Julius Cæsar Hartmann

Frå Selje.info
Versjonen frå 17. juli 2010 kl. 17:13 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)

Julius Cæsar Hartmann (1885–1969) var kjent for sine måleri, spesielt mange med landskapsmotiv.

Julius Cæsar Hartmann vart fødd i Selje den 2. mars 1885 og døydde i 1969.

Han skal ha vore ei tid i Kanada og mange av motiva er herfrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart malte på oljedukar i staden for lerret. Dette har ført til at mange av maleria har gått tapt ved at malinga flassar av.