Historie

Frå Selje.info
Versjonen frå 21. juli 2010 kl. 17:32 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Forhistoria til Selje er svært innhaldsrik. Få kommuner i Noreg kan vel skilte med so mange viktige spanande historiske hendingar som Selje kan.

Selje Kloster

Størst av alle dei historiske høgdepunkta er vel kanskje den historia Selje Kloster fortel. Klosteret på vestsida av Selja er mest truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Historia fortel om den irske kongsdottera Sunniva som rymde frå heimlandet då ho skulle giftast bort til ein vikinghøvding. For meir om Selje Kloster, klikk her: Selje Kloster

Olavskrossen

Ei anna viktig hending i Selje-historia skjedde ved OlavskrossenDragseidet i år 997. Då samla Olav Tryggvason stormenn frå fire fylke på Kongshaugen på Dragseidet for å kristne dei. For meir om Olavskrossen og kristninga av fire fylke, klikk her: Olavskrossen

D/S Sanct Svithun

Under andre verdskrig, i 1944, vart hurtigruteskipet D/S "Sanct Svithun" ved eit mistak bomba av allierte fly. For å lese meir om dette, klikk her: Sanct Svithun

Klær

I Selje var det normalt med ett stolpe mønster på stolpetrøyer som ble brukt på 1800-tallet.

Folkedrakten som folk i Selje er knytt til er Nordfjordbunaden.

Folketeljingar i Selje

I Noreg er det gjennomført fullstendige systematiske folketeljingar sidan 1769. I 1769 vart også kvinnene talde med, berre dei yrkesmilitære er haldne utanfor. I motsetnad til dei eldre manntala inneheld denne teljinga ingen individualopplysningar, berre dei prestegjeldsvise summariske data om alder, kjønn og yrke er tekne vare på.

På 1600-talet vart det ført manntalslister som berre inneheldt opplysningar om menn eller kvinner som hadde eigen gard.

Også i Selje kommune har Statistisk Sentralbyrå opp gjennom tidene gjort ulike folketeljingar. Ei av disse er folketeljinga i frå 1960. Les meir om denne med å klikke her.

Underkategoriar

Kategorien har desse 4 underkategoriane, av totalt 4.

Artiklar i kategorien «Historie»

Kategorien inneheld desse 6 sidene, av totalt 6.