Otnes (Gard)

Frå Selje.info
Versjonen frå 20. juli 2010 kl. 19:23 av Per Magne Kjøde (diskusjon | bidrag)
Kjøde.jpg
Foto:
Bruka på Otnes
Bruk nummer 1 Bruk nr 1
Bruk nummer 2 Bruk nr 2
Bruk nummer 3 Indrebø
Fil:Otnes
(Foto: John Eley Kode, 1918)

Otnes ligg på eit nes som stikk ut op venstre side av Kjødepollen.

Eldste kjelda som nemnar garden er frå 1560-åra; skattemanntalet frå 1563 melder at Mogens Ottnes då legg 1 daler i skatt. Bispejordboka for 1585 melder at "Ottenes" då skatta 1 laup smør og 3 1/2 pund fisk ig låg til St. Jørgens hospital.

Landskylda var i 1626 1 pund smør 2 1/2 pund fisk, men vart i 1667 auka med 1/2 våg fisk, til i alt 2 våg fisk. I 1838 vart skylda sett til 5 skillingsdaler 2 ort 14 skilling, i 1886 brigda til 6,12 skyldmark.

Etter jordboka frå 1626 var garden då ei "ringe jord", og dei to brukarane hadde lite med midlar.