Skilnad mellom versjonar av «Kategori:Språkhistorie»
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
(2 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 2: | Line 2: | ||
I denne kategorien kan ein finne informasjon frå historia rundt språket og daglegtale i Selje. Dette kan vere jamvel både gode historier frå lokalsamfunna som ord og uttrykk som har vore brukt i daglegtalen. | I denne kategorien kan ein finne informasjon frå historia rundt språket og daglegtale i Selje. Dette kan vere jamvel både gode historier frå lokalsamfunna som ord og uttrykk som har vore brukt i daglegtalen. | ||
Teksten under er henta frå "Orda langs vegen" av Ola Lesto | Teksten under er henta frå "Orda langs vegen" av Ola Lesto, og er lagt ut her med løyve frå Ola. | ||
Ord og uttrykk frå ei faren tid | == Ord og uttrykk frå ei faren tid == | ||
Om talemålet på Ytre Lesto slik eg minnest det frå omlag 1945. | (Om talemålet på Ytre Lesto slik eg minnest det frå omlag 1945). | ||
Dei lever framleis - nokre av dei berre såvidt kanskje - desse litt særeigne, men for oss rett så velkjende | Dei lever framleis - nokre av dei berre såvidt kanskje - desse litt særeigne, men for oss rett så velkjende |
Siste versjonen frå 31. januar 2011 kl. 12:22
I denne kategorien kan ein finne informasjon frå historia rundt språket og daglegtale i Selje. Dette kan vere jamvel både gode historier frå lokalsamfunna som ord og uttrykk som har vore brukt i daglegtalen.
Teksten under er henta frå "Orda langs vegen" av Ola Lesto, og er lagt ut her med løyve frå Ola.
Ord og uttrykk frå ei faren tid
(Om talemålet på Ytre Lesto slik eg minnest det frå omlag 1945).
Dei lever framleis - nokre av dei berre såvidt kanskje - desse litt særeigne, men for oss rett så velkjende orda som så mykje har farga forståinga vår av tilværet og utviklinga vår. Raust har dei vore med og vist oss samanhengar, og medverka til vår oppleving av, og førestillingar om kvardagen sin rikdom og om livet sine mange sider. Høvesvis vert eit og anna av dei enno brukt av oss. Ein del av dei er kanskje også eksklusive for gardane her. I alle fall knyter eg nokre sterkt til personar og karakterar eg hugsar, men mange av dei er nok velkjende i andre bygdelag og - og dei kan vel dessutan finnast i ulike ordbøker. Og skulle dei ikkje vere så spesielle, så vil eg likevel ta til å skrive ned dei eg minnest - slik eg meiner å hugse dei herifrå, og freiste å vise uttale og konteksten deira her på Ytre Lesto. Eg legg ikkje inn noko øving på djuptgåande filologiske og semantiske forklaringar og tydingar. Til det har eg ikkje nok adekvat kunnskap.
I vår dialekt har m.a. vokallyd og endingar så mykje eigenart at mest heile talemålet gjerne kunne listast opp som spesielt. Slik er det vel eigenleg i store deler av bygde-Noreg. Særdrag å nemne hos oss kan t.d. vere nj og nje-endingane på hankjønnsorda. Sjølv om dei kanskje ikkje var brukt heilt konsekvent, var dei likevel rimeleg vanlege, som t.d. i “enj mannje”. Og apropos hankjønnsord: Når vi t.d. meiner å seie at ”han har sko på den andre foten” - så seier vi: ”Hanj ha sko på hinj fota”.
Eit anna døme er vokalen o. Som t.d. i “rone” i bosserone (vår variant av busserull), og i “ole-mose”. Her ligg uttalen mellom “o” og “å”, medan “o” i “bosse” har vanleg o-uttale. Vidare at “u” stort sett vert -o- slik at t.d. “tuftene” vert “toftinje”- at “e” ofte vert “æ” o.s.b. Så er det altså alle “inj”endingane då - og halvemåltendensane. Det fins ikkje bokstavteikn nok i alfabetet som gjer det mogeleg for meg å illustrere det eg meiner å høyre så vel i all denne “talemusikken”.
