Hove skule

Frå Selje.info
Versjonen frå 27. desember 2010 kl. 17:01 av Even Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Knut Halvorsen, ansett i Selje kommune som klokkar og lærar i 1862, var den første i Selje kommune med lærareksamen. i 1864 vart det bygd kombinert klokkarbustad og skulestove. Dette huset brann ned 1882, og tre av klokkarborna brann inne.

I 1926 vart det tatt i bruk nytt skulehus i Hove, det som i dag er kjent som Hove skule (eller Gamleskulen). Bygget vart bygd på dugnad. "Gamleskulen" var i bruk heilt fram til 2005, då den vart stengt grunna dårleg stand på bygninga og helsefare. Frå 1970 var skulen i bruk saman med nye Selje skule, og etter 2005 er det berre nyeskulen som har vore i bruk.

Elevtall ved Hove Skule

År 1891
1. klasse Gutar 14 stk. Jenter 14 stk. Tilsaman 28 stk.
2. klasse Gutar 7 stk. Jenter 13 stk. Tilsaman 20 stk.
3. klasse Gutar 9 stk. Jenter 11 stk. Tilsaman 20 stk.

År 1901
1. klasse Gutar 16 stk. Jenter 9 stk. Tilsaman 25 stk.
2. klasse Gutar 14 stk. Jenter 8 stk. Tilsaman 22 stk.
3. klasse Gutar 10 stk. Jenter 10 stk. Tilsaman 20 stk.

År 1905
1. klasse Gutar 17 stk. Jenter 15 stk. Tilsaman 32 stk.
2. klasse Gutar 12 stk. Jenter 11 stk. Tilsaman 23 stk.
3. klasse Gutar 9 stk. Jenter 10 stk. Tilsaman 19 stk.