke runa”.

Rue (ei/å) Skithaug.

“Kurue”, “mannjelortrue”, “makkerue” o.s.b.

Ruse (å/ei) 1. Trad. Om beruselse.

2. Å vurdere omtrenteleg. ”Gjere da/ta da på rus”. 3. Fiskereiskap .

Ryl(e) (å/ein/eit) Eller: “gryle”. D.s.s. skrike, brøle.

Mest om dyr, men og som harselas over enkelte personar si roping og skriking.

Røse i holdet (å) Ø har øy-lyd. Far sitt uttrykk for avsky / grøss.

Truleg frå svensk: ”En riktig rysare”.

Ryte (å) Hjå oss tydde dette ordet snorking.

Andre stader kan det tyde t.d. ”stor” meiner eg å ha sett eller høyrd.

Ræde (eit) Varsel/signal. (Sjå og “bleke”).

”Signalet” vi “planta” i granhekken. (T.d. jutesekk trædd på ein staur) når vi ville ha Per i Kjøde med rutelastebilen til å stogge hos oss. Har inga spesiell tyding for ordet.

Rækje (å) Harke opp slim frå halsen på kraftig høyrbar og

ikkje alltid på omtenksam vis. “Rækje opp krimklekse”.

Ræmpe (ei) Periodisk og tidavgrensa hending el. plage.

T.d. ei “mageræmpe”. Sjå og ”føre”.

Rænsle (ei/eit) Turen på ski eller kjelke ned bakken (gjerne ei

”kjend” eller mykje brukt ”løype”)var eit/ei rænsl(e). Også: “Ta ei rænsle mæ hesjestreng--” når ein hengde jerntråd på hesjene. (“Rennje hæs”). Og også som alternativ til ein “skåre” i slåtten”. “Ta eit rænsl mæ maskjininje”.

Røl(e) (ein/å) Prat (tomprat) om alt og ikkje.

Helst på kveldstid mellom ungar - og vaksne -som ikkje veit å kome seg til sengs. Som i godt lag kan hende.

Røn/røne (eit/å) D.s.s tullprat. ”Ditta æ bærre røn”. ”No røna du?”.
Røne (rønje) (å) Ø har ø/y-lyd. D.s.s. å strøyme på. ”Dei rønde

hånå ned med--”.

Rønje (å) Ø/y-lyd. D.s.s. å rase nedover/nedfrå.

T.d. ”Da røne ta takja”.

Røyrane D.s.s. lysken - i min oppvekst.
Røys (ei/eit) Ei: Sjølvforklarande. (T.d. steinrøys).

Eit: Om takvinkelen på hus: “Bratt røys”. Og brukt som eit ubestemt talord som i: “Ei heile røys mæ folk”.

Røyse (å) D.s.s. å reise opp. “Røyse et hus” t.d.

“Røyse sæg opp”.

Røse i holde (å) Ø/y-lyd. Far sitt uttrykk. D.s.s. å grøsse.

Truleg frå svensk. ”En riktig rysare”.

Råld(e) (å/ein/ei) Holde leven -ståke på kvelds og nattid.

“Enj rålde”. “No må slutte å rålde slek”. ”No må de slutte mæ rålda dåkka”.

Råme (vere) D.s.s. å vere hås (vond hals).
Rårikjinj (vere) Stri, dominerande, vanskeleg å rå med.

“Rårikne onga”.

Rått og rote D.s.s. absolutt alt. (Smitt å smule)
Råve (å) Har med å gjere reint, spes. i uthus/fjøs.

Når ei nyttar sovl/kost for å “råve” vekk støv og “kongelvev” i tak og vegger.