Farfar Ole sine foreldre kom begge frå Lesto. Far hans her frå garden (br.nr. 1). Mora Johanne ætta frå bruk nr. 5. Farsslekta har vore på garden i nokre generasjonar, jfr. onkel Arthur si bok, så farfar og min far vaks begge opp her på bruket. Farmor Alette kom frå Klokkarvikja/Nabben med aner m.a. frå Skårbø. Mor vaks opp på Berstad med foreldre røtte frå Barmen og Nordpoll. Som unge var far og mor utanfor heimen på respektive landbruksskule og husmorskule - noko som kanskje kunne verke på deira språkføring, men i alle fall vart summen av gardsfolket sitt talemål vårt ungane sitt også dei fyrste leveåra. I kva grad vårt talemål vart/er farga av moglege særdrag frå dei ulike gardar, bygder og tradisjonar har eg lite meiningar om. Men at det finst særdrag i talemålet bygdene imellom kan ein høyre enno i dag.
Sjølv om talemålet vårt sikkert har eit meir eller mindre spesifikt eurasisk ”urområde” så har kontinuerleg intern utvkiling over tid, og påverknad frå andre kulturområde gjort sitt til det målet vi oppfattar som vårt. Frå keltisk og angelsaksisk t.d. som i “livr” og “timbr”. Russisk og anna austeuropeisk påverknad er og velkjend - i alle fall sidan vikingtida. I tillegg ser vi trekk frå dei gamle verdsspråka gresk, arabisk og latin sjølvsagt. Språket sine vandringsvegar er mange og har ingen ende, så dei fleste talemål har absorbert ulik påverknad gjennom all tid. Men at målet vårt har sitt eigenlege opphav ein stad i farne tider, og nok har sitt mangslunge opphav frå ulike eksotiske himmelstrok tek eg altså ikkje med meir om her. Men kanskje kan vi seie at språket på Island er tilnærma vårt - som det var for om lag tusen/femtenhundre år sidan.
Så sterkt lokalprega dei enn kan verke gjev einskildord - av grunnar som nemnd - assosiasjonar om andre språk. Og sjå t.d. på vestlendingen. Om enn solid rotfest i kyst og fjordkultur, så og fyllt med rastlaus utferdstrang og svært så representativ i fedrelandet sine maritime tradisjonar frå gamalt. Dermed vart han og ein typisk mottakar og formidlar av impulsar og inntrykk frå omverda - både nært og fjernt - også språkleg.
At ulik kunnskap og skrivedugleik etterkvart vart meir og lettare tilgjengeleg og vanleg for folk flest gjorde og sitt til raskare utvikling /endring; no kalla ”modernisering” av talespråka.
Noko som fell i minnet mitt er vår lokale språklege kreativitet. Gutungane produserte ulike uttrykk, (sjå t.d. om ”jæpe”). På garden vart det også brukt mange spesielle ord for å omtale “skit og lort” på ein pynteleg og “fin” måte. Det fanst og “godkjende” fyndord og uttrykk i rikeleg mon, men desse høyrde vi ikkje nytta av foreldra våre. Kanskje var det for at ungane ikkje skulle leggje seg til mindre ønskverdige talemåtar av etiske årsaker. Eg trur årsaka var eit medvite ønskje om ein viss intellektuell standard i uttrykksform frå mor og far si side. Kanskje hadde slik omtanke óg religiøse overtonar. Her på garden vart vel resultatet noko tvilsamt uansett - ettersom farfar ikkje brydde seg særleg med omskrivingar: Ein drit var ein drit. Kva skulle den no elles vere?
Same ordet kunne verte nytta i svært ulike samanhengar, og kunne ha fleire underliggjande tydingar. Nyansar i lyding og tyding varierte etter brukaren si sinnstemning og situasjonen der og då, og eit ord kunne difor like lagleg nyttast i skjennepreiker som i koseprat.
I minnet kan einskildpersonar verte knytt sterkare enn andre til ulike ord. Har ein evne til å ordleggje seg vektig, og kanskje dominerer i eit avgrensa univers, vert språkbruken gjerne særskilt oppfatta og leiande for omgjevnadane - som tek etter. På det jamne rådde nok innvånarane her på bruket likevel over felles vokabular, men her som andre stader vart det brukt det med ulikt skjønn og med vekslande varsemd og finesse.
