Skilnad mellom versjonar av «Lesto (Gard)»
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Line 34: | Line 34: | ||
}} | }} | ||
Lestogardane, gardsnr. 64 i Selje kommune, (5 | Lestogardane, gardsnr. 64 i Selje kommune, (5 i talet - offisielt kalla bruksnummer) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på eit av bruka (nr. 2) no i 2010, og denne garden nyttar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 4. | ||
Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Ein ser restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda. | Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Ein ser restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda. | ||
Versjonen frå 4. september 2010 kl. 07:54
Foto: | |
Bruka på Lesto | |
---|---|
Lesto grensar til nabogardane | Eide og Berge, Øvre og Nedre |
Bruk nummer 1 | Ytre Lesto (Storelesto) |
Bruk nummer 2 | Rysta |
Bruk nummer 3 | Miljorda |
Bruk nummer 4 | Mariusgarden |
Bruk nummer 5 | Lestoneset |
Lestogardane, gardsnr. 64 i Selje kommune, (5 i talet - offisielt kalla bruksnummer) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei (br.nr 1) til Berge og i aust til Eide. Lesto har eit frodig, vekstvillig og produktivt landskap, men er eit svært tungdrive jordbruksområde. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka mark på bruka gjekk med i det anlegget, mest på nr 1 og nr. 2. Det er drift berre på eit av bruka (nr. 2) no i 2010, og denne garden nyttar heldigvis også den grasmarka som kan maskinhaustast på nr. 1, 3 og 4. Gardane har utmarksareal (br.nr. 2, 3, 4 og 5 har felles utmark) - og torvteigar - i lia innafor dei nemnde grensene, og på høgdene fram til Sandvik/Årsheim-grense. Ein ser restar av fleire gamle sommarfjøs og torvhus i desse områda.
Folket her har alltid hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der var m.a. dei best eigna stadene å setje landnota sommarstid. Fangsten kunne vere mangslungen så både brisling, sild, mort (liten småsei) og makrell vart teke, og ein kan mest alltid rekne med å fange "blankfisk" der. Ulike fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), så teine, ruse, dorg, pilk, harpe og ulike garn, not og smålinefiskeri var det alltid i Moldefjorden. Men i eldre tider var nok det viktigaste å kunne delta i vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og så fisket etter vintersilda (storsilda). Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for robåtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for karane, men kva mental og fysisk styrke kona til ein småbrukar/fiskarbonde - i storfamilie og med tilnærma naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.
Kvar Lesto-namnet kjem frå - eller av - og kva det tyder er usikkert. Kor lenge det har budd folk på området er og usikkert. Truleg sytte illgjerninga til Preste-Maren for at nedteikningar om Lesto og busetnaden der gjekk opp i røyk saman med mykje tilsvarande stoff om Nordfjordområdet og klosteret/kyrkjene på Selja. I boka "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier forfattaren at namnet kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. (Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet). Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna. Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike gardane opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: "Ei slekt gjennom 350 år". I dag er i alle fall tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug og Listou. Og namna er spreidd - ikkje berre over heile Noreg, men til andre deler av verda - ikkje minst USA.
På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av dette neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon/formasjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Monkebryggja", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane i klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt.
Diverse biletstoff o.a. om Lesto (mest om bruk nr. 1) på [1].
19. juli 2010. Ola Lesto
Eksterne lenker
- www.lesto.no
- 1958 - eit merkeår, skreve av Leif Lesto
- Minner frå og om Ytre Lesto, skreve av Ola Lesto