Skilnad mellom versjonar av «Lesto (Gard)»

Frå Selje.info
Line 18: Line 18:
 
|data2  = [[Eide]] og [[Berge, Øvre og Nedre]]
 
|data2  = [[Eide]] og [[Berge, Øvre og Nedre]]
 
|header3 =  
 
|header3 =  
|label3  = Bruk nummer 2
+
|label3  = Bruk nummer 1
|data3  = [[Hansane]]
+
|data3  = [[nr 1]]
 
|header4 =  
 
|header4 =  
|label4  = Bruk nummer 3
+
|label4 = Bruk nummer 2
|data4   = [[Severingarden]]
+
|data4  = [[]]
 +
|header5 =
 +
|label5 = Bruk nummer 3
 +
|data5   = [[]]
 
|header5 =  
 
|header5 =  
 
|label5  = Bruk nummer 4
 
|label5  = Bruk nummer 4
|data5  = [[Solheim]]
+
|data5  = [[]]
 +
|header5 =
 +
|label5  = Bruk nummer 5
 +
|data5  = [[]]
 +
 
 
}}
 
}}
  

Versjonen frå 20. juli 2010 kl. 21:44

Lesto.jpg
Foto:
Bruka på Lesto
Lesto grensar til nabogardane Eide og Berge, Øvre og Nedre
Bruk nummer 1 Nr 1
Bruk nummer 2 [[]]
Bruk nummer 5 [[]]

Lestogardane (Gnr 64) (5 bruk) ligg på nordsida av Moldefjorden. Mot vest grensar dei til Berge og i aust mot Eide. Det er eit svært frodig område, men også dels svært tungdrive. Tidleg på 1970-talet kom ny riksveg mellom Eide og Hove, og mykje dyrka marka gjekk med i det anlegget. Berre eit av bruka er drive no (2010). Gardane har utmarksareal og torvteigar på høgdene mellom Lestogardane og Sandvik/Årsheim.

Folket her har også hatt fiskeri som viktig del av eksistensgrunnlaget sitt. Det er gode fiskeplassar langs Lestolandet, og Lestovika og Lesto-osen er spesielle i så måte. Der er dei best eigna stadene å setje landnota, og ein kan mest alltid rekne med å få "blankfisk" der. Fiskeri vart drive høvesvis heile året (kvar sesong hadde sine fiskeslag), men det viktigaste var nok vinterfisket etter torsk i Skåkja/Skårfjorden og havet vest av Stadhalvøya, og så vintersilda/storsilda. Farfar min fortalde etter sin far/farfar at mannfolka gjerne starta dagen kl. 04.00 vinterstid (gikk til Nabben der dei hadde plass for båtane), og var ikkje heime att før etter fjøsstellet om kvelden. Eit hardt liv for dei, men kva mental og fysisk styrke ei småbrukar/fiskarkone i storfamilie - med naturalhushald - måtte ha i den tida, det skjønar ein knapt i dag.

Kvar Lesto-namnet kjem frå og kva det tyder er usikkert. "Storm ved Stad" (Gry Hammer/Thomas Bickhardt) seier det kan ha noko med "list" (kant/smal tunge) å gjere. [Jfr. strandområdet Lista på Sørlandet]. Dette kan sikkert vere ei like bra forklaring som noko anna. Jakob Aaland fortel i si bygdebok at namnet i 1563 vart skrive Lesto. Men det har vore skrive på ulike måtar på dei ulike bruka opp gjennom tida, sjå m.a. Arthur Lesto: Ei slekt gjennom 350 år. I dag er tre variantar av namnet nytta av dei som ættar frå gardane: Lesto, Listhaug og Listou.

På Lestoneset er det registrert gravplassar frå tidlege tider. På sørsida av dette neset kan ein i sjøen sjå ein slags konstruksjon/formasjon som mange meiner er menneskeskapt. Det verkar som om det har vorte starta eit bru/veganlegg mot Hatleneset på sørsida av fjorden. I gardane var dette kalla "Monkebryggja", då det var ei ålmenn oppfatning at det måtte ha vore munkane i klosteret på Selja - usagt av kva grunn - som hadde prøvd seg på eit slikt prosjekt.

Diverse biletstoff o.a. om Lesto (mest om bruk nr. 1) på lesto.no.

19. juli 2010. Ola Lesto

Eksterne lenker