Det er kanhende “tolljfære” å ta seg føre med ei liste som den som følgjer nedanfor. Likevel: Talemålet er så mykje av ein sjølv, og har forma så mykje eins liv og levnad at eg synes det fortener forsøk på eit lite “minneskrift”.
Dessutan: I ei tid der heimlandet har hengd seg uhemma på ei aksellererande endringstakt, og det er ei globalisering av dei fleste tilhøve og omgrep, ”modernisering” av kommunikasjon og informasjon ikkje minst, verkar vårt eige nasjonalmål - som er eit minoritetsmål - og særskilt dialekten - å bli ein taparar. Dette fører til endå raskare utvikling (les: endring) av talemålet. Våre ord og vårt mål passar ikkje heilt inn lenger. Andre mål (ikkje minst engelsk) ”finn opp” nye ord og definisjonar for oss raskare enn vi sjølve. Med ei både nostalgisk og vemodig kjensle finn eg at det truleg er det på høg tid at “minneskriftet” vert realitet.
Eg tek ikkje med ord som t.d. “infruense” - som eg tykte dei sa - når influense var nemnd i gamle dagar. Eller at eg oppfatta “ofsedrope” som “oksedrope”. Følgjeleg må det seiast at det som vert presentert ikkje har garanti for at eg har høyrd, oppfatta - og no attfortel rett.
Det er og som alt nemnd uråd å attgje alle nyansar talemålet kan ha i einkvar situasjon. Ein del apostrofar og ytterlegare markering kunne nok hjelpe, men det får eventuellt kome til seinare. Eit ord tyder elles gjerne det ein vil det skal tyde - der og då, og tolkingane kan difor verte mange. Slik har det vel alltid vore i alle lokale talemål, så vel som i nasjonaltalemåla. Det er eit viktig omsyn å ha i mente når ein skal lære andre språk. Det er mykje ein bør kunne ”om folk og land” for å oppfatte eigenleg meining bak orda.
Når eg tek med nokre såkalla utnamn på somme personar tyder ikkje det noko negativt frå mi side. Det er berre ei konstatering av at slik heitte dei mann og mann i mellom - når dei sjølv ikkje var tilstades i alle fall.
Dei beste kjeldene eg kunne nytta i denne skriveøvinga er diverre borte no, og minnet må freiste å gjere sin eigen innsats. Eg har inspirert meg sjølv etter beste evne, m.a. med ein gjennomgang av: K. Muren 1989: “Stadnamn på Lesto”, Arthur Lesto 1990: “Ei slekt gjennom 350 år” og bror min Leif si ”Kvardagsliv på Lesto” frå 1994. Elles er det meste basert i nokre få eigne tilfeldige notatar og mitt eige meir eller mindre truverdige hugs.
Eg vonar at eg i samråd med syskena mine med tida vil få lista ”så lang som råd”, og takkar på førehand for medverknad. Det kan vel verte eit gjeremål utan ende, for i minnet dukkar dei jamt opp - nye “gamle” ord og uttrykk frå daglegtalen her på Ytre Lesto, og eg lyt sitere Søren Kierkegaard om dette å ha historia med seg og vedkjenne seg den:
“Livet må leves forfra men kan bare forstås bakfra”
Den gode Kierkegaard sine ord gjeld oss alle og einkvar. Det som hamna i “ryggsekken” vår - ordet ikkje minst- er av den varige “formuen” vår, og det er ein svært vesentleg del av oss sjølv, for sjølvforståinga vår og personlegdomen vår. Endå om vi utviklar oss heile tida er denne ballasta medgrunnlag for tankane og reaksjonane våre, våre oppfatningar og draumar, og for eksponeringa vår i livet sine mange og ulike samanhengar. Og dessutan:
Kanskje kan eit ord eller ei strofe - som t.d. her - vere med å løyse ut nye minne som vil supplere tankegodset vårt, og dermed ytterlegare kunne bidra til verifisering av tilfang til soga om dei som budde på - og som ættar frå Ytre Lesto.
Solvoll, Ytre Lesto 1998 – Myrabekkveien 13, Ålgård 2010
Ola Lesto
Artiklar i kategorien «Språkhistorie»
Kategorien inneheld desse 10 sidene, av totalt 10.