Heim

Frå Selje.info
Versjonen frå 23. oktober 2022 kl. 11:37 av Stian Elde (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Velkommen til Selje.info!

Fram til 01.01.2020 var tettstaden Selje kommunesenteret i Selje kommune, den nordvestlegaste kommuna i Sogn og Fjordane. Selje ligg på sørsida av Stadhalvøya. Selje er kjent for sin idylliske og ekstreme natur med sine kontrastar frå aulande folkeliv på Seljesanden i nydeleg, vindstille sommarveir til det brutale og urolege Stadhavet i vill orkan på vinterstid. I tillegg har og Selje eit stort historisk mangfald frå både nær og fjern fortid, og mange attraksjonar og ynda besøksmål ligg rundt i kring i vakre Selje .

Utsikt over Selje. Foto: Stian Elde

Fakta - tidlegare Selje kommune:
Areal: 235 km2
Folketal: 2752
Høgaste fjell: Kvamfjellet, 774 moh.
Største tettstad: Selje
Kommunenr: 1441

Translations of selje.info by Google Translate:
Britain-flag.gif English
Germany-flag.gif Deutch
France-flag.gif Français
Spain-flag.gif Español
Italy-flag.gif Italiano

Om Selje.info

Selje.info er oppbygd som ein Wiki. Dette betyr at alle som ynskjer kan bidra med relevant informasjon til sida. Vi vil oppfordre flest mogeleg til å gjere nettopp dette - slik at informasjonen blir breiast mogeleg.

Selje.info er ei uavhengeg informasjonssamling for kommuna og tettstaden Selje. Denne informasjonssamlinga er tiltenkt såvel fastbuande som tilreisande og andre interesserte. Sida er i høgaste grad etablert og drifta som eit privat initiativ, og informasjonen her er derfor ikkje å sjå som offentleg informasjon på nokon måte.

Primærmålet for Selje.info er å samle mest mogeleg informasjon om Selje på ein stad. Dette kan vere informasjon som gjeld lokalhistorie, bygdehistorie i kommuna, turistattraksjonar, sport og næringsliv i Selje, overnattingstilbod for tilreisande og offentleg fakta og informasjon. På denne måten kan Selje.info fungere som ei levande bygdebok for Selje, men samstundes og eit sosialt nettverk for informasjon, eit oppslagsverk og ei aktualitetssamling for alle interesserte.

Sponsorar

Hovedsponsor Nabben Inn


Kart

Laster kart...

Oversikt