Prestegarden (Bruk)
Prestegarden er bruk nummer 1 på gard nummer 56 Hove i Selje.
Bildegalleri
Om bebuarane på Prestegarden
Peder Gottfriedsson (ca. 1500-1560)
Var prest i Selje på 1500-talet.
Jakob Rasmusson Studt (1619-1659)
g. Maren Sørensdotter Friis.
Var prest i Selje 1647-59.
Det var Studt som fekk kyrkja flytta frå Bø til Hove. Sundt var kjent for å vere svært kunnskapsrik, og vart mellom anna brukt til å tyde innskrifter på gamle bautasteinar på Giske.
Claus Johansson Frimann (21.03-1666 – 09.12.1715)
g. Anna f. Harboe
Born:
- Else Catharine Frimann (ca. 1700 - ?)
- Anne Margrethe Clausdatter Frimann (1702-1775)
- Drude Frimann (1705 - ?)
- Peder Harboe Frimann (1713-1759), sokneprest i Selje
Født i Kvinnherad. Døde i Selje. Var prest i Selje frå 1709.
Diktarpresten Claus Frimann var sonesonen til Claus Johansson Frimann.
Peder Harboe Frimann (25.06.1713 – 18.06.59)
g. Sara Cold (1714–1800)
Han var prest i Selje frå 1745 til 1759.
Born:
- Claus Frimann (1746-1829), prest i Davik
- Johan Frimann (ca. 1750 - ?), stadslege i Trondheim
- Peder Harboe Frimann (ca. 1752-1839)
- Isaach Severin Frimann (ca. 1755 - ?), sokneprest i Overhalla
Gabriel Heiberg (1769–1838)
Wilhelm Frimann Koren (1801-1891)
Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år. Første ordføraren i Selje.
Johan Daniel Stub Landmark (1820–1882)
g. Elisabeth Laurense Rein (dotter av Eidsvollsmannen og diktarpresten Jonas Rein)
Prest i Selje frå 1875 til han døydde i 1882. Lærebokforfattar og skogreisar.
Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (1834–1913)
Frå Ørskog, busett i Selje. Prest og politikar.
Erling Nerheim
g. Eldrid Nerheim.