Stadhavet

Frå Selje.info
Versjonen frå 16. juli 2010 kl. 12:16 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)

Stadhavet er ei frykta og velkjend havstrekning for sjømenn langs norskekysten.

Mang eit skip og mang eit menneskeliv har gått tapt i uvær på Stadhavet. Nokre av forlisa er betre kjende enn andre.

1594 15 skip skal ha forlist i den same stormen. Totalt er det anslått at mellom 300 og 600 menneskelig gjekk tapt i denne tragedien. Det omfattande tapet av menneskelig skal være på grunn av at man ge nordlendingar tok med seg kvinner og born frå heimen når dei reiste med frakt til Bergen. Dette er truleg den største skipstragedien langs norskekysten i fredstid.

1692 16 nordlandsjekter forliste på Stadhavet på veg til Bergen med last. Ein stor del av mannskapet omkom. Diktarpresten Petter Dass var ein av dei som miste jekta i denne stormen, og han har skildra hendinga i dikt.

1728 Ei jekt frå Sunnmøre forliste utanfor Stad. Tre omkom. 12 vart berga.

1763 14 nordlands-jekter forliste, og mellom 15 og 20 menneske omkom.

1788 To menn frå garden Ferstad på Stadlandet drukna då båten deira gjekk rundt i samband med frakting av geiter til ein beiteplass ved Ervika.

1801 Seglskuta ”Jomfru Elisabeth” forliste utanfor Ervik. Mannskapet vart berga av folk frå Ervik.

1849 Fire menn frå Honningsvåg omkom ved flua Stålet på Stadhavet. Dei fire var rorskarar til losen som gjekk ut frå Honningsvåg under ein storm for å assistere eit seglskip.

1860 To menn frå Kråkenes omkom då dei rodde på ei flu og drukna etter eit ærend i Osmundsvåg.

1862 Jekta ”Alpha” dreiv inn til Ervik, forlist og utan mannskap.

1862 Skonnerten "Marie" forliste ved Venøytangane same året. 6 omkom i dette forliste, 5 av desse mannskap på båten, den siste losen som kom frå Silda.

1868 Los og rorsdrengen hans omkom då båten deira gjekk rundt ved flua Stålet. To andre ombord berga seg.

1869 Mange fiskarar omkom i ein orkan som rasa over Stad og Sunnmøre i tre dagar. Fire mann frå Selje omkom.

1875 I mars 1875 omkom åtte mann i ein storm utanfor Ervik på Stad.

1899 Fire mann frå Stad omkom. Dei kollsiglde på veg til lands etter garnsetjing.

1920 Ved Ervik-ulukka omkom åtte fiskarar frå Ervik og Morkadalen i ein storm på Stadhavet. Denne dagen låg 30 færingar med 60 mann på fiske utanfor Ervik, då ein sterk storm kom som kasta på dei. Dei fleste båtane kvelva, og takka vere ein stor innsats frå redningsmannskap vart dei fleste berga.


1940-1945 - Forlis under 2. verdskrig Sjå: · Krigshistoria i Selje · Sanct Svithun-forliset

1944 Fiskeskøyta ”Flyvefisken” gjekk ned med fire mann på hålinefiske utanfor Stad. Truleg gjekk den på ei mine.

1953 I januar 1953 vart fiskebåten "Stavnes" frå Stadlandet pårent bakfrå av ein lastebåt mellom Haugsholmen og Åramsundet nord for Stad. Alle dei åtte ombord på "Stavnes" omkom. Fiskebåten var på veg heim etter å ha lossa sild i Sandshamn då ulukka hende.

1956 Forliset av "Brenning" i 1956 kravde 19 menneskeliv på Stadhavet. Fiskebåten Brenning frå Sørfold i Nordland gjekk rundt, og redningsmannskap kunne høyre bankesigsnala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land.

1971 Linebåten ”Seilfjell” frå Silda i Vågsøy kommune forliste 2. januar på Vikingbanken. Ni mann omkom, tre av dei frå Rundereim i Selje.

1976 I 1976 omkom to av mannskapet då det kjende forskingsskipet "Helland Hansen" forliste og sokk ved Svinøy like nord for Stad.

1983 Ein mann miste livet då trålaren "Kågtind" kolliderte og sokk utanfor Selje.

1983 Fire mann omkom då tørrlasteskipet "Raunefjord" forliste og sokk utanfor Selje.

1984 To personar omkom då tørrlasteskipet "Sun Coast" forliste og sokk utanfor Selje.

2003 Det heilt nye hurtigruteskipet "Midtnatsol" fekk problem utanfor Bukketjuvane med 161 passasjerar og mannskap ombord. Skipet var 150 meter frå å drive på grunn på skjera Bukketjuvane ved Stadlandet då skipet fekk motorstopp. Hendinga skjedde 14. desember 2003. Det bles full storm, og ankera tok feste i siste liten.


NB: Denne artikkelen er endå ikkje å ansjå som komplett. Har du meir informasjon må du gjerne legge det inn, så vert selje.info enda betre!


Kart

<googlemap lat="62.078099" lon="5.226996" type="map" height="300" width="450" zoom="9"> 62.158603,5.009941, Klikk her: Stadhavet </googlemap>


Kjelder

1. Fylkesleksikon Sogn & Fjordane

Eksterne lenker