Lars Barmen

Frå Selje.info
Versjonen frå 13. juli 2010 kl. 15:33 av Stian Elde (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Lars Barmen fødd 1962 på Barmøy, busett i Oslo. Meisterkokk. Barmen er kjend som fjernsynskokk på NRK 1 gjennom fleire år med programmet ”Barmeny”. Barmen har røyns…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Lars Barmen fødd 1962 på Barmøy, busett i Oslo. Meisterkokk. Barmen er kjend som fjernsynskokk på NRK 1 gjennom fleire år med programmet ”Barmeny”.

Barmen har røynsle som kokk frå fleire austasiatiske restaurantar og frå fem år på gourmetrestauranten Bagatelle i Oslo.

Lars Barmen vart kåra til Årets kjøkkensjef i 1998 og har vore medlem av det norske kokkelandslaget i meir enn 12 år.

Han har m.a. gjeve ut kokebøkene ”Norsk sjømat”, ”Norsk mat”, ”Koke ute”, ”Barmens Grill” og ”Barmens kjøkkenskole”.

Kjelder

Fylkesleksikon Sogn & Fjordane