Sanct Svithun

Frå Selje.info
Versjonen frå 13. juli 2010 kl. 16:52 av Even Elde (diskusjon | bidrag)
Motiv kapellet i Ervik. Foto: Even Elde

Hurtigruta D/S "Sanct Svithun" var i 1944 bomba av britiske fly utanfor Ervik. Lokalbefolkninga i Ervik gjorde ein heltemodig innsats ved å dra ut på havet i små båtar i full storm for å redde overlevande. Skipsklokka frå D/S «Sanct Svithun» heng i dag i kapellet i Ervik. Kapellet er bygd som minne om dei omkomne.