Skilnad mellom versjonar av «Prestegarden (Bruk)»
s (Stian Elde flytte sida Prestegarden til Prestegarden (Bruk) utan å lata etter ei omdirigering) |
|||
(2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
[[Category:Gardshistorie]] | [[Category:Gardshistorie]] | ||
[[Fil:Prestegarden1.jpg|thumb|455px|]] | |||
'''Prestegarden''' er bruk nummer 1 på gard nummer 56 [[Hove]] i [[Selje]]. | '''Prestegarden''' er bruk nummer 1 på gard nummer 56 [[Hove]] i [[Selje]]. | ||
Line 6: | Line 7: | ||
<gallery> | <gallery> | ||
Fil:Prestegarden2.jpg|Foto: Marcus Wøldike Noodt, 1866 | |||
</gallery> | </gallery> | ||
Siste versjonen frå 20. januar 2017 kl. 22:09
Prestegarden er bruk nummer 1 på gard nummer 56 Hove i Selje.
Bildegalleri
Om bebuarane på Prestegarden
Peder Gottfriedsson (ca. 1500-1561)
Var prest i Selje på 1500-talet. Skal ha vore den siste katolske presten i Selje, og gjekk over til den nye læra.
Abel Olufsson (1552 - 1627)
g. Else Dideriksdotter
Var prest i Selje frå 1588 til 1612.
Mogens Abelsson
Vart prest i Selje etter far sin, Abel Olufsson.
Knud Nilsson Bang
Var prest i Selje frå 1614 til han døydde i 1630.
Isach Jørgensson (ca 1600 - 1647)
g. Maren Sørensdatter Friis.
Jakob Rasmusson Studt (1619-1659)
g. Maren Sørensdotter Friis.
Var prest i Selje 1647-59.
Det var Studt som fekk kyrkja flytta frå Bø til Hove. Sundt var kjent for å vere svært kunnskapsrik, og vart mellom anna brukt til å tyde innskrifter på gamle bautasteinar på Giske.
Peder Ananiasson
g. Maren Sørensdotter Friis.
Var prest i Selje frå 1659 til han døydde.
Nils Hansson Bugge (d. 19.05.1668)
g. Maren Sørensdotter Friis.
Peder Nilsson Harboe (1635 – 1703)
Var prest i Selje frå 1668.
Claus Johansson Frimann (21.03-1666 – 09.12.1715)
g. Anna f. Harboe
Born:
- Else Catharine Frimann (ca. 1700 - ?)
- Anne Margrethe Clausdatter Frimann (1702-1775)
- Drude Frimann (1705 - ?)
- Peder Harboe Frimann (1713-1759), sokneprest i Selje
Født i Kvinnherad. Døde i Selje. Var prest i Selje frå 1709 til 1715.
Diktarpresten Claus Frimann var sonesonen til Claus Johansson Frimann.
Søren Madsen (1686 – 1742)
g. Anna Harboe Frimann (dotter til Peder Harboe, enkje etter Claus Frimann.)
Født i Korsør i Danmark. Døydde i Selje.
Han var prest i Selje frå 1716 til 1742.
Peder Harboe Frimann (25.06.1713 – 18.06.1759)
g. Sara Cold (1714–1800)
Han var prest i Selje frå 1745 til 1759.
Born:
- Claus Frimann (1746-1829), prest i Davik
- Johan Frimann (ca. 1750 - ?), stadslege i Trondheim
- Peder Harboe Frimann (ca. 1752-1839)
- Isaach Severin Frimann (ca. 1755 - ?), sokneprest i Overhalla
Gabriel Heiberg (1769–1838)
Var prest i Selje 1806-1826.
Gabriel Heiberg hadde og «distriktskommandoen» over det lokale sjøforsvaret under to engelske fregattars angrep ved Silda i 1810.
Wilhelm Frimann Koren (1801-1891)
Var prest i Selje frå 1826 til 1875.
Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år. Første ordføraren i Selje. Sat som ordførar i periodane 1837-1843 og 1850-1857.
Johan Daniel Stub Landmark (1820–1882)
g. Elisabeth Laurense Rein (dotter av Eidsvollsmannen og diktarpresten Jonas Rein)
Prest i Selje frå 1875 til han døydde i 1882. Lærebokforfattar og skogreisar.
Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (21.07.1834 – 08.03.1913)
Var prest i Selje frå 1883 til 1910. Fjorten av desse åra var han prost for Nordfjord.
Frå Ørskog, busett i Selje. Lærar, prest og politikar. Strømme var og prest først i Kautokeino (1867-1870) og Talvik (1870-1877) i Finnmark, før han i 6 år var sokneprest i Hærøy på Sunnmøre (1877-1883).
Strømme var og kjend som politikar. Både i Kautokeino og Talvik var han ordførar. I Selje sat han om ordførar 1892-1895. I dei to stortingsperiodane 1892-94 og 1895-97 stod han på fyrste varaplass, møtte på tinget både i 1893, -94, -96, -97. Fast stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus 1898-1900. 1893-94 var medlem av næringskomite nr. 1, på dei seinare tinga var medlem av protokollkomiteen.
Reiel Nybø (1869–1938)
Prest i Selje og prost i Nordfjord frå 1925 til 1936.
Tungesvik
Prest kring 1952.
Bjørke
Prest i Selje kring 1953-54. Jobba som prest fram til han døydde på prestegarden.
Eidem
Prest i Selje kring 1960.
Bertel Olai Botnevik
Prest i Selje kring 1970.
Erling Nerheim
g. Eldrid Nerheim.
Prest i Selje frå 1976 til 1991. Flytta frå Selje til Tingvold der han starta som prost i 1